| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 
 
 
 

 

Statistikk om journalistikk

Det er vanleg at journalistar siterer feil og bruker for mange ord. Like klart ser det ut til å vere at journalistar har eit liberalt språksyn. Og blikket til avislesarane går ikkje heilt slik mange avisfolk trur…

Sitatfeil er vanlege

Undersøkingar av feil i artiklar syner at intervjuobjekt påviste feil i mellom 40 og 65 prosent av artiklane dei var siterte i! Desse undersøkingane er rett nok frå USA og Danmark i åra rundt 1980, og kanskje ikkje overførbare til norske forhold. Likevel: Ein tredel av feila var objektive, udiskutable feil, som feil i namn, tal, titlar og tids- og stadstilvisingar. Resten av feila gjaldt det kjeldene meinte var mangelfulle og fordreidde sitat. (Kjelde: Fejl i citater av Mogens Mejlby)

Dagsnyttspråket er sakleg

138 journaliststudentar ved Høgskulen i Volda skulle krysse av for kva inntrykk dei fekk av ein Dagsnytt-bulleteng. Innhaldet vart vurdert som sakleg og truverdig av eit fleirtal, medan få syntest det var kritisk, autoritært og tungt tilgjengeleg. Eit fleirtal meinte avviklaren var dyktig, erfaren og truverdig, medan få meinte ho var vennleg og engasjert. Få meinte elles språket var tungt og partisk, og nesten alle syntest at språkbruken var sakleg. (Kjelde: Dagsnytt: ikkje kritisk, ikkje partisk, men sakleg, www.hivolda.no/jpv)

Spar på orda!

Ei undersøking frå USA viste at ingressane var tyngre enn brødteksten! Ei-setningsingressar var ofte tunge, og tosetningsingressar var regelen. Gjennomsnittslengda på setningane i ingressane var frå 17 til 25 ord, i brødteksten 18-20. Når snittlengda til setningane i ei sak var under åtte ord, så forsto alle innhaldet. 90 prosent forsto setningar på 15 ord, 75 prosent forsto setningar på inntil tjue ord. Prosentdelen var nede i 62 når setningane var på inntil 25 ord , og under halvparten, 48 prosent, fekk med seg innhaldet i setningar på tretti ord. Idealet i USA er nitten ord per setning, som hos oss (Gillman, Timothy: The problem of long leads in news and sports stories. Newspaper Research Journal no. 15. Fall 1994)

Eit apropos: Formuler deg kort

Da Per Borten måtte gi seg som statsminister i 1972 (rett: 1971, JPV) kom en journalist fra politisk avdeling i NTB løpende inn til redaksjonssjef Giverholt med følgende il-melding, klar til utsendelse: ”Borten går av”.

- Hva skal all denne langhalmen være godt for, gryntet Giverholt. Før han strøk ordet ”av”. (Frå Den andre pressehistorien av Sven Egil Omdal (red.))

Dette ser avislesarar i USA på

80 prosent - flotte illustrasjonar, 75 prosent – fotografi, 56 prosent – overskrifter, 52 prosent – reklame, 31 prosent - korte nyheitssaker, 29 prosent – bildetekstar. 25 prosent les brødteksten.

Slik går blikket til avislesarane:

1. Bilde blir sett først

2. Så les dei overskrifta

3. Først no blir bildeteksten og bildet sett

4. Til sist les dei ingressen og kanskje noko av brødteksten.

(Kjelde: "Eyes of the news", Poynter Institute, USA 1990)

Journalistar er språklege forbilde

Over 95 prosent av dei spurde i ei undersøking frå 2000 om språkhaldningar var heilt eller ganske einige i ein påstand om at dei er språklege forbilde. Undersøkinga vart gjennomført blant norske journalistar i etermedia. Litt over seksti prosent såg på seg sjølve som svært språkbevisste, og over ein tredel var middels språkbevisste. Ca. åtte av ti meinte at språkreglar er svært eller ganske viktig for språkbruken deira. Om lag sju av ti meinte at eiga språkkjensle og eigen dialekt er svært viktig for det språket dei bruker på lufta. Om lag 55 prosent meiner at kollegaene er viktige for språket dei bruker. Tidspress og tidsmangel påverkar språket til om lag to tredelar av journalistane ofte eller av og til. Språket til kjeldene påverkar språkbruken ofte eller av og til hos litt over halvparten av informantane. (Kjelde: Når skrift er tale av Jon Peder Vestad)

Språkleg liberale journalistar

Journalistar ønskjer inga stram språknorm. Åtti prosent av nynorsk- og bokmålsbrukarane som tok del i ei haldningsundersøking ønskte at norma for talt bokmål og nynorsk skal vere vid og rettleiande. Litt over seksti prosent ønskte at normene for nynorsk og bokmål skal vere liberale og nærme seg kvarandre. Det samsvarer med resultatet frå ein påstand om at valfridommen i nynorsk og bokmål var for stor. Over seksti prosent var heilt eller ganske ueinige i at det er slik. I rikssendingar ønskte om lag halvparten at ein skal bruke normert språk. Men eit fleirtal ønskte samtidig meir unormert språkbruk i etermedia. Over halvparten meinte dette, rett nok med ein større dialektmotstand blant dei som brukte bokmål.  (Kjelde: Når skrift er tale, Vestad 2001)

Ved Jon Peder Vestad

Lagt ut på nettet 17. juni 2002

   
 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |