Stabburet
- lagerplass for artiklar
som avgjort er forelda.
**Den multikulturelle KIBNEB-festivalen
i Lensvika i Sør-Trøndelag 11.-14. juli 2001
Digital
kringkasting: Kva skjer eigentleg?
For
andre år på rad blir det seminar om digital kringkasting ved Høgskulen i
Volda. Omgrepet
’digital kringkasting’ blir tolka vidt. Det dekkjer den medieverda vi
lever i, og emnet for seminaret er rett og slett: Kva skjer eigentleg?
Det er ikkje dei luftige vyane, svartmåling eller prat om store summar det
skal handle om, men det som faktisk skjer.
Ivar
Aasen-tunet opna med sol og song
Då nynorsken kom til verda var namnet på høgtida da Nynorsk
kultursentrum opna i Ivar Aasen-tunet i Ørsta i juni 2000. Og denne
tilstellinga synte nynorsk livskraft og mangfald, ikkje minst gjennom den
nye allsongen Fang sommarens ange i natt og ræppen Det e` so
gale.
Digital
kringkasting - seminar i Volda 2. – 3. november 2000
Internettet er både ein konkurrent
til tradisjonell kringkasting, og eit nytt medium som etablerte medieaktørar
kan kringkaste i. Både forskarar og bransjefolk treng meir forståing
av det som vert kalla ’webradio’, ’web-tv’ eller ’nettkasting’. Dette seminaret
tek for seg journalistikken i den digitale medieverda. Seminaret er gratis
og ope for alle.
Boksnusk
frå Haug Forlag
Kva skal ein seia om eit
forlag som utan løyve trykkjer opp ei bok, sel ho for ein god pris
og så krev pengar av dei som sit med rettane? Det gjorde Haug
Forlag. (No er visst alt i orden!)
Kommunen
vil berge Toten-målet
"Å vara
hæll itte vara totning - å vara hæll itte vara i væla"
kan ungdom i Østre Toten skrive om som eitt av tiltaka for å
halde totenmålet levande. Dei kan sjølve velja sjanger, og
skriv såklart dialekt.
Inntrykksrik
Bjørnsonfestival
Den litterære
storhendinga på Nordvestlandet fyrst i august 1998 hadde få
tilreisande og eit allsidig program. Göran Tunström var i slag,
Kjell Arild Pollestad og Steinunn Sigurdardottir var artige og Kjartan
Fløgstad poengtert. Men kva hadde Anne Holt på krimkvelden
å gjera?
Nytt
program for Dei Nynorske Festspela
Styret for Dei Nynorske
Festspela vedtok rett før festspela begynte i september 1999 å
korte ned på programmet. Den daglege leiaren for festspela vart sjukemeld,
og da viste det seg at festspelleiinga ikkje makta å gjennomføre
den nynorske kulturmønstringa som planlagt.
Festspel
på trass
På opninga av Dei Nynorske
Festspela 1999 sa kulturministeren at lokalsamfunnet må "eige" festspela.
Tre dagar før spela skulle ta til halverte eit anonymt og
lite lokalt styre det som skulle vera årets nynorskhøgtid,
og skulda på ein sjukemeld tilsett. Lyrikaren Åse-Marie Nesse
redda festspela i Ørsta og Volda frå full fiasko.
Nyttig
nynorskkurs
Nyttig var ordet ein deltakar
brukte om kurset i normert nynorsk som Kringkastingsringen stelte til i
Volda fyrst i november. Kurset var forfolk som vil bruke nynorsk i radio
og fjernsyn, og det vart avslutta med eit timesprogram på Bygderadio
Vest.
Etterlyser
nynorskbrukarar i etermedia
Eit spørjeskjema
knytt til forskingsprosjektet "Når skrift er tale" vart i romjula
1999 sendt til over 250 redaksjonelle medarbeidarar i radio og fjernsyn.
Men - truleg er det ein del nynorskfolk i lokale radio- og fjernsynsselskap
som ikkje fått skjema. Dei blir no etterlyst.
Kibnebfestivalen 2000
i Trøndelag: Her
finn du heile programmet!
Ivar
Aasen-tunet opna med sol og song
Då nynorsken kom til verda var namnet på høgtida da Nynorsk
kultursentrum opna i Ivar Aasen-tunet i Ørsta i juni. Og denne tilstellinga
synte nynorsk livskraft og mangfald, ikkje minst gjennom den nye allsongen Fang
sommarens ange i natt og ræppen Det e` so gale.
Jordbær
og Strawberry Fields på Kibnebfestivalen 2000
Operaen Jordbær-Liv er hovudattraksjonen på Kibnebfestivalen i
Lensvik i Agdenes. Elles byr festivalen på alt frå folkemusikk til Mozart og
Beatles. Denne spesielle "dugnaden" blir arrangert 13.-15. juli med
utgangspunkt i garden Kibneb, midt i det trøndske jordbærriket
Nynorskpris
til bosniar
Den bosniske lyrikaren Merima Maja Brkic frå Årdal har fått
Sunnmørsprisen 1999. Dette er ein pris som går til ein forfattar som bruker
ein rik og levande nynorsk i litteratur som er tilgjengeleg for folk flest.
Den
rette miksen
Den som les Jul på Sunnmøre 2000, får ikkje berre eit par timars
kosestund med heftet, men også ein god porsjon lærdom.
Jon
Peder Vestad, 5.6. 2001.
|