| |
|
Språkdrag
i nyheitstekstar på nynorsk frå NRK radio 1960-1999
For
å finne ut korleis nynorskjournalistar i NRK faktisk har nytta nynorsken og
sjå kva det kan fortelja oss, har eg i doktorgradsprosjektet mitt analysert
innslag frå tre periodar mellom 1960 og 1999. I materialet finn vi opptak frå
nyheits- og aktualitetssendingar i radioen. Dette notatet inneheld eit
forenkla oversyn over materialet.
I
materialet er det 127 innslag med i alt vel 4 ½ time med nynorsk tekst. Til
saman 56 NRK-medarbeidarar med nynorsk bruksmål er å høre. Frå opptaka har
eg notert mulege avvik frå læreboknormalen for nynorsk og særdrag ved språkbruken.
I analysen har eg m.a. villa kartleggje i kva grad NRK-medarbeidarane har valt
å sjå bort frå norma og nynorske stilideal, og om dette endrar seg noko i
dette tidsspennet. Eg vurderer også materialet ut frå geografisk bakgrunn
hos språkbrukarane og redaksjonell tilknyting.
Utdjuping
I
dei knappe 40 åra materialet kjem frå, har NRK hatt fire sett språkreglar.
Dei fyrste reglane kom i 1959, og etter dei kunne medarbeidarane bruke både
hovud- og sideformer. Reglane frå 1973 seier romsleg at ein skal halde seg
til "den offisielle rettskrivning". Men både på 1960-talet og på
1970-talet var det likevel vanleg å halde seg til læreboknormalen.
Regelsettet frå 1982 gjev kjørereglar for dialektbruken, og slår fast at
ein skulle "i hovudsak bruke eit språk som ligg innafor læreboknormalen".
Det same gjeld reglane frå 1996. I normtradisjonen for normert nynorsk tale i
NRK har det vore rom for eit visst personleg preg heilt sia 1930-talet.
Materialet
kjem frå 1960 til 1970, frå 1982 til 1984 og frå 1998. Grunnen til at
periodane er ulike, er at berre spesielt interessant historisk materiale er
lagra frå den fyrste perioden. Også på 1980-talet vart mye sletta. På
1990-talet begynte NRK å ta vare på alt. Med denne ujamne inndelinga fekk eg
materiale som var om lag like langt frå kvar periode. Det har au vore viktig
å finne innslag som kunne samanliknast. Bortsett frå i meldingsteneste og
annonsering, er det berre i nyheitssendingar NRK har stilt krav om bruk av
normert språk heile denne perioden. Eg har henta innslag frå nyheits- og
aktualitetssendingar som Dagsnytt, Aktuelt, Ukeslutt og Søndagsavisa, og
nokre andre nyheits- og aktualitetsprogram.
Grensegangar
Dialektinnslag
er eitt av dei språkdraga eg har hørt etter i opptaka. Det kan vera
problematisk å kalle noko dialekt, medan andre språkdrag som ikkje samsvarer
med nynorsknorma blir kalla lån frå eller samanfall med bokmål. Likevel har
eg måtta gjera eit skilje her.
Merksemda
mi har vore retta mot språkdrag som kan førast attende til dialekt og bokmål.
Eg har ikkje kartlagt ”korrekte” eller ”gode” døme, men mulege
avvik. Dette kan vera problematisk. M.a. blir jo språket i etermedia tilpassa
tale, og det kan føre til uttalemåtar som bryt med skriftnorma, men er
innarbeidde i uttale. Døme kan vere mangel på uttale av visse konsonantar (sian
= sidan, sto, ga, veldi) og samandraging av ord (ska-kje, e-kje). I tråd med
dette er det au vanskeleg å seia at uttaleformer som ’e’ for ’eg’ og
’er’ er normstridige. Godtatt dialektpreg er vidare at der skriftspråket
har e, kan vi høre e og æ (vera, væra), o kan vere uttalt o og å (opne, åpne),
og u både u og o (sukker, sokker).
Eit
anna forhold er at ord og former som finst i talemål, ikkje er godtatt i
nynorsk, men fell saman med bokmålet. I
gjennomgangen av har eg likevel hatt to etter måten faste skriftnormer å
vurdere språkbruken etter. Det gjer at avvik lettare blir knytta til bokmål
enn til dialekt, og materialet syner derfor eit maksimumsinnslag av muleg bokmålspreg.
Det overordna målet for arbeidet er å sjå korleis profesjonelle
nynorskbrukarar faktisk har nytta språket i ein relativt fast sjanger- og språkbrukstradisjon.
Om
materialet
I
alt er 127 opptak gått gjennom, 36 frå den fyrste perioden (F), 51 frå den
mellomste (M) og 40 frå den siste (S). Frå den fyrste perioden er det
analysert 90 minutt (89`55”; av eit materiale på om lag 6 timar 30 minutt),
den mellomste 90 minutt (90`10”; av eit materiale på 7 timar 15 minutt) og
den siste 87`25” minutt (av eit materiale som er på ca. fem og ein halv
time), dvs. om lag 4 ½ time materiale på nynorsk. Det er 16 personkjelder frå
1960-talet, 19 frå 1982-84, og 21 frå 1998. Ingen er med i opptak frå meir
enn ein periode.
Språkdraga
eg har notert er avvik frå læreboknormalen, særdrag ved språkbruken i
innslaget og spesielle uttaleformer. Ikkje alt av dette er ført vidare i
analysen, fordi funna kan vera usikre, ikkje kunne reknast som unnatak etter
ordbokssjekk, eller dei er eksempel på ein bestemt uttalemåte. Eg har brukt
ordbøker som gjaldt i dei ulike periodane for å kunne fordele klammeformer
og funn utafor nynorsknorma. Språkfunn som eg har vore usikker på, t.d. i
uttale av vokalar, har eg utelatt. Uttaleformer som er vanleg i normert tale,
er i tråd med det eg skreiv over som oftast ikkje førte opp. Det gjeld t.d.
stumme g-ar og d-ar, æ der skrifta har e, å der skrifta har o, osv. Funna er
som oftast skrivne i normert form. Når ein medarbeidar har hatt ei tydeleg
annleis språkføring i intervju enn i blokk, har eg utelatt språkdraga frå
intervjuet. Slik følgjer språkbruken i materialet i hovudsak den same,
normerte sjangeren.
Oversyn
over kategoriseringane
Materialet
kan ikkje brukast til å vise kor "dårleg" eller "godt"
det står til med nynorsken i etermedia. Det syner derimot kor vi finn avvik,
og kva slags avvik det er. Dessutan viser det språkdrag som kan seiast å
vera typisk skriftspråklege eller i tråd med ein innarbeidd, bokmålsdominert
nyheitstradisjon.
For
å skilja mellom ord- og formlån har eg sett på ordrota, den leksikalske
grunnforma. Ordfunn som er i strid med nynorsknorma, og som heller ikkje er
sideformer, er førte som ordlån. Det vil seia at substantivet ’havna’ er
ført opp som ordlån, fordi grunnordet ’havn’ ikkje finst i nynorsken.
Verbforma ’snakker’ er derimot ført opp som avvik i formverket, sia vi
finn verbet ’snakke’ i ordboka. Avvik i ordstammen (infinitiv, ubunden
form eintal osv.) av eit ord som fell saman med bokmål, gjer funnet til eit
ordlån. Det fører til at ei innarbeidd og normstridig infinitivsform som
’ville’ for ’vilja’ blir rekna som eit lån.
Språkbruk
som er innafor læreboknormalen, men likevel kan vera uvanleg, er som oftast
ikkje ført opp. Det gjeld m.a. adjektivforma ’mye’. Eitt språkdrag som
fell utafor læreboknormalen, men er innafor nynorsknorma, er adverbet ’nå’.
Anten ein ser på det som ei sideform eller ein uttalevariant av ’no’, var
det så vanleg at det ikkje vart notert. Dermed fall også ’ennå’ ut.
Noko anna eg ikkje har notert systematisk, er bruk av kløyvd
infinitiv.
I
materialet finn vi eksempel på språkbruk som det kan vere vanskeleg å
plassere i forhold til nynorsknorma. Det kan vera ord som ikkje finst i ordbøkene,
men som er sette saman av orddelar som er førte opp. Døme er somme fast
samansette verb. Dei finst i bruk, men ut frå ordbøkene burde dei reknast
som lån frå bokmålet, sia nynorsk har laust samansette verb i desse
tilfella. Eg har vurdert dette som ordlån tilpassa nynorsk, og skjønn har eg
au nytta i samband med ein del ordsamansetningar. Andre vurderingar som må
nemnast, er at palatal uttale av g og k (venjene, menneskje) er rekna til
uttalenorma for nynorsk, sjølv om dette kan vera eksempel på dårleg
kjennskap til nynorsknorma. Assimilert uttale av ’rn’ og ’rs’ til
’nn’ og ’ss’ er også rekna som uttaleformer innafor normtradisjonen (bånn,
fysst). Det same er ’te’ for ’til’, ’e’ for ’er’ og ’eg’,
’sjøl(l)’ for ’sjølv’ og ein del liknande tilfelle. Plassomsyn gjer
at eg ikkje kan komme meir inn på normtradisjonen for normert nynorsk talemål
enn det eg har gjort her. Avvikande uttale av talordet og artikkelen ’ein’
(med bøyingsformer) er elles rekna som avvik. For bokmålet sin del er eit
relativt konservativt bokmål målestav.
Gjennomgang
av funna
I
gjennomgangen av funna tek eg omsyn til dei rettskrivingsreglane som gjaldt
den aktuelle perioden. Eg skil mellom funn i ordtilfanget, funn i formverket
og funne formuleringsmåtar. I funna frå formverket markerer eg klammeformene
spesielt. Dei kan syne bevisste språkval. Funna i ordtilfanget er ordna etter
kva type avvik det er tale om. Dei funne formuleringane gjeld fyrst og fremst
enkel bunden form og genitivskonstruksjonar,
Somme
av funna som er med, har vorte brukte fleire gonger i eitt innslag, eller i
fleire innslag. I dette oversynet er dette slått saman og markert med eit tal
som viser minimumsfunn. Andre funn ser vi fleire plassar i oversynet, fordi
dei hører under meir enn ein av kategoriane eg har sett opp. Til sist vil eg
gjere merksam på at dette er eit forenkla oversyn. Statistikken eg viser til,
byggjer på det komplette materialet.
1.
GJENNOMGANG AV FUNN I MATERIALET FRÅ 1960 TIL 1970:
a)
Funn frå formverket
Verb:
Presens:
-
samanfall med bm.: snakker, verner
-
former tilpassa nynorsk: synst (2)
-
andre funn: set (sit, 2)
Preteritum:
-
samanfall med bm.: gjaldt (2), så
-
andre funn: ga (2)
Perfektum/partisipp:
andre funn: tilvåkse, me sate kån (vi sette oss), var våksne opp med
Klammeformer:
- samanfall med bm.: gikk
(2), legge, slåss (inf.), søker, tar (2), tatt, tenker
Samsvarsbøying:
a)
avvik ved hankjønn/hokjønn:
døra er --- stengt (2), ei kjent sak, Per Lønning utnemnt til biskop, den
yngste biskop som er utnemnt, den pressemeldinga som er sendt ut
b)
avvik ved fleirtal:
sendarane er utbygd, visse --- spørsmål blir vurdert, romsdalsslåttar
servert av, (dei) vart overrekt
Substantiv:
Hankjønn
i nynorsk:
-
avvik som samsvarer med bm.: deler, demonstrasjonsplakater, fanfarer,
folkemassene, konsekvenser (2), kontakter, kontrakter, kvalifikasjoner,
landsdeler, soldater, vasslanger
-
blandingsformer: arbeierane, indianera, palestinerane
-
andre funn: drakampen
Hokjønn
i nynorsk:
-
avvik som samsvarer med bm.: plattformen (2), liten sangglede
-
avvik tilpassa nynorsk: reformar
-
andre funn: ei gång (ein gong), ståga (stua)
Inkjekjønn
i nynorsk: - andre
funn: samfundet, åro (åra)
Klammeformer:
-
samanfall med bm.: bildet, innsetting (2)
-
andre tilfelle: gjestane
Pronomen:
-
klammeformer: me
-
samanfall med bm.: noe
-
andre funn:
denna, di (dei) (4), kån (oss), noken (nokon), nåko
(forklaring)
-
peikande istf. personleg pronomen:
den
(ordren) gjekk ut på, ei sams grense og den… , den endelige tiltalen – når
blir den offentleggjort?, framtida – den, komiteen – den
Adjektiv
og adverb:
-
klammeformer:
høgtidelig, umoglig
-
samanfall med bm.:
alvorlig, bare (2), folkelige (2), kongelige, kristelige, naturlig, vanlige
(2), vestlige, åndelig, levende, liten (sangglede)
-
andre funn: austanfrå, burt, nerafor, opphavelege, samen, sean (sidan),
so (så), søranfrå
Talord/artikkel:
tredde
(tredje)
Konjunksjonar:
ell
(eller)
b)
Funn i ordtilfanget:
Ordlån:
Verb:
beklage, bodd, bodde, forfulgt, fulgt, lytte
Substantiv:
bønn, foreningen (2), geriljakjemper, glassvegg, sangen, for Norges
vedkommende (berre adjektiv i 1965), øyeblikk
Pronomen:
samme (3)
Adjektiv
og adverb:
erfaren, foreløpig, forhåpentligvis, greit, kunstnerisk, mangfoldige,
respektløst, sammen, tilbørlig
Ordlån
tilpassa nynorsk:
Verb:
stevna
Substantiv:
anledninga
Adjektiv
og adverb:
berykta, ytterligare
Ord
med talemålsform:
ingen
Fast
samansette verb/partisipp: fastsett,
gjennomgår, ivaretek, offentleggjort, oppklara, overrekt, utbygd, utgreidd,
utnemnt (2)
Innhaldslån:
ingen
Namnelån: Filippinene,
Fiva gård, Kristelig Folkeparti (2), Norge (5), Norges (2), motivet ”Tro, håp
og kjærlighet”, Østersjøen
c)
Funne formuleringsmåtar:
Manglande
(dobbel) bunden form: nå
har tiltala site i fengsel, all den reiskap, aktor tek for seg, ein av dei
eldste og fremste mellom nordmenn her i landet, for å få møte den mann
som… , mellom dei to land, i den retning, dei aller beste inntrykk, kom
Gromyko inn på dei mest sentrale internasjonale problem, dei tunge våpen måtte
Vest-Tyskland få… , å forlate den politiske arena, til det norske folk, av
det norske folk, Det Kvite Hus (2), det tillitsvotum, …kan De,
justisminister, seie noko om den strafferamme…, er Di den yngste biskop som
er utnemnt, den kongelege eskadre, det mest originale innslag, som noverande
statsminister sa, den tid og dei krefter som vart brukte på denne saka, om
desse fysste landnåmsmenn, interessert i det beste samarbeid med
Eigedomspronomen
før substantiv: ein
xx følgde min gang, etter hans periode, frå sine allierte, i vårt hundreår,
få tilbake sine rettar og eigedommar, våre nordlege landsdeler, dei slo opp
sine telt
-s-genitiv
ved namn:
Tysklands krig, Vest-Tysklands systematiske, Hammaskiölds arbeid, Hammarskiölds
død, FNs krise, FNs pakt, Europas tryggleik, etter Røiselands innlegg, for
Norges vedkommende, Norges tryggleik, FNs kontroll, Malayas hovudstad, Malayas
statsminister, som USAs 36. president, Høgres parlamentariske leiar
-s-genitiv
ved substantiv:
menneskets herredømme, presidentens fly, presidentens prinsipielle programsyn,
ein nåbel fredens tenar, demokratiets heimland, dagens program
Garpegenitiv: ingen
Noterte
uttaleformer:
veggjene,
dø (= død) over heile jødefolket, ba (bad), færi (ferdig), Tjekkoslovakia
(/kj/), åppnå, e (eg), nåbel, gohog (godhug), menneskje, bånn og bånnebånn,
kånn (korn), fysste (fyrste), folkeønskje
2.
GJENNOMGANG AV FUNN I MATERIALET FRÅ 1982, 1983 OG 1984:
a)
Funn i formverket:
Verb:
Infinitiv
–
andre funn: sei (2), ver
Presens:
-
samanfall med bm: finner
-
former tilpassa nynorsk: synst (5)
-
andre funn: bli (2), grua, ha (2), he (har, 2), heite, helsa, hende, meine
(3), minne, reagere, ryme (rømmer), seie (5), sett (set), ska, snakka (3),
strøyme, tenkje (2), tru, ynskje
Preteritum:
-
samanfall med bm: falt, som vakte enorm applaus
-
former tilpassa nynorsk: leia
-
andre funn: arbedde, burte, dødde, føllde (2), va (4), yngste (ynskte)
Perfektum/partisipp:
-
samanfall med bm: kalt
-
andre funn: gidd (gitt), haldt, satt (sett), skreve (2)
Klammeformer:
a)
samanfall med bm: bygge,
fikk, gikk, legge (2), opptatt, tar (2), tatt (2), spørs
b)
andre tilfelle:
fenge, gjeng, legga, offentleggjøre
Samsvarsbøying:
a)
avvik ved hankjønn/hokjønn:
da meldinga --- blei kunng |