Til Vestads vevstad


Dei døde snakkar...

"Spiritisme, Troen paa, at der kan tilvejebringes en Forbindelse mellem levende Mennesker og afdødes Aander. Disse kan give sig til Kende paa forskellig Maade, for Exempel ved at skrive paa Tavler, ved Bankninger, eller ved Materialisation. Det synes, som om S. i den seneste Tid har vundet Tilhængere, hos hvem den af de sidste Aars voldsomme Begivenheder frembragte Spænding og følgende Afslappelse har foraarsaget en vis Hang til Mysticisme.»

Dette står å lesa i eit dansk leksikon frå tida etter fyrste verdskrigen. Utdraget krev ei presisering. Viss ein fyrst meiner det er muleg å «samtale» med dei døde, så vil det seia at dei døde faktisk er i live på ein eller annan måte. Trua på eit liv etter dette er ein føresetnad for å kunna tru på at spiritistisk kontakt er muleg. Her finn ein nok også mye av grunnen til at spiritistar gjerne vil at det dei driv med er forsvarleg eller rett ut frå ein kristen tankegang, og dei har åndekontakt som ein del av trua si. Ein annan grunn er at den spiritistiske tradisjonen som finst hos oss, har vakse fram i ein kristeleg kulturtradisjon. Alle katolikkar som bed helgenar eller jomfru Maria gå i forbøn for seg, har for så vidt også kontakt med dei døde...

Selskapsleik
I Noreg held spiritismen seg i skuggen. I andre land, som på Island og i Brasil, er han på ein heilt annan måte del av den velkjende verkelegheita. Hos oss er spiritisme noko ein ikkje snakkar høgt om at ein driv med, og blir av mange av dei som har vore borti det, mest rekna som ein selskapsleik. I ungdomstida er det mange som har ført glas frå bokstav til bokstav, utan at dei har vorte spiritistar av den grunn. Mange har tvertimot vorte skremde.
        På 20-talet var spiritisme «moderne» i Noreg, og ein av dei fremste talsmennene heitte Ludvig Dahl. Dotter hans, Ingeborg, var medium. I boka «Vi her! Nye psykiske oplevelser og studier» (Aschehoug 1930) fortel han frå seansar Ingeborg heldt, og forsvarar spiritismen også som kristen. Dei seansane Dahl skriv om, vart haldne heime hos han med få folk til stades, og han eller andre tok notatar frå det Ingeborg formidla frå dei døde. Ingeborg var medium for to av brørne sine, som hadde døydd nokre år tidlegare. I ei av seansane kjem broren Ludvig fram medan Ingeborg er i trance. Ludvig Dahl framstiller det slik:

Ingeborg som Ludvig og Ragnar
«23. december 1928 i Fredriksstad. Ingeborg ved planchetten.
Ludvig: Vi her. Vi har allerede været her en liden stund, og vi har frydet os over adskillige ting. Først og fremst over det pragtfulde træ som selvfølgelig aldrig tilnærmelsesvis har været saa vakkert som dette. Ak ja lad os holde traditionen ved lige; der maa vi ha lov til at gjentage os selv. Og naar det nu desuden er aller vakrest hvert aar! ---- Skulde været langt østenfor sol og vestenfor maane akkurat i øieblikket. Men om to minutter er vi der, og saa tar vi med os mindet om nok en festlig aften.
Ingeborg vaakner i trance.
- Han kysset mig paa kindet.»
        Interessant? Nei. Under seansen fortalde «Ludvig» at han og broren skal formidle julehelsingar til andre døde. «Ragnar» helser til mor si og fortel at dei har det godt, og i det heile er det mange ord og lite innhald i det som kjem fram. Ja, boka til Dahl skal vera eit forsvarsskrift for spiritismen, men verkar i grunnen heilt motsett. Eg kan ikkje sjå at Ingeborg som medium formidlar noko nytt, interessant eller verdifullt, - det er mest «godt vêr i dag»-prat.  Alt som kjem fram kunne Ingeborg ha visst, hørt eller tenkt seg til - boka beviser ikkje at det går an å ha kontakt med dei døde. Men det går sjølvsagt an å tru det.

Tidsomgrepet
Ludvig Dahl blir trekt fram her fordi han er ein eksponent for dei som er ukritiske og blinda av si eiga tru på spiritismen. Dermed blir han også lett å stemple som lite truverdig. Den amerikanske universitetsprofessoren og teologen John J. Heaney har skrivi boka «Dialog med det ukjente. Parapsykologi og kristen tro», og der gjer han grundig greie for mange slags overnaturlege fenomen. Han avviser ikkje at åndekontakt er muleg, og kjem med overtydande døme på at det har skjedd.
        I samanheng med evna til å kunna sjå inn i framtida, diskuterer Heaney tidsomgrepet. Ulike teoriar blir nemnde, eg har festa meg ved teorien om to slags tid. Teorien er utvikla av fysikaren Raynor Johnson. Han meiner at tid 2 er det eigentlege nået. Viss tid 2 er ein prikk midt i ein sirkel, og tid 1 er eit punkt som helst på sirkelen, så er alle punkt i tid 1 like langt frå tid 2 - det finst altså to tidsdimensjonar samstundes, og kommunikasjon frå den eine til den andre dimensjonen er muleg. I tilfelle der nokon meiner at døde kjem til seg med ein bodskap frå fortida eller framtida, kan dette vera ei muleg forklaring - viss ein aksepterer at slikt i det heile går an.

Ekspert utan å vera det
4. oktober 1930 styrta eit britisk luftskip. Direktøren for sivil luftfart var alt varsla om at det kom til å skje ei ulykke, og det av Eileen Garrett (1893-1970). Både i 1926, 1928 og 1929 hadde ho «sett» ulykka, og var overraska over at ho ikkje las om hendinga i avisene. Da ulykka hadde skjedd, heldt Garrett ein seanse med ein forskar og ein journalist til stades. Garrett var medium for ei «kontroll-ånd» som kalla seg Uvani, og skulle ha vore arabisk soldat i det fjortande hundreåret. Denne ånda snakka til vanleg det Heaney kallar arabisk-engelsk (korfor snakka ikkje ånda arabisk?) til reint britisk, presenterte seg som kapteinen på flyet, og sa mellom anna: «Flykroppen ble for mye for motoren.... bærevnen for lav.... høyderoret sitter fast.... oljeledningen tett.... vi har for lav høyde....».  Mange detaljer vart nemnde, og korkje Garrett eller nokon av dei andre hadde kunnskapar om luftfart.  Det vart også klart at mange av dei uttrykka som vart brukt under seansen, berre var kjende for ekspertar på luftfart. Eit stadnamn som ikkje fanst på vanlege kart, formidla mediet også. Førti ulike opplysningar av teknisk og konfidensiell art vart oppgitt, alle stemde - og talemåten mediet brukte, var lik kapteinen sin. Heaney spør om dette er eit eksempel på ekte kontakt med dei døde, og gjev eit ja.

Kva godt har «åndekontakt» å gje?
Skal ein tru det Heaney fortel, hadde Garrett sett noko før det skjedde, og prøvd å hindre det. Opplysningane ho formidla etterpå er eigna til å forbløffe. Det same kan ein ikkje seia om beretningane til Ludvig Dahl, og truleg heller ikkje til ja- og nei-svara norske amatør-spiritistar får når dei leiker seg med å flytte på glas etter å ha spurt åndene. Men det er dei siste tilfella som får mange til å avvise at ein kan ha kontakt med dei døde.
        I staden for å spørja seg om det er muleg, bør ein heller undre seg over korfor ein eventuelt skulle ha slik kontakt. Kva kjem utav det? I tilfellet Ingeborg Dahl er det grunn til å rekne med at åndekontakta (som eg trur var innbilling) var av terapeutisk karakter: Ved å vera medium for to døde brør, fekk Ingeborg halde ved like eit sysken- og familievennskap som vart avbrote for tidleg. «Åndekontakta» gjorde sorga mindre. Noko slikt kan ein ikkje seia om tilfellet Eileen Garrett, ho hadde inga eigennytte av synet sitt, bortsett fra blest, da. Dessverre har show-preget kring mange paranormale fenomen øydelagt den openheita eg meiner vi bør ha overfor usynlege delar av verkelegheita.
        Enkelte kristne grupperingar har vorte skulda for å vera livsfjerne, - dei er så himmelvende at dei glømmer å ta ansvar og ha omsut for det som skjer nå. Dette er ei heilt klar fare ved spiritismen, som er så ufruktbar at timar hos psykolog kan vera eit alternativ for somme, hagestell eller ein annan hobby for andre. Ut frå alt eg har lese om spiritisme vil eg seia: Det er noko der, men det er ikkje verd å oppsøke det.

Av Jon Peder Vestad

Artikkelen har stått på trykk i akt.



Til Vestads vevstad