All
India Radio - stor dekning og få (?) lyttarar
I India er det to medium
som gjeld, fjernsyn og avis. Ingen av dei mediefolka eg møtte i
landet sa dei brukte å høre på radioen, men derimot
uttalte dei seg temmeleg kritisk om All India Radio. På fire veker
hørte eg radio berre eit par gonger, men det kunne eg vel ikkje
fortelja radiodirektør Rao?
Vanskeleg,
men muleg å skrive kritisk i Kodagu Front
- Da vi ville skrive om ulovleg
hogst, vart vi bodne gratis tømmer. Vi skreiv, og mange mista arbeidet.
Men det er ikkje lett å skrive kritisk her, fortel G. Rajendra. Han
er redaktør i den sørindiske lokalavisa Kodagu Front, "The
Newspaper with a difference".
I
hinduistavisa Hosadigantha
Avisa Hosadigantha ligg lengst
ned i ein blindveg i eit kaotisk industriområde rett nord for byen
Mangalore i sørvest-India. Etter at vi har kjørt forbi nedslitte
bygningar og nokre kyr, kjem vi i styrtregn til avishuset der Aravind Bijor
er sjefredaktør. Her bruker journalistane det meste av tida si på
avskrifts- og omsetjingsarbeid.
Frå
frigjeringsmiddel til pengepresse
Mahatma Gandhi var journalist
og redaktør for to aviser. Nehru var også avisredaktør.
I India har politikk og journalistikk gått hand i hand, fortel Varadesh
T. Hiregange. Han er journalist i Deccan Herald, ei av dei store engelskspråklege
avisene i India. Hiregange meiner journalistikken i landet har utvikla
seg frå å vera eit verkemiddel i frigjeringa til å bli
eit produkt.
Volda-Mangalore
1-1
Høgskulen i Volda
har i fleire år samarbeidd med Mangalore University i den sørvestindiske
delstaten Karnataka.
|
- Du blir aldri rik
Det er ein handlesar som fortel meg det, i innlandsbyen Mysore i
den sørindiske staten Karnataka. Eg kjem aldri til å bli rik,
nei, men dei neste fem åra kjem til å vera svært spennande
for meg, seier spåmannen. Eg nemner ikkje at eg reknar med det same,
eg skal snart bli forskar på fulltid.
Det var i hovudgata i Mysore eg såg eit skilt som reklamerte
for astrologen og handlesaren Naveem Kumar. I eit lite, velstelt hus i
ei bakgate møter eg den tretti år gamle spåmannen, som
straks bed meg setja meg ned på golvet inne på "kontoret" hans.
Sjølv set han seg ned bak ein liten disk. Der ligg det nokre bøker,
og ved sida av han er det eit alter med flust av små gudebilde, offerskåler
og myntar. På dei raudmåla veggene heng det fargerike teikningar
av hindugudar, på golvet ligg det bastmatter.
Eg vinn og tapar
Naveem spør meg om eg vil ha stilt horoskop eller bli spådd
i handa. Eg vil det siste. Så spør han meg etter namn, og
eg skriv det ned for han. Han prøver å uttale det, og eg tek
det opp att i den engelske utgåva, John Peter. Det neste spørsmålet
er om kor gammal eg er, og deretter bed han meg leggje fram høgre
handa. Underlippa går litt ned, og eg er redd for at han ser noko
leitt. Han ønskjer å sjå venstrehanda mi au, den kvinner
vanlegvis blir lesne i, og studerer henne kjapt. Når han grip tak
i høgrehanda mi att, held han henne lett, mest under fingrane og
med den vesle bokstabelen til underlag.
- Du har ei lang utdanningsline, og ho er god, fortel han, men du har
hatt eit avbrekk i utdanninga. Nå er du i arbeid. Dei neste fem åra
kjem du til å få nye utfordringar, du kjem til å klive
på stigen, fortel han og gjer rørsler i lufta med hendene.
Det stemmer, meiner eg - eg klatrar i den akademiske verda når
eg siktar mot ein doktorgrad. Så seier han at utdanningslinja mi
er 85 prosent, og eg skjønner ikkje kva han meiner. Forretningslinja
mi er 95 prosent. Dei neste åra ligg godt til rette for meg økonomisk,
men seinare kjem eg til å tapa pengar. Eg tenkjer på leilegheita
som eg selde i fjor og tente godt på. Kanskje eg slepp å betale
skatt av fortenesta? Men med forskarstipend kjem eg jo til å gå
ned i lønn... Eg forstår ikkje alt Naveem seier, for
engelsken hans er ikkje støtt like klar.
Streng trebarnsfar?
Han snakkar om kjærleik.
- Før du fyller 37 kjem du til å gifte deg. Det kjem til
å vera misforståingar og krangel i ekteskapet, også sjalusi,
men det vil ordne seg. Eit vennskap med ei anna kvinne er årsak til
sjalusien, og ikkje til noko anna - det er berre eit vennskap.
Godt å veta, tenkjer eg, og får greie på at eg kan
rekne med å vera gift med same kvinne heile livet, og vi får
tre barn. Han kikker både på handbaken og mellom tommelen og
peikefingeren, og er heilt sikker.
Personlegheita mi står for tur. Eg blir fortald at eg er den
typen som seier klart ja eller nei, eg er firkanta og streng, og eg liker
ikkje å få hjelp.
- Du vil vera sjølvstendig. Om du er i vanskar, går du
til folk over meg i hierarkiet for å få hjelp. Og du er openhjertig
og seier meininga di rett ut.
Javel, sukkar det inni meg, eg kan nok vera firkanta og hard iblant,
eigenrådig. At det kan vera for stutt veg mellom hjerne og munn hos
meg, veit eg au. Men fortel handa mi det?
- Vennskapsforholda dine varierer, somme periodar er kontakta med vennene
gode, andre gonger er kontakta svakare. Nokon kjem til å motarbeide
deg, og dei kjem til å skapa problem for deg, fortel Naveem. Han
nemner at dei mellom anna vil bruke svart magi, og eg grøsser litt.
Heldigvis seier han at eg kjem til å klare meg. Nok ein gong nemner
han at livet fram til eg fyller førti blir framgangsrike, og deretter
vil eg stige sakte i gradane.
Problemfylt fortid
Livet eg har levd er også å lesa i høgrehanda mi.
Frå 1978-79 har eg hatt nokre problem. Frå eg var 20, han rettar
det til 22, hadde eg det vanskeleg i livet nokre år, eg har opplevd
harde tider. Heilt ueinig er eg ikkje. Så nemner Naveem at eg har
hatt andre, meir materielle problem. Strømmen har gått, vatnet
har forsvunne, eller det har vore andre ting som har forsura livet mitt.
Eg kjenner meg ikkje heilt att i det han nemner, men-men. Det hørest
ikkje så gale ut det han seier at det gunstigaste tidspunktet for
meg å kjøpe kjørety og husvære, er mellom mitt
29. og 36. år. Når var det eg kjøpte leilegheita i Rosenhoffgata?
Det var da eg var 29. Golfen kjøpte eg da eg var 33, men dette er
da ein ganske vanleg alder å skaffe seg bil og hus i.... Han refererer
til Jupiter, til månen og til nokre sirklar i handa, det er vel livssyklusen
han au har i tankane, ja.
Alt i alt blir livet godt
Det går mot slutten. Eg spør korleis livslinja mi er,
og tenkjer på nedoverlippa han fekk da han fyrst såg på
handbaken min.
- Helsa di kjem til å vera god, ingen alvorlege problem der.
Du kjem til å få problem med milten og nokre andre, mindre
helseproblem, men du lever til du er 78, høgst 80 år, fortel
Naveem, og eg er ikkje sikker på om eg vågar tru han.
Så kjem det.
- Du kjem til å vera plaga av at andre er misunnelege på
deg, og at andre er sjuke kjem au til å prege livet ditt. Du kjem
aldri til å bli rik, du kjem til å tapa pengar og du vil støtt
tilhøre mellomklassa. Men alt i alt får du eit ganske godt
liv, seier handlesaren til sist.
Seansen er omme. Eg fortalde lite om meg sjølv, fekk høre
noko som utan tvil stemmer, og andre ting som det kan vera lett å
tenkje seg til ut frå alderen min. Handa han las i ber ikkje preg
av kroppsarbeid, og det var vel ikkje vanskeleg å gjette at eg har
mange år på skulebenken. Men avbrottet i studia måtte
han komma fram til av seg sjølv. Au det at eg ikkje var gift, sjølv
om ein ring på høgrehanda kunne tyde på noko anna. I
India er ikkje forlovings- og gifteringar vanlege, så kanskje han
ikkje las teiknet? Berre ein gong undervegs spurde han meg om noko, og
det var om eg var eldste eller nesteldste son i familien.
Hjelp å få kjøpt
Før eg går, spør han om eg vil at han skal be for
meg. Eg får au tilbod om å kjøpe ei lita bønnehylse
som eg skal bera på meg i tre veker - da kjem trolldommen som misunnelege
folk vil kaste over meg, forsvinne. Eg takkar nei.
Vel utafor det vesle mottakingsrommet spør eg spåmannen
om namn og alder, og korleis han har lært astrologi og kunsten å
spå. Han fortel at han kjem frå ein familie som har drivi med
dette i tre generasjonar, og at han har vore i Cape Town i Sør-Afrika
i tre månader i år og spådd folk. Det gjekk visst bra.
Eg gjev Naveem femti rupi, ti kroner, for den halvtimes økta og
takkar han opp i handa. Så forsvinn eg ut i dei varme, støvete
gatene i Mysore og finn ein skuggefull plass og skriv ned det høgrehanda
mi fortalde ein indar som aldri hadde møtt meg før.
Jon Peder Vestad. Lagt ut 17.11. 1998
|
|