Les også:
Dei
personleg nynorske
Meir
om dei personleg nynorske
|
Sluttord
om dei personleg nynorske
Det
er godt å merke at vi nynorskbrukarar både har ulike grunnar til å bruke
nynorsk, og at vi skriv på ulike måtar. Nynorsken treng mangfald. I debatten
om dei personleg nynorske i Dag og Tid vinteren 2002, kom det fram mange
interessante synspunkt, og nokre merkelege.
Det
er lett å lese seg blind. Ein motdebattant (DT 11/2002) oppdaga ikkje at eg
ikkje kritiserer dei personleg nynorske for å stengje dei ute, men for å
hindre at andre nynorskbrukarar blir utestengde frå nynorsken. Men
denne debattanten skreiv i kritikken sin av dette synet at dette var ”ei
slags ekskommunisering”, eit ord som eg aldri hadde nytta sjølv. I
Nynorskordboka fann eg ’ekskommunisere’ forklart som ”stengje ute frå
den katolske kyrkja, lyse i bann”. Sia dette ikkje handlar om katolisisme,
trudde eg denne skrivaren meinte at eg ville bannlyse dei personleg nynorske.
Det protesterte eg naturleg nok mot (DT 8/2002). Men også uavhengig av at eg
ved hjelp av ordboka misforsto, så kunne dei lesarane som ville oppdage at eg
ønskjer ei vid dør inn til nynorsken.
Og
eg ville meir. Eg synest det smakar av dobbeltmoral viss målfolk bruker greie
nynorske ord som ’unnskylde’ og føler at dei ”må” seie ’orsake’.
Dette har ikkje med forholdet mellom skrift og tale å gjere, slik eg
vart spurd om. Nei, eg synest det er uheldig om det skal finnast ein slags
konkurranse i å vere ”mest mogleg nynorsk”. Den same debattanten les
vidare ein moralisme inn i innlegga mine. Eg ønskjer at nynorsken skal vere
tilpassa brukarane og dei behova vi har no, og ikkje vere ein skatt frå
fortida og/eller vere reservert dei personleg nynorske. Eg har au andre
haldningar som gjeld nynorsk, og det går sikkert an å kalle dette moralisme
om ein vil. For eksempel synest eg det er dårleg gjort om det skulle vere
slik at ordboksredaktørar ikkje tek med ord som Norsk språkråd har godkjent
i ordbøkene dei gjev ut fordi orda skulle vere lånte frå ”feil” språk.
Da blir ordbøkene blant anna ufullstendige.
Eg
vil stutt nemne at det ikkje er noko mål for meg at den nynorsken som blir
brukt i skular og media i dag, skal vere lik den som vart nytta for sytti år
sia. Og eg håper endeleg at det om sytti år går an å sjå at dette
innlegget er skrive i 2002 og ikkje i 2072. Samstundes må det vere heilt
greitt at vi som bruker nynorsk i dag, gjer det på ulike måtar. Einsretting
er eg ikkje begeistra for, korkje ideologisk eller språkleg. Eg håper at
Kulturdepartementet let nynorsken få halde på ein del valfriheit og ordninga
med klammeformer. Det er ein annan, viktig debatt.
Av
Jon Peder Vestad
Ei
endra utgåve av innlegg i Dag og Tid våren 2002, lagt ut på nettet 17. juni
2002
|
|