Vestads vevstad * Privaten


Eg kyssa aldri Sissel

Det er sjølvsagt Sissel Kyrkjebø eg tenkjer på, henne har eg aldri kyssa. Men ein gong i tida var det ikkje heilt utenkjeleg, sett frå mi side, såklart.

Det hadde seg slik at bror min, Åsmund, og eg hadde ein konkurranse om kven av oss som fyrst fekk klem av Sissel Kyrkjebø. Dette var vel i 1990 eller 1991, lenge før Sissel hadde begynt å interessere seg for halvgamle dansk-amerikanarar. Uskyldstida, altså. Åsmund arbeidde for Orkidé-kampanjen, ein aksjon mot narkotika. I samband med arbeidet møtte han Sissel nokre gonger, og syntest ho var ei klembar jente. Eg likte henne au, sjølv om det ikkje var heilt god tone i dei svartkledde krinsane eg vanka i å seia det. Sjølv arbeidde eg som journalist i Etter skuletid i NRK, og intervjua ikkje så sjeldan kjendisar. Den største av dei, iallfall på ein måte, var den italienske syngjedama Sabrina. Møtet med henne er ei anna historie. Iallfall så fann Åsmund og eg ut kven det var av oss som fyrst fekk klem av Sissel Kyrkjebø. Det var jo ikkje heilt umuleg at det kunne skje oss båe, det var berre å vente til anledninga baud seg.

Lenge skjedde det lite. Åsmund møtte som nemnt Sissel, men utan å få klem. Sissel skulle ikkje i Etter skuletid-studio, og eg møtte henne ikkje. Så skjedde det noko, Åsmund fekk eit kyss av Karoline Krüger, venninna til Sissel. Det var i samband med at Åsmund stilte opp på eit val på Handelshøyskolen i Bergen, og pikekyss på scena auka visst sjansane til å bli vald. Ok, med det kysset leia Åsmund, eit kyss frå Karoline var omtrent på linje med ein klem frå Sissel. Så kom Sissel med plate, og sjølvsagt skulle ho intervjuast i Etter skuletid - det meinte nå iallfall eg. Og det skjedde, attpåtil hadde det seg slik at det var eg som fekk Sissel i studio. Da eg skulle intervjue henne tenkte eg såklart på om det ville bli ein sjanse til å få ein klem. Intervjuet gjekk greitt, vi var ferdige i studio, og eg skulle følgje Sissel ned i resepsjonen. Inga antydning til klem, nei, og eg var ikkje typen til å spørja om det for å vinne eit veddemål... Vel nede i resepsjonen rekte eg fram handa til eit farvel, hennes hand møtte mi, og så la ho kinnet sitt inntil mitt. Oj! Klem frå Sissel - eg vann! Men eg kyssa henne aldri.

Skrivi 13.1. 1999



Vestads vevstad  * YmsepostenMål og middel * Bokoversynet.
* Privaten * RadioordlistaMedielenkjer * Språklenkjer