Til Vestads vevstad


Mangalore - Volda 1-1

Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda har dei siste åra hatt eit samarbeid med Mangalore University i den indiske delstaten Karnataka. Dette samarbeidet går ut på utveksling av tilsette og studentar, og er av både akademisk og kulturell art.

I september 1998 kom professor K.V. Nagaraj og doktor G. P. Shivram saman med to mannlege og fire kvinnelege studentar frå medieutdanninga ved Mangalore University til Høgskulen i Volda. Dr. Shivram (f 1956) har arbeidd ved universitetet sia 1988. Han starta medieutdanninga der, og var i fleire år leiar for medieavdelinga. Sjølv har dr. Shivram arbeidd mye med barn og fjernsyn, eit arbeid han har teke doktorgrad i.
- Etter nokre veker ved medieutdanninga i Volda, kva vil du seia er den største skilnaden mellom vår og dykkar utdanning?
- Det er mange forskjellar. Vi har eit meir samansett kurs, der vi gjev studentane ei innføring både i trykte medium og elektroniske medium. Vi er mest retta mot trykte medium, vi har ein godt utbygd datapark, med utstyr for desktop-publishing og liknande. Vi har teleprinter-service, og vi bruker nyheitstenester frå heile verda kvar dag, fortel den blide, indiske akademikaren.

Undervisning på engelsk
Mangalore er ein by med omtrent like mange innbyggjarar som Oslo, og han ligg i sørvest-India, vest for den noko større byen Bangalore. Delstaten heiter Karnatakka, og her er det i alt fire universitet med medieutdanning. I alt gjev cirka femti indiske universitet utdanning i journalistikk og/eller massekommunikasjon.
- Søkjartalet til medieutdanninga i Mangalore varierer, og vi tek inn femten studentar kvart år, fortel Shivram. Etter eit toårig studieløp kan studentane kalle seg Master of Communications and Journalism, og alle som har universitetsutdanning tilsvarande cand.mag-grad kan søkje. Søkjarane må gjennom ei opptaksprøve og eit intervju for å bli tekne opp, og dette skjer på engelsk, som det meste av undervisninga elles. Shivram fortel at i delstaten Karnataka finst det mange språk, og dei tek også opp studentar frå andre statar. Engelsk er ved sida av hindi offisiekt språk i India, og blir ikkje opplevd som noko "undertrykkarspråk", sia det ikkje er knytt til noka spesiell folkegruppe i landet.
- Vi treng lærebøker i regionale språk, og i journalistikkundervisninga er det nødvendig med eksempel frå den indiske medieverkelegheita, seier dr. Shivram. - Før brukte vi mest britiske lærebøker hos oss, men nå er det mest faglitteratur frå USA. I tillegg har vi fått i alt 3-400 bøker om ulike sider ved media i India, og også eg har skrivi nokre fagbøker, fortel han. Dr. Shivram har skrivi ei bok om bokutgjeving, ei om små aviser og ei om kringkasting, alle tre i det lokale språket kannada.
- Korleis er undervisningsopplegget dykkar?
- Fyrste studieåret konsentrerer studentane seg om skrivne medium, om avis. Dei lagar mellom anna ei øvingsavis som kjem seks til åtte gonger i året i eit opplag på cirka 1000, og denne avisa blir sendt over heile India. Studentane blir sendt ut på oppdrag, og var til dømes dei einaste som dekte ein stor nasjonal konferanse om lese- og skriveferdigheit som vart halden i Mangalore. Ingen andre mediefolk var der!

Studentane lærer PR og reklame
Dr. Shivram fortel at studentane lærer om kommunikasjonsteoriar, journalistikk, reklame og PR - og forstår ikkje heilt spørsmålet mitt om det ikkje er problematisk at journaliststudentar blir opplært i reklame og PR. Til det svarar han at det er vanskeleg å veta kor folk hamnar etter studiet, dei skal ut i mange bransjar. Andre studieår er det likevel fjernsyn som dominerer den praktisk retta delen av undervisninga.
- Dei får prøve seg som reporterar, og lærer seg også å redigere.Før brukte vi VHS, men nå arbeider vi med Hi8-formatet, fortel Shivram, og legg til at til slutt i studiet skal studentane ha to månaders praksis i ei mediebedrift. Arbeidsmulegheitene er gode.
- Korleis er kjønnsfordelinga ved studiet?
- Nå er det eit fleirtal jenter på linja, men før var gutane i fleirtal. Da var talet på jenter som vart tekne inn, avgrensa, seier Shivram. Hos dei kvinnelege studentane han besøkte Volda saman med, er fjernsyn det mest populære mediet. Kanskje kjønnsrollemønsteret kjem inn her, sia avismediet er dominert av menn - og det er visstnok framleis avisene som har størst makt i den indiske medieverda. Og Shivram fortel at radiomediet er det vanskelegast å få innpass i - det er statseigd og statskontrollert.

Mediebruk bra for skuleprestasjonane
Ein annan vanske Shivram nemner, er lærarmangel. Det er vanskeleg å få tak i gode medielærarar i India, og medieavdelinga ved Mangalore University hentar av og til inn utanlandske lærarkrefter. I staben er dei i alt fem - altså ikkje mange. Shivram er ein av to lesarar (readers) ved avdelinga, og han har ein ganske fersk doktorgrad å vise til. I avhandlinga si ser dr Shivram på i kva grad fjernsyn påverkar kunnskapane til indiske skuleelevar, for eksempel kunnskap om politiske forhold. Han meiner at mediebruk verkar positivt inn på skuleresultatat - iallfall i India. I Volda har han med hjelp av norske mediestudentar intervjua ungdomsskuleelevar om deira medievana, og han har hatt samtalar med mellom andre Torgeir Dimmen og Asbjørn Simonnes ved Høgskulen i Volda, og dei har båe arbeidd mye med barn og mediebruk.
Doktor Shivram meiner at det har mye for seg at studentane hans får møte den norske kvardagen og ikkje minst den norske medieverda. Her har studentane fått innføring i bruk av digitalt radioutstyr, dei har filma og redigert fjernsynsreportasjar, og hatt førelesingar om ulike emne - for å nemne noko. Og seks norske studentar og to lærarar skal til Mangalore og ha universitetet der som base.
- Vi er veldig gjestmilde, vi tek godt vare på gjestene våre, smile dr Shivram, og inviterer i grunnen alle som vil til å komma til universitetet i Mangalore. Kan du halde ei førelesing eller to for journaliststudentane hans, er ikkje det noka ulempe.
 
-----

Vil du ha kontakt med dr. Shivram? Han er særleg interessert i forsking kring sjåarvaner til barn, bruk av fjernsyn i undervisning og opplysning, massekommunikasjonsforsking og indisk film.
Adressa er Mangalore University, Mangalagangotri - 574199, Mangalore, Karnataka, India
E-post: shivram@mnglr.ernet.in



Andre artiklar frå India på Vestads vevstad:
* I hinduist-avisa Hosaidgantha  (om besøk i ei lokalavis i Mangalore)
* Vanskeleg, men muleg å skrive kritisk (om avisa Kodagu Front)
* - Du blir aldri rik (om besøk hos ein indisk spåmann i Mysore)
* Frå frigjeringsmiddel til pengepresse  (om indisk journalistikk)


Til Vestads vevstad