 |
… I et no
ikkje kalgræut mæ nævå færdi - eller: Det
gløymte folket
Ei lita norsk folkegruppe,
omkransa av sunnmøringar, halvtrøndarar og austlendingar
har klora seg fast på øyar og langs strender i hundrevis av
år, utan å miste særpreget sitt. Romsdalingane
er eit gløymt folk.
Romsdalingane er ei folkegruppe
på nokre og seksti tusen sjeler på eit avgrensa geografisk
område, klart ulik naboane sine, og med eigen veremåte, sitt
eige språk og sine eigne særdrag. Når romsdalingane ikkje
har vorte rekna som nokon minoritet enno, må det vere fordi ingen
har tenkt på det før. Men romsdalingane er ikkje som alle
andre. Det at vi er få, skaper ei heilt eiga samkjensle som er verd
å ta vare på.
Romsdal var og er sentrum
Med ujamne mellomrom kjem
det framlegg om å fjerne Romsdal frå fylkesnamnet. Det skulle
da bli Møre, og femne om området frå Vanylven og Volda
i sør til Aure og Rindal i nord. Men dette namnet skjuler den midtre
delen av fylket, den folket både sørom og nordom har orientert
seg etter frå gammalt - og tidvis i dag.
Ja, det må vere grunnar
til at da Møre-namnet gjekk frå å dekkje eit stort område
på Nordvestlandet og inn i Trøndelag til å gjelde nokre
flekker i dagens Møre og Romsdal, så vart Romsdal-namnet framleis
brukt. I Romsdal låg Veøy-kaupangen, til Romsdal kom dei frå
alle leier for å handle på Romsdalsmartnan, og ikkje minst:
her budde det folk som visste at dei ikkje var møringar.
Midt mellom større
folkegrupper
På Nordmøre
blir folket gradvis meir og meir trøndarar, og det er ikkje noko
gale med det. Det er kanskje litt respektlaust å kalle nordmøringar
for halvtrøndarar – eller enda verre – reservetrøndarar,
men ser vi på korleis dei snakkar nordom oss, så veit vi at
talemålet hører til det trøndske målområdet.
Dette har vore med på å gjere det enklare for nordmøringane
å vete at dei slett ikkje er vestlendingar, men har sine nærmaste
– bortsett frå romsdalingane - lenger nord.
Romsdalingane har det ikkje
på same måten. Jau da, klart det er mykje likt mellom oss og
nordmøringane, men vi seier i og ikkje e eller æ, og ferdselen
til romsdalingane har gått alle vegar. Å kalle ein romsdaling
for halvtrønder er like feil som å kalle han sunnmøring.
Ikkje vestlendingar
Sunnmøringane er
eit sjølvhevdande og sterkt folkeferd på Nordvestlandet, og
det er ikkje feil å seie at ein sunnmøring er ein god representant
for vestlendingen, saman med sogningar, hordalendingar og rogalendingar.
Å leggje romsdalingen i samme posen, er feil. Både ferdsel
og språk syner det. Det eg vil med dette, er å syne at romsdalingen
ikkje kan identifisere seg korkje nordover eller sørover langs kysten,
men godta at han er noko for seg sjølv.
Kva så med Austlandet?
Riktignok seier dei i på Lesja og det har vore mykje innvandring
austafrå til romsdalsbygdene. Dette har prega oss såklart,
og det hadde vore lenger mellom folk mange stader i Romsdal utan folk som
flytte frå tronge kår i Numedal, Gudbrandsdalen og andre stader
austafjells til "I-land". Men det kom jo folk sørafrå og nordfrå
au, og denne blandinga har vore med på å gitt oss særpreget
vårt.
Romsdalingar kjenner kvarandre
Når romsdalingar møtest
utafor Romsdal, kjenner dei på ein måte kvarandre. Sunnmøringane
har det ikkje slik, til det er dei for mange, og kanskje også for
ulike. Nordmøringane druknar i gruppa av menneske som snakkar eit
eller anna slags trøndermål.
Folk frå Romsdal har
ei eiga samkjensle når dei er nokre mil utafor amtsgrensene. Dei
kjenner syskenbarnet ditt, eller nokon du gjekk i klasse med, dei har vore
på sykkeltur forbi staden du kjem frå, har gått på
tur i same fjella som deg, og heiar sjølvsagt på same fotballag.
Og så er det noko med språket…
Kjenner du fjorden….
Det er klart det er forskjell
mellom ein finmoldensar ("Jeg veit ikkje i") og ein frå Finnøya
som bryt på det sunnmørske, men tonefallet, den melodiøse,
trivelege setningsmelodien liknar. Og lyset, vinden, potetballen og svelene
og blikka på fotballtabellane skaper dei same kjenslene for heimlandet
barndom. Takk til Edvard Hoem, som har skrive Romsdal inn i nasjonallitteraturen
saman med Bjørnstjerne Bjørnson.
Så er det lynnet.
Eg har hug til å kalle det snilt og ufarleg, akkurat som tonefallet.
Det er muleg harmonisk er eit betre ord. Romsdalingar elskar småprat,
å fortelje pussige historier og sladder utan brodd. Humoren kan vere
rå og direkte, men støtt varm, og baksnakking er det nok meir
av blant andre i dette landet. Og så er romsdalingane direkte mot
kvarandre, kvasse, også når det kan vere folk ein ikkje kjenner
så godt. Men likevel: Det er lite av skuling og mistru, men heller
ein klar mishagsdom, og så ferdig med det. Du kan vere trygg på
kor du har ein romsdaling.
Flyttar ut, vender heim
Romsdalingar kan vere lure,
men ikkje sleipe. Det har nok funnest ein og annan som har gått over
streken, men dei har skifta namn og flytta ut. Romsdalingar set pris på
hardt arbeid, men også på å drive dank eller ta seg ein
god fest. Romsdalingar liker å ha det pent rundt seg, men maser ikkje
så mykje med det at det blir for kavasamt. Det er greitt å
vete kva naboen eig og styrer med, men ein romsdaling startar ikkje møbelproduksjon
for å få råd til ein ny sofaseksjon av den grunn. Og
ikkje går romsdalingen og ventar på ei ny tiltakspakke frå
staten om det skulle sjå svart ut på arbeidsmarknaden, heller.
Da flyttar han heller ut for ei stund, og kjem så heimatt.
Ein busstur heim
Romsdalingar lengtar heim,
og det er sjeldant ein hører ein utflytt romsdaling seier at han
eller ho ikkje vil flytte heim om sjansen byr seg. Og skulle det ikkje
gå, tek ein del til takke med å bu for eksempel på Sunnmøre
– veret er i det minste likt heime. Og det er kort veg heim.
Ein gong skulle eg ta buss
frå Volda til Molde. Bussturen var dryg, og eg hadde ordna meg med
lesestoff. Så skifta eg buss på Moa, og sette meg til å
lese. Etter ei lita rid glei augeloka att, rundt meg surra romsdalsstemmer,
og det var så trygt, så trygt. Eg var nesten heime, og eg var
blant mine eigne. Eg kunne slappe heilt av… Slik oppdaga eg at eg djupast
sett er romsdaling.
Lettare å stå
fram no
Det har forresten vorte
lettare å vere romsdaling dei siste åra. Det er fleire årsaker
til det, men to temmeleg rike karar frå heimetraktene våre
har gjort sitt til at Romsdal har vorte betre kjend. Det same har Kjell
Magne Bondevik gjort, og same kor mykje Røkke, Gjelsten og Bondevik
har pussa på språket sitt, kjem dei ikkje unna det romsdalske
tonefallet. Og skulle det vere noko mål?
MFK har også styrkt
Romsdal, det same har Teateret Vårt, Bjørnsonfestivalen, Romsdalsfjella
og… vi har da så mykje bra å vise til!
I-land på Nordvestlandet
Både Romsdal og romsdalingane
har medvind for tida. No er tida der for å sørgje for at vi
som kallar oss romsdalingar får aksept for at vi er noko anna enn
sunnmøringar og andre vestlendingar, at vi slett ikkje er halvtrøndarar
eller ein nordvestlandsk avleggjar av austlendingar. Vi er ei lita folkegruppe,
omkransa av menneske som hører til større folkegrupper, og
vi skjemst ikkje av å vere få. Trass i dette, har vi ikkje
gått opp i noka større folkegruppe, skifta dialekt og gjort
adjektivet romsdaling overflødig. Det syner styrka vår, og
beviser at vi frå ”I-land” er ei minoritetsgruppe som Noreg må
rekne med.
Av Jon Peder Vestad
|
|