| |
|
Frå Kopervik til NY og Norway Times via Volda
Ragnhild Risholt er ikkje snau. Fyrst forelska ho seg i ein amerikanar,
så studerte ho avisjournalistikk i Volda med praksis i New York.
Etter endt utdanning ved Høgskulen i Volda vende ho attende til
USA, og vart redaktør.
Ragnhild Risholt (f 1972) frå Kopervik på Karmøy
studerte avisjournalistikk i Volda frå 1995 til 1997, og hadde praksis
i den norsk-amerikanske avisa Norway Times som ein del av utdanninga. Denne
avisa er grunnlagd i 1891, og har i dag om lag 6000 abonnentar.
- Lesarane våre er svært glade i å lesa om det som
i skjer av kultur i det norske miljøet i USA, og i artiklar om dei
store trekka i norsk kulturliv, historie og identitet. Vi har seks spesialnummer
i året der vi fokuserer på alt frå norsk kunst, reisliv,
norsk-amerikansk businessliv til særttrekk ved norsk og norsk-amerikansk
kultur. Elles har vi to hovudtypar stoff - oppsummering av nyheitsbildet
i Noreg, og det som skjer i det norske Amerika. Det siste blir stadig viktigare,
ettersom dei som er interesserte i det som skjer i norsk politikk og økonomi
i stadig større grad bruker internett. Dermed satsar vi meir på
det som skjer av kultur og økonomi her i USA.
Ulike lesargrupper
Ragnhild fortel at det er enormt mye stoff å ta av, alt frå
det som norske firma driv med i USA, til det som skjer i immigrantmiljøa.
Avisa har abonnentar over heile USA, men flest på austkysten og i
Midtvesten. På Vestkysten har Norway Times konkurranse frå
Western Viking, som blir gitt ut i Seattle. Elles har Sons of Norway eit
månadsmagasin som skriv mest om det som skjer i organisasjonen, lite
om politikk og økonomi. Redaktøren i Norway Times meiner
at avisa hennes har eit klart geografisk og tematisk nedslagsfelt.
- Kva slags folk er det som held avisa?
- Det er to hovudgrupper. Fyrst er det dei som utvandra fra Norge og
deira etterkommarar, dei tradisjonelle norsk-amerikanarane. Den andre gruppa
er den som veks raskast: nordmenn i USA. Det vera seg dei som jobbar i
norske eller amerikanske firma, studentar eller au-pairar. Det er veldig
mange nordmenn som bur her nokre år. Til dømes er det 2000
nordmenn som jobbar i oljeindustrien berre i Houston i Texas.
Drømmer om pressestøtte
Også amerikanarar som er tilsette i norske firma les avisa, nemner
Ragnhild. I Noreg har Norway Times berre kring førti abonnentar,
men avisa blir også lesen i Kanada og av nokre få i Japan (!).
Kvar utgåve av avisa er på mellom tolv og 36 sider, og det
meste er skrivi på engelsk.
- Berre dei to siste sidene i avisa er på norsk, og til dei artiklane
har vi samandrag på engelsk. Det er for dei som ikkje er så
kjende med språket, slik at dei kan lære seg ved å lesa
norsk kvar veke. Desverre er det slik at mange av dei som er tredje- eller
fjerdegenerasjons nordmenn ikkje kan norsk.
- Har de mye kontakt med lesarane?
- Ja, dei er ekstremt interesserte i alt vi gjer. Vi får mange
lesarbrev og telefonar. For mange er Norway Times den viktigaste kontakten
dei har med deira kulturelle røter. Norway Times er meir enn ei
avis, det er ein kulturell og historisk institusjon. Eg skulle ønskje
at Kulturdepartementet såg det. I dei snart 110 åra vi har
eksistert har vi aldri fått pressestøtte. Vi må
klare oss med abonnements- og annonsesal åleine, fortel Ragnhild
med eit lite håp om støtte frå Noreg..
Det finst noko slikt som fire millionar i USA med norske røter,
medan Norway Times har eit opplagstal som ei lita norsk lokalavis. Det
har Ragnhild og den vesle staben hennes gjort noko med.
Kjell Magne, Kofi Annan og Thor Heyerdahl
- Vi slit med dårleg økonomi, og har difor ikkje store
midler til maknadsføring. Likevel har vi kjørt ein del kampanjar
retta mot den generelle norsk-amerikanske befolkinga og mot studentar og
business-miljøet. I fjor auka vi abonentstalet med nestan ti prosent
på den måten. No er marknadsføring på internett
den neste utfordringa, opplyser Ragnhild.
Arbeidsoppgåvene hennes er mangslungne. Da statsminister Kjell
Magne Bondevik var påbesøk hos generalsekretæt Kofi
Annan i New York i april 1999, var Ragnhild med.
- Kva er dei største opplevingane du har hatt som tilsett i
Norway Times?
- Sjølvsagt er det gøy å vera med på det
som dei andre korrespondentane gjer, slikt som statsminister- og utenriksministerbesøk
i FN. Og å få intervjuva Thor Heyerdal, sjølv om det
var eit kort møte, var ei stor oppleving. Likevel trur eg at dersom
eg skal trekkje fram ein ting, må det vera eit prosjekt som vi starta
dette året: I samband med det store innvandrarjubileet neste år,
inviterte vi norsk-amerikanarar til å skrive om sine daglegdagsopplevingar
frå tida da dei eller deira familiar var nye i dette landet. Det
er utrulege historiar med nerve vi får inn, og så vidt eg veit,
har ikkje "den norsk-amerikanske mannen i gata" fått fortelja sine
historiar på denne måten før.
Språket er den største utfordringa
Frå Noreg har Ragnhild Risholt psykologi mellomfag og forberedande
frå Universitetet i Oslo, attåt toårig medieutdanning
frå Høgskulen i Volda. Ho har au studert engelsk på
kveldstid eitt semester på New York University. Før Ragnhild
fekk fast jobb i Norway Times, arbeidde ho i Haugesunds Avis. Nå
skriv ho ei fast spalte der, og frilansar dei få gongene ho har litt
ekstra overskot.
- Du vart redaktør i Norway Times etter berre vel eitt år
som journalist der. Kva er dei største utfordringane ved å
vera redaktør i USA for deg som er ganske nyutdanna med norsk journalistutdanning?
- Den aller største utfordringa er sjølvsagt språket.
Alle journalistar veit kor viktig ein reiskap språket er, og for
oss som har norsk som morsmål og engelsk som andrespråk, blir
kreativiteten i språket innskrenka. Dei andre utfordringane heng
for det meste saman med dei kulturelle forskjellane det er mellom dei to
landa, og å lære seg den nye kulturen, den til nordmenn i Amerika
å kjenne.
- Kva av lærdommen frå mediestudiet i Volda er det du har
hatt mest bruk for?
- Åra i Volda var fantastiske. Dei skapte ein solid identitet
som journalist i meg. Eg trur at det vi studentane lærte av
kvarandre og av dei mange praksisoppgåvene vi hadde i Volda, er unike
i det norske journalisutdanningsmiljøet. Teorien vi fekk med oss,
gjev meg sjølvsagt ein base som gjer meg i stand til å dømme
om kva som er ei god sak, kva som sel og kva som er juridisk lovleg. Men
praksisen; den lærte meg rutinene, lokka frem teften og lærte
meg grunnreglar som gjer kvardagen som journalist mye enklare enn eg trur
det hadde vore å gå rett frå universitetet inn i ein
journalistkarriere.
God kontakt med gamlelandet
Ragnhild er full av lovord om Volda, og vil attende til Noreg om nokre
år. Men nå har ho og mannen Keith Colombo, som er amerikanar,
kjøpt seg hus i bydelen Brooklyn. Heime er språket engelsk.
- Korleis held du kontakta med gamlelandet?
- Alle vi fire som jobbar i Norway Times er norske og held dermed språket
reint. Eg les norske aviser på internett kvar dag, og eg har kontakt
med familie og vener i Norge via e-post like ofte. Flybillettar og telefonsamtalar
blir stadig billegare, og eg trur ikkje eg hadde sett familien min oftare
dersom eg hadde budd i Finnmark. Gjennom jobben har eg òg dagleg
kontakt med nordmenn.
- Sett frå Noreg verkar "det norske Amerika" som ei merkeleg
blanding av eldre folk som hentar fram den norske arven sin ved spesielle
høve, som 17. mai og jul. I kva grad opplever du at norsk kultur
og språk verkeleg finst att blant norsk-amerikanarane bortsett fråkjennskap
til lefse og lutefisk og ord som "uff da"?
- Det nordmenn ofte har ein tendens til å glømme når
dei tenkjer på norsk-amerikanarar er at det norske Amerika er eit
sosiologisk/etnologisk samfunn som har utvikla seg over meir enn 150 år.
For dei har ikkje hovudmålet vore å halde den norske identiteten
skilt frå sin amerikanske identitet. For dei har det vore viktig
å halde ein del av det norske ved like samstundes som dei er stolte
av å vera amerikanarar.
Stolt av norsk-amerikanarane
Redaktøren i Norway Times fortel at nokre norsk-amerikanarar
har god kjennskap både til historie og det moderne Noreg, medan andre
ikkje har noka interesse av å kjenne til anna enn det dei treng for
å feire landet til forfedrane sine eit par gonger i året. Ho
trur at mange nordmenn lett latterleggjer norsk-amerikanarane fordi dei
kulturelle uttrykka deira er fremmende, men samstundes kjende. Men Ragnhild
meiner også at dei som har sett det norskrøtte miljøet
i USA på nært hald, er det lett å bli imponert.
- Eg er stolt av at mine "amerikanske landsmenn" er ei innvandrargruppe
som lett har integrert seg i det nye samfunnet, samtidig som dei held visse
tradisjonar ved like, og er opne for at dei nye landsmennene sine skal
få vera med på å feire dette. Til dømes er det
ei fin oppleving å sjå born i bunad bera norske og amerikanske
flagg på 17- maifeiringa i Brooklyn. Spesielt hyggjeleg er det å
vera tilskodar saman med kinesarar, puerto-ricanarar, mexikanarar, polakkar,
ortodokse jødar, russarar og nordmenn, slik det er kvar 17. mai
i Brooklyn.
- Kva slags aktivitetar dominerer i "det norske Amerika"?
- Alt mogeleg frå kulturelle aktivitetar som norske filmfestivalar,
konsertart og utstillingar med norske artistar og kunstnarar, språkkurs,
kulturelle og religiøse aktivitetar på sjømannskyrkjene,
til Sons of Norway-møte og rosemalingskurs. Det er uendelig variert,
fordi miljøet er prega av så mange forskjellige grupper.
"Nordmenn" gjer ikkje så mye av seg
Trass i den store aktiviteten og at dei norskætta i alt ikkje
er noka lita gruppe, gjer dei mindre av seg i USA enn før, fortel
Ragnhild. Den siste immigrasjonsbølga var rundt 1960. Dei som kom
etter det er som regel i USA berre nokre få år, og er dermed
ikkje så involverte i det amerikanske samfunnet. Men det er eit par
norsk-amerikanarar i senatet, og dessutan er norske statsoverhovud overraskande
ofte på USA-besøk, nemner Ragnhild.
- Kva ville du ha besøkt i New York for å møte
eit norsk miljø?
- Sjømannskjerka er ein utruleg ressurssterk kulturell samlingsplass,
og der kan du spørja deg fram til det du måtte vera interessert
i. Konsulatet og Norway Times kan òg i visse tilfeller "hook you
up", som det heiter på amerikansk.
Reisemål: New York og Norsk Høstfest
Sjølv om det er travle og lange arbeidsdagar i Norway Times,
gjev Ragnhild uttrykk for at det er ein interessant og fin arbeidsplass.
Også byen New York tiltalar henne. På fritida nyt ho kafelivet
og går i kunstgalleri - og nyttar kulturtilbodet elles.
- Kor ville du ha reist i USA dersom du var ein nordmann som ville
finne restar av det norske? Er det Minnesota?
- Dersom du er på leit etter norske slektningar, dra til New
York og søk i databasen som kjem på Ellis Island om eitt år.
Du kan òg kontakta offentlege administrasjonskontor som vil gje
deg opplysningar, men byråkratiet er stort, så dit er det betre
å skrive. Dersom du berre vil sjå norsk-amerikanarar på
festival, dra til Norsk Høstfest i North Dakota. Her kjem fleire
ti-tal tusen lusekoftkledte Bjøro Håland-fans. Dersom du er
interesert i den pengesterke kultureliten, dra til New York. Det er så
mange typar nordmenn i USA, og så mange stader som er fascinerande,
svarer Ragnhild overbevisande.
Av Jon Peder Vestad. Lagt
ut på nettet 29.6. 1999 |