| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
Prikken  

- Kom, eg har noko eg vil vise dykk!
Det er Heidi som  seier dette. Ho er større enn Jakob og Sunniva, men ikkje så stor som mor og far. Heidi har lange fletter.
- Kva er det for noko, da? 
Jakob spør. Han har svart, stutt hår og store tenner. Jakob har ikkje begynt på skulen enno. Det har Sunniva. 
- Det får vel sjå!, seier Sunniva. Ho har lyst hår, og går i kjole.

Jakob og Sunniva følgjer etter Heidi. Dei går opp ein bakke og rundt ein sving og kjem til eit kvitt hus. Så går dei opp ei trapp og inn ei dør. Der bur Heidi.
- Ta av dykk skoa, ver så snill, roper Heidi og forsvinn inn på stua.
Både Jakob og Sunniva har vore heime hos Heidi før. Dei går inn på sokkelesten.
- Hysj!
Det er Heidi som seier dette. Ho står attmed vindauget, og held armane i kors, akkurat som ho ber noko.
- Prikken søv, skjønner de.
- Prikken, kven er det, spør Sunniva.
- Det er katten min, svarer Heidi.
- Å, har du fått katt! Får eg halde han, roper Jakob.
- Hysj, kjem det fort frå Heidi. Ho ser lur ut.

Kva slags katt er det Heidi kan ha fått seg? Ein liten katt? Ein stor katt? Ein svart katt? Ein grå katt? Ein tigerkatt? Ein katt med sløyfe? Korkje Jakob eller Sunniva ser nokon katt.
- Kor er katten da, spør Sunniva.
- No får de leite, seier Heidi, og voggar att og fram med overkroppen.

Jakob og Sunniva gløttar under bordet. Der er det ingen katt. Dei kikkar under lenestolen. Ingen katt. Dei ser under fjernsynsapparatet, bak stereoanlegget og under putene i sofaen. Prikken er ikkje å sjå. Dei legg seg ned på golvet, og ser under sofaen og inn i alle krokar. Nei, Prikken er borte. Kor kan katten ha gjømt seg?

Heidi står og ser på vennene sine. Ho har framleis armane i kors. Så spør ho:
- Vil de vete ei hemmelegheit?
- Ja, kjem det frå Jakob.
- Ja, gjerne det, seier Sunniva.
- No skal de høyre, seier Heidi med låg stemme:  Prikken er ein heilt spesiell katt. Det er ikkje så lenge sia eg fekk han. Eg held han akkurat no, men ser de han?
- Nei, kjem det i kor frå Jakob og Sunniva.
- Prikken er ein usynleg katt, heilt usynleg. Det er berre de to og eg som veit at eg har han. Sjå her, de kan gjerne få klappe han.
Heidi held armane litt ut frå kroppen, og i hendene held ho den usynlege katten. 

Sunniva går bort og legg eine handa oppå hendene til Heidi. Ho kjenner ingenting.
- Du berre spøker med oss.
- Ja, du tullar, seier Jakob au. 
- Nei, æresord, eg har ein usynleg katt! Berre stryk handa roleg over Prikken, seier ho til Sunniva. No held ho den eine armen innåt kroppen, og med den handa som er fri fører ho handa til Sunniva over Prikken.
- Kjenner du noko? 
- Neei, svarer Sunniva, og er ikkje heilt sikker. Det verka som om det var luft ho strauk, men kunne det vere noko meir?
- Kan eg få kjenne, spør Jakob. Så tek Heidi handa til Jakob, og dei stryk varsamt over der Prikken skulle liggje.
- Eg kjenner noko!
Jakob roper.
- Oj, no vekte du han! Heidi bøyer seg ned til golvet, og slepp den usynlege katten varsamt frå seg.
- No stryk han seg innåt foten din, seier ho til Sunniva.

Sunniva er snar til å klappe Prikken, som ho ikkje ser. Men ho trur at ho kanskje  kjenner han.
- Korleis kan ein katt vere usynleg da, spør ho.
- Eg veit ikkje eg, svarer Heidi, han berre er det. Prikken er veldig snill.
Jakob står og ser på at Sunniva stryk Prikken. Så er det hans tur til å klappe.

Heidi løftar opp att Prikken, og fortel at han bruker å liggje attmed henne i senga om natta. Det er berre Sunniva og Jakob som får vete det. Dei lovar å ikkje fortelje det til nokon.
- Korleis fekk du tak i Prikken, da, vil Sunniva vete.

Kan ho ha funne katten? Kanskje det er nokon som berre har reist frå katten sin? Det er stygt gjort. Eller kanskje nokon snille folk har gitt vekk katten fordi dei ikkje kunne ha han lenger?
- Han berre var her ein dag. Da var han mindre enn no. Eg bruker å leike med han når eg er åleine, og det liker han godt. Særleg liker han å springe rundt på golvet her. Berre sjå!

Heidi set Prikken frå seg på golvet, og peiker etter kvart som Prikken spring frå det eine møbelet til det andre.
- No er han attmed deg, Sunniva! Merker du det?
- Nei, ikkje heilt.
- No bit han i buksa mi, fortel Jakob, og så kjenner Sunniva at det rykkjer litt i eine sokken hennar. Kan det vere Prikken?
Vips, så er han visst borte att. No leiker han seg i sofaen, fortel Heidi. Han går oppå eine armlenet på sofaen, hoppar opp på sofaryggen og går langs sofaryggen til ei bokhylle. Så fer han ned i sofaen, og legg seg på ei pute og sleikjer poten sin. Jakob og Sunniva følgjer med.

- Gjer han ikkje nokre lydar, da, undrast Jakob.
- Ja, kan han ikkje male, spør Sunniva.
Heidi tvinnar den eine fletta si, og så seier ho at Prikken er både usynleg og uhøyrleg. Iallfall nesten. For når det har vore heilt, heilt stille, så har ho hørt ein låg koselyd frå han.
Alle tre er stille. Det kjem ikkje ein lyd frå dei. Ingen høyrer noko. Dei stiltrar seg bort til sofaen, der Prikken ligg, og er heilt stille. Alle held pusten. 

Huuuuuuh. Mmmmmm.

Det er akkurat som det kjem nokre svake, svake lydar frå sofaen. 
- Eg høyrer noko.
Det er Jakob som kviskrar dette. Heidi nikkar. Sunniva ser mot sofaen.
- No trur eg at han reiser seg og hoppar ned på golvet, seier ho.
- Ja, no sprang han forbi meg og bort til vindauget, han står på stolen der og kikkar ut, skundar Jakob seg til å seie.

Heidi tek med seg dei to vennene sine bort til stolen, og tek varsamt tak i Prikken og løftar han bort til Sunniva.
- No kan du få halde.
Sunniva held den usynlege katten innåt seg, og stryk han over den usynlege pelsen. Ho held han oppåt ansiktet, og nussar han litt. Så gjev ho Prikken til Jakob. Han er ikkje så flink til å halde kattar, så Heidi må hjelpe han litt. Også Jakob klappar og koser katten, og gjev han attende til Heidi.
- Er det ikkje ein koseleg katt eg har fått?
- Jau, det er det, svarer Sunniva.
Jakob er einig, og vil gjerne leike meir med Prikken. 
- Nei, no må Prikken kvile litt. Han er ikkje heilt vaksen enno, skjønner de. 

Heidi går bort til lenestolen og legg Prikken frå seg.
- Enn om nokon set seg på Prikken, da?
- Tsa, Jakob, det er ikkje noko problem det for usynlege kattar, seier Sunniva.
- Han bruker å sprette vekk så raskt som berre det, forklarer Heidi. Ho har henta eit par kvite ark og nokre fargeblyantar.
- Vil de teikne Prikken?
- Jamen vi veit ikkje korleis han eigentleg ser ut, seier Sunniva.
- Eg trur eg veit det, kjem det bestemt frå Jakob. Han set seg ned på golvet og begynner å teikne. Det same gjer Sunniva. Heidi sit og ser på.
Båe to teiknar kattar med to øyre, to auge, fire labbar og ein lang hale. Men elles er ikkje teikningane heilt like.

Korleis trur du Prikken ser ut?

- Eg synest teikningane liknar, eg, seier Heidi, sjølv om dei ikkje liknar kvarandre heilt. - Men akkurat korleis han ser ut, vil eg halde for meg sjølv. Det er mi hemmelegheit, seier ho med ein lur smil.
Ingen seier noko.
Frå lenestolen kan dei såvidt høyre huuuuuh, mmmmmmm. Der ligg Prikken.
Har du lyst på ein slik usynleg katt?

Av Jon Peder Vestad, 23.8. 2000. 
Lagt ut på nettet 7. desember 2000.
 
     

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |