| Pitesamisk
senter er opna
Fredag
20. juni 2003 var det offisiell opning av Pitesamisk kultursenter i
Bajdár, Beiarn. På opningsdagen var om lag 150 personar innom senteret, som
er arbeidd fram av eldsjeler frå ei av dei minste folkegruppene i Noreg.
-
Vi skal ha språkundervisning her, lære å sy koftesøm og mye anna, fortalde
initiativtakaren Knut Sundsjord til Avisa Nordland. Sundsjord er leiar for
stiftinga Douddara Raffe, Viddas Fred, som eig senteret.
Nesten
utdøydd kultur
Det
er vel to og et halvt år sia idéen om eit eige pitesamisk kultursenter tok
til å ta form. Og det hasta å få til noko slikt, fortel Finn Strand til den
samiske avisa Sagat.
-
Vi kan vel nesten seie at pitesamisk kultur på norsk side var i ferd med å døy
ut, fortel Strand til Sagat. Han og andre eldsjeler har arbeidd for senteret,
og dei har mellom anna fått god kontakt med pitesamane på svensk side,
spesielt i Árjjapluovve, Arjeplog. Også den svenske kommunen Arvidsjaur er
frå gammalt av pitesamisk område.
-
I samisk samanheng har det støtt vore aust-vest-kontakt, og ikkje nord-sør.
Derfor er det viktig for den pitesamiske kulturen at vi får
godt samband mellom pitesamane på begge sider av riksgrensen, seier Rudolf
Ingvaldsen. Han er ein annan av initiativtakerane
til det pitesamiske kultursenteret. Det held hus i ein gammal lensmannsgard på
Dokmo i Beiarn kommune i Nordland. Fylkesordføraren var til stades på
opninga, som fekk ein del omtale i lokale medium.
Nordlandssamar
Sametinget
har gitt senteret 100 000 i årleg driftstilskott. Senteret skal etter
kvart tilsetje ein person som kan stå for drifta, opplyser Sagat. Nordland
fylkeskommune har au støtta senteret. Styret for stiftinga Douddara Raffe håper
at fylkeskommunen går inn med fast driftstøtte, slik at senteret kan
utviklast vidare.
Det
pitesamiske området på norsk side omfattar omtrent heile Sør-Salten i
Nordland fylke, med kommunane Beiarn, Saltdal, Skierrestáde (Skjerstad), Meløy
og Oarjje-Bajdár (Gildeskål), og deler av Bodø og Fuossko (Fauske) kommuner.
Gruvesamfunnet Sulitjelma var pitesamisk før i tida. Språkbasen Ethnologue
plasserer det pitesamiske området i Noreg mellom Ranafjorden og Saltenfjorden,
men kjem ikkje med opplysningar om kor mange som eventuelt framleis snakkar
noko pitesamisk.
Ti
språkbrukarar i Sverige
Ifølgje
språkforskaren Trond Trosterud er både pitesamisk og umesamisk utdøydd på
norsk side. I Sverige er det berre nokre få eldre
som snakkar desse variantane av samisk, og på den svenske nettstaden www.sapmi.se
er det opplyst at det kan vere om lag ti personar alt i alt som kan kvart av
desse to språka. Dei skal alle vere over 65 år. Til samanlikning er sørsamisk
ført opp med 500 brukarar i Noreg og Sverige, lulesamisk med 2000. Nordsamisk
kan ha så mange som 30000 brukarar på nordkalotten.
Pitesamisk
tilhører som nordsamisk den såkalla sentralsamiske språkgruppa, og skil seg
frå lulesamisk i nord og umesamisk og sørsamisk i sør. Ifølgje læraren og
kulturarbeidaren Svein Lund blir det eit språkleg tomrom når dei siste
brukarane av ume- og pitesamisk er borte. Dei gjenlevande samiske språka sør
for Troms er så ulike at dei ikkje utan vidare er gjensidig forståelege.
Pitesamisk har vore ei språkleg bru mellom ulike samiske grupper. Dette vesle
språket ber namnet bihtámsáme, og namnet overlever i det minste. Nå kan
også pitesamisk kultur ha fått ein ny kveik.
Av
Jon Peder Vestad
Lagt
ut på nettet 30. juni 2003
Kjelder:
www.an.no
(Avisa Nordland): Pitesamisk senter åpnet i Beiarn. 23.6. 2003
Ethnologue.
Languages of the world. SIL, Dallas, USA 1992
Lund,
Svein: "Aldeles ubrukt og uvandt til aandelige ideer".
Artikkel i Mål og makt 1/98, http://home.online.no/~sveilund/sami/malmakt.htm
www.nfk.no
(Nordland fylkeskommune): Pitesamisk kultursenter åpnet i Beiarn.
24.6. 2003
Professorsinstallation
3/3-2000 i allmän språkvetenskap (Jan-Olof Svantesson),
www.lu.se/info/profinst/2000/3mars/13_svantesson.html
www.sagat.no
(Sagat), juni 2003
www.sapmi.se/ssr/giella.html:
Dialektområden i Sápmi
Trosterud,
Trond: Individuelle og kollektive rettar til språk. www.hum.uit.no/a/trond/individ.html
|