| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
Uråd å få patent på plattysk   

Plattysk er for ulikt tysk til at det kan brukast når ein søkjer om patent, er det no bestemt. Derimot kan ein søkje om patent på tyske dialektar, har det tyske patentkontoret i München avgjort. 

I 2000 nekta det tyske patentkontoret å godta eit produkt fordi patentsøknaden var skriven på plattysk. Da søknaden så vart skriven på tysk, fekk produktet godkjenning. Denne diskrimineringa av plattysk førte til rettssak, som så gav klare retningslinjer frå det tyske patentkontoret. Det fortel det plattyske instituttet i ei pressemelding som nyheitstenesta Eurolang viser til.
.
Sjølv om mange reknar plattysk som ei dialektgrein av standardtysk (høgtysk), blir det av språkfolk rekna som eit eige språk. Plattysk er også kalla lågtysk og nedertysk, og er i bruk i store delar av det nordlege Tyskland. Språket er lite brukt og nærast usynleggjort i offentlegheita, og for mange er det eit såkalla "Küchensprache" som ein berre bruker i heimen. Den europeiske erklæringa om regionale språk og minoritetsspråk vernar plattysk. 

Av Jon Peder Vestad

Kjelde: Eurolang (www.eurolang.net) 13. mars 2001.03.13, og lagt ut same dag.
     

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |