| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 

Kringkastingsringen på nettet:
www.kringkastingsringen. no
 
 

 

Nyttig nynorskkurs

Nyttig var ordet som vart brukt av ein deltakar på kurset i normert nynorsk som Kringkastingsringen stelte til i Volda fyrste helga i november. Kurset var retta mot folk som vil bruke nynorsk i radio og fjernsyn, og det vart avslutta med eit timesprogram på Bygderadio Vest.

Kringkastingsringen sto for kurset med hjelp frå Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda. Dei fleste deltakarane var mediestudentar, og kurslærarar var Linda Eikrem, Håvard Sporsheim og Jon Peder Vestad. Dei har alle arbeidd eller arbeider i NRK. Også Ingolf Håkon Teigene skulle vera innleiar på kurset, men dei mellom femten og tjue kursdeltakarane måtte klare seg utan han.

Spennande og lærerikt
- Dette var spennande og lærerikt, og det er absolutt verdt å arbeide vidare med slike kurs, seier Sverre Valdal, som er dagleg leiar i Kringkastingsringen. 
- For oss var det viktig å sjå korleis eit slikt kurs ville fungere, og det kan vera ein ide å arrangere slike kurs årleg, seier han.

Kurset varte frå fredag ettermiddag til søndag ettermiddag. Fredagen vart mest brukt til føredrag, mellom anna om korleis det var å bruke normert nynorsk i etermedia, og om forholdet mellom nynorsk og dialekt. Laurdagen var det lagt opp til at kursdeltakarane skulle få øve seg på å bruke normert nynorsk på lufta - riktignok berre på husradioen som går over høgtalaranlegg ved Høgskulen i Volda. Somme arbeidde med nyheiter, andre med magasininnslag og programleiing, med rettleiing undervegs. Etter at to øvingssendingar var omme, fekk deltakarane tilbakemeldingar frå kurslærarane. Det var mye bra å høre, og enda betre vart det på den timessendinga deltakarane sto for søndag.

"Normeringsradio" på lufta
Mellom klokka 13 og 14 søndag var det "Normeringsradio" å høre på sendenettet til Bygderadio Vest, som dekkjer det meste av søre Sunnmøre. Oddmund Hoel, som er leiar for Noregs Mållag, vart intervjua om nynorskdagen 6. november og om nynorsk og informasjonsteknologi, Sverre Valdal fortalde frå studietida si i Volda på 1970-talet, og Ola Storhaugen kommenterte tettstadutvikling og jordvern med utgangpunkt i Volda. Sendinga inneheldt også humor, diktopplesing, ei bokmelding og intervju med redaktøren i Revmatikeren, forutan nyheiter.

Også bokmålsfolk tok del
Årsaka til at kurset vart halde, er at det er uvant for mange å prøve å snakke nynorsk. Men folk som vil arbeide med nyheiter i NRK, må bruke eit normert mål, anten det er bokmål eller nynorsk. Somme av kurdeltakarane har bokmålsbakgrunn, men har funne ut at det kan vera like greitt å prøve seg på nynorsk. Det gjaldt mellom andre fleire trønderar. Og resultatet vart visst ganske bra.

- Folk har arbeidd godt, og eg merkar ei betring frå laurdagsøvinga til sendinga nå i dag, sa kurslærar Linda Eikrem på oppsummeringa av kurset, og medlærar Håvard Sporsheim var også fornøgd. 

Ønskte fleire øvingar
Frå deltakarane si side kom det ønske om fleire øvingar, gjerne i grupper, der folk kunne framføre fleire tekstar på nynorsk. Fleire sa også at kurset hadde gjort dei meir språkbevisste, og eit grundig kurshefte som Kringkastingsringen har utarbeidd, gjev deltakarane gode mulegheiter til å fordjupe seg vidare i arbeidet med å finne sin etermedienynorsk.

Erfaringane frå kurset i Volda tok Sverre Valdal med seg til Oslo, ein av dei stadene der det kanskje kan dukke opp nynorskkurs for journalistspirar og andre i framtida. I Bodø og Stavanger, som også har journalistutdanningar, kunne kanskje slike kurs haldast.
 
Av Jon Peder Vestad
Lagt ut på nettet 8.11. 1999
     

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Radioordlista | Lesarbrev |