| |
|
Nynorsken
held seg godt
Nynorsken i radio
og fjernsyn har vorte meir munnleg, men også meir nynorsk dei siste tiåra.
Det viser seg nemleg at bokmålspreget var sterkare på 1960-talet enn sist på
1990-talet. Og når ein låner ord frå bokmålet, tilpassar ein oftare låna
til nynorsken.
I samband med
doktorgradsprosjektet mitt om journalistar som bruker nynorsk og haldningane
deira til språket, har eg analysert nærare 130 innslag frå nyheits- og
aktualitetssendingar i NRK radio. Eg har konsentrert meg om avvik frå læreboknormalen,
og frå det vi reknar som nynorsk stil. Da eg gjekk gjennom materialet, skilde
eg ut former og ord som viste seg å vera i samsvar med den læreboknormalen
som gjaldt, og dei er ikkje med i systematiseringa.
Språkreglar
styrer ikkje alt
Materialet femnar om
kring fire og ein halv time med nynorske tekstar, og der finn vi 56
journalistar. Den fyrste perioden går frå 1960 til 1970, den andre frå 1982
til 1984, og den siste er året 1998. Grunnen til at periodane ikkje er like
lange, er at det var vanskeleg å finne nok samanliknbart materiale elles. NRK
har ikkje arkivert nyheitssendingar i særleg grad før på 1990-talet.
I 1959 fekk NRK det
fyrste settet med språkreglar, som slo fast at medarbeidarane kunne bruke både
hovud- og sideformer. I reglane frå 1982 heitte det seg at ein skulle ”i
hovudsak bruke eit språk som ligg innanfor læreboknormalen”. Det same
gjeld reglane frå 1996. Men det er ikkje berre reglar som styrer språkbruken,
det gjer også interne retningslinjer, haldningar i tida og produksjonsvilkåra.
Ein NRK-pensjonist fortalde meg nyleg at da han arbeidde i Dagsnytt fyrst på
1960-talet, fekk han ei nøyen vurdering av språkbruken etter kvar sending av
Karl Castrén Lyche, ein av nynorskveteranane i norsk kringkasting.
NRK-nynorsken skulle vere korrekt, og rekrutteringa av filologar til
Marienlyst sikra nok eit visst språkleg nivå. Likevel fanst det både reine
feil og klare stilbrot denne tida.
1960-talet:
Tydeleg bokmålstone
På 1960-talet kunne
folk høre kjende NRK-stemmer seie nå, Norge, bodde, fulgt, gikk, åndelig
og øyeblikk. Samsvarsbøyinga var dei heller ikkje heilt støe i. Ja,
dei fleste typar avvik frå korrekt nynorsk som vi registrerer i dag, fanst da
au, og dei er ikkje knytte til ein eller to bestemte NRK-medarbeidarar. Det
som er mest slåande, er det tydelege bokmålspreget nynorsken i kringkastinga
hadde.
Dei som kjempa mot
genitivs-s-ar, kjempa tydelegvis forgjeves. Her finn vi formuleringar som
”menneskets herredømme”, ”presidentens prinsipielle programsyn” og
”ein nobel fredens tenar”, attåt alle genitivane ved namn. Nå er ikkje
dette forbode, men i dag vil nok mange seie at dette er språkbruk som peikar
i retning bokmål. Enda tydelegare ser vi det i mangelen på dobbel bunden
form. Det finst flust av formuleringar som ”dei tunge våpen måtte
Vest-Tyskland få…, å forlate den politiske arena, ein av dei eldste og
fremste mellom nordmenn, det mest originale innslag, den tid og dei krefter
som vart brukte på den saka”. Det er heller ikkje i tråd med god nynorsk
språktone i dag å fortelja at ”dei slo opp sine telt” eller ”ein xx følgde
min gang”. Det vart gjort den gongen.
1980-talet:
Dialektpreg
Medan bokmålspreget
er tydeleg i nynorsken i kringkastinga på 1960-talet, er det dialektpreget
som slår ein mest i opptaka frå 1982 til 1984. På denne tida dreiv dialektbølgja
og stilna, og ho sette merke etter seg. Nærradioane var ennå berre så vidt
i gang, og hadde i liten grad tilført NRK nokon ny språkkultur. Men på
1980-talet hadde radioen vorte mindre manusbunden enn tidlegare. Medan kjende
nynorskstemmer på 1960-talet som den nemnde Lyche, Arthur Klæbo, Ottar
Odland og Per Riste stilte med ferdigskrivne manus i studio, vart meir sendt
direkte nå.
Det nynorske
nyheitsspråket i radioen fyrst på 1980-talet syner at journalistane lånte
meir direkte frå bokmålet, men også tilpassa fleire av låna nynorsken.
Dialektpreget viser seg mellom anna i substantiv- og presensendingar (dykkara,
skula; snakka, meine), og i pronomenbruken, der former som ka, nåkken
og some vart nytta. Om lag kvart tredje registrerte språkdrag kan førast
attende til målføra denne perioden, og det munnlege preget viser seg også i
at det nesten ikkje var noko av manglande dobbel bunden form.
1998: Tilpassing
til nynorsk
Opptaka frå 1998
inneheld færre avvik frå nynorsknorma enn i perioden før. I båe desse
periodane dukkar dei fleste registrerte funna opp i ordtilfanget og verbbøyinga.
I større grad enn i dei to andre periodane, kan avvika frå 1998 peike i
retning nynorsk. Det vil mellom anna seia at om ein har lånt eit ord frå
bokmålet, så blir det tilpassa det nynorske bøyingsmønsteret. Vi finn til
dømes ord som forestillingar, samtlege og forurensa. Vi finn au
verbformer som reduserar, endte og svekka, og feil bruk av kjønn,
manglande samsvarbøying osv. – som tidlegare. Dialektpreget er tydeleg
mindre, medan draga som kan førast attende til bokmålet, er noko fleire enn
i perioden før. Det viser seg at det er nokon fleire tilfelle av manglande
dobbel bunden form (”Den raude hær, nestleiar i SV”) og eigedomspronomen
før substantiv enn det var i opptaka frå 1980-talet. Dette kan tyde på at
det nynorske nyheitsspråket har vorte noko meir skriftprega att.
For høg
”bokmålsprosent”
Eg har systematisert
materialet etter om det er funn i formverket, ordlån eller formuleringsmåtar.
Eg har halde meg til den rettskrivinga som gjaldt i kvar periode, og som nemnt
sett på avvik frå læreboknormalen. Der det har vore muleg å seie om eit
språkdrag peikar i retning av bokmål, nynorsk eller ingen av delane, har eg
gjort det. Men her kjem bokmålet inn som ein forstyrrande faktor i dobbel
forstand. Det er jo ikkje slik at om eit språkdrag i talt nynorsk samsvarer
med bokmål, så er det bokmålet som lurer under. I mange tilfelle samsvarer
bruk av sideformer og ord utafor nynorskordlistene med dialektar. Men sia eg
ikkje har kunna undersøke dialektbakgrunnen til kvar enkelt medarbeidar, har
eg plassert språkfunna etter muleg samsvar med nynorsk, bokmål eller
dialekt. Det betyr at ”bokmålsprosenten” alltid er noko for høg i
systematiseringa.
Materialet under
eitt syner at det er færrast avvik frå nynorsknorma i materialet frå
1960-talet. I alt var det vel 210 funn i denne perioden, rundt 315 i neste og
275 i den siste. Og avvika fordeler seg ulikt. Medan nynorskfolka i NRK heldt
seg relativt støtt til nynorskordlistene på 1960-talet, kunne dei samstundes
ofte bruke språkdrag som samsvarte med eller peikar i retning bokmålet.
Adjektivendinga –lig var til dømes heilt vanleg. Over 70 prosent av
språkfunna frå denne perioden kan peike mot bokmålet. Sia avvika fordelte
seg på færre kategoriar enn i dei andre to periodane, vart dette mulege bokmålspreget
også meir dominerande. Frå perioden 1982 til 1984 kan i underkant av 50
prosent av språkfunna peike mot bokmålet, og i materialet frå 1998 er vi
oppe i vel 60 prosent att.
Svakare
kunnskapar, men sterkare lojalitet?
Undersøkinga syner
klart at kunnskapen om rettskrivingsreglar for nynorsken har vorte svekt frå
1960-talet til i dag. Bokmålet har i heile perioden vore ein konstant påverkingsfaktor
for den talte nynorsken, og dette må vi sjå i lys av bokmålsdominansen i
Noreg. Men det som er spesielt interessant å leggje merke til, er at
nynorsken også er styrkt denne perioden. Det har seg slik: Dersom ein
nynorskbrukar på 1960-talet trødde utafor nynorsken, gjorde han det
”skikkeleg”. Berre 11 prosent av dei avvikande språkfunna frå denne
perioden kan førast tilbake til nynorsken, medan over 21 prosent gjorde det i
1998 (17 i 1982-84). Haldninga ser ut til å vera at ein skal unngå både å
snakke dialekt og å verke bokmålsaktig. Ergo gjer ein språket ”mest
muleg” nynorsk, og det er jo ei sympatisk haldning!
Språkdrag som er
tilpassa nynorsken, er i utgangspunktet avvik frå nynorsknorma. Men
nettopp fordi desse funna er tilpassa nynorsken, representerer dei
ikkje noko brott med nynorsken som målform. Truleg har det vorte
formidla tydelegare korleis ein ”bør” formulere seg på nynorsk i tida
etter 1970. Samstundes har dialektbølgja og utviklinga av radioen som eit
direktesendt medium vore med på å føre språktonen nærare ein munnleg og
muleg ideell nynorsk stil. Det tyder på at nynorsken som bruksmål i radio og
fjernsyn greier seg godt.
Muleg
nytteverdi
Funna frå denne
undersøkinga kan brukast til så mangt. Dei som vil slå fast at ein del
journalistar ikkje meistrar samsvarsbøying og kjenner dårleg til
rettskrivingsreglar, kan få det stadfesta. Ønskjer ein å bevise at
tradisjonelle ord og former er lite nytta, ser ein det lett. Dei som ønskjer
å dokumentere at sideformer som adjektivet nå, endingar på –lig,
sideformer som bare, muleg, tatt og gjøre er i bruk, finn det.
Dersom ein vil sjå endringar i den talte nynorsken i denne perioden, finn ein
at han har vorte meir munnleg. Er det bokmålspåverking ein er ute etter,
blir ein ikkje skuffa. Men dei som påstår at bokmålet har fått større
makt over nynorsken, vil derimot ha vanskar med å finne det her.
Materialet syner at
normbrotta har vorte fleire, men i større grad enn før er dei tilpassa
nynorsken som målform. Bokmålspreget i stil er mindre tydeleg enn det var før.
Den normerte nynorske tala i etermedia viser seg å vera fleksibel, mangfaldig
og klart prega av brukarane. Med andre ord: tidsriktig og levande.
Av Jon
Peder Vestad
Denne kronikken sto
i Dag og Tid februar 2003. Lagt ut på nettet 13. mai 2003.
|