| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 
 
 
 

 

Drag frå nynorsken i NRK 1960-1999

Eg listar her opp språkfunn frå det materialet eg har analysert frå nynorsk brukt i nyheitssendingar i NRK frå 1960-1970, 1982-84 og 1998. Dette er altså former som er brukte av journalistar med nynorsk arbeidsspråk i NRK.

Språkdrag som er funne i minst to av periodane:

Ordformer: Bare, bilde, nå, ennå (så vanleg at det ikkje vart registrert), mye (ikkje registrert sia det var hovudform), noe, noen, sia (ikkje registrert sia det var hovudform)

Ulike drag ved verbbøyinga:

Kløyvd infinitiv (vanleg hos austlendingane i materialet)

Manglande samsvarsbøying (svært vanleg)

Blanda verbbøying (ulike tider): endte, innrømma, kalt, leia, reduserar, snakker, verner, skadar, svekka, styrka

Langformer av sterke verb: øydeleggjer, finner

Enkeltformer: gikk; gjør/gjøre, offentleggjøre; frigjøringshæren; tar/tatt, opptatt, deltar

J-lause former:

a) substantiv: innsetting, rekke, røykeføresegner, røykeføresegnene, røykelova, røyrleggarane, sysselsettinga

b) verb: besøke, bygge, dekke, legge/legga, ligge, mistenker, planlegge, sittande, spøker, svekke, svekka (perf.), styrka (perf.), søker, tenkast, tenker, tilsette, undersøke, ville

Adjektiv/adverb på –lig: alvorlig, deilige, dårlig, dårligare, folkelige, hyggelig, høgtidelig, kongelige, kristelige, naturlig, nylig, personlig, tilbørlig, trulig, ungdommelige, umulig, vanlige, vanskelig, umoglig, verkelig, vestlige, åndelig

-ar/ane i visse hankjønnsord: bustadar, gjestane, gongar, sekkar, utestadane, veggane

Funn frå ein av dei to siste periodane (utval):

a) Verb: avga, ba, dødde, fenge, gjeng, he (hev), ryme (rømmer), skreme (skremmer)

b) Andre ordklasser: borna, koffår (korfor), koss, muleg/umulig, some (somme)

Jon Peder Vestad, desember 2002. Lagt ut 12. desember 2002

   
 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |