Ved Hoorn, nord for Amsterdam, er det ein innsjø. I den innsjøen
finst det visstnok ei øy som heiter
Marken/Maarken. Namnet har øya fått etter Telemark,
av innvandrarar frå Noreg for nokre hundreår sia. På
denne øya skal det bu ei dame som nå er 104 år
gammal, og ho snakkar eit blandingsmål mellom nederlandsk og
norsk, eller så har ho iallfall norske språkmerke i
dialekta si.
Dette fekk sambuaren min høre av ein nederlendar i Volda. Interessant!
Eg sende brev med spørsmål om dette kunne stemme
til Kamilla Aslaksen, som er norsklektor ved Universiteit van Amsterdam.
Eg spurde også i diskusjonsgruppa nl.taal om det
same. Nl.taal er eit internettforum om nederlandsk språk.
Svar kom. Kamilla skreiv at "den der aprilspøken må du
dra litt lenger ut på landet med", og ho hadde fått kollegaen
Muriel
Norde til å uttale seg om saka:. "Ön brukade heta "Markerhoefde"
(med stavningsvarianter) på 1200- och 1300-talen, vilket
innehåller elementet "mark". Detta ord betyder ursprungligen
"igenkänningstecken", senare "gränsmarkering" och senare själva
gränsområdet. Det kan också syfta på ett samhälle
med egen marnadsorganisation. Det har alltså inte ett dugg med Telemark
att göra, hoppas ni inte blir alltför besvikna."
På nl.taal sette spørsmålet mitt i gang ein liten
runde med diskusjon. Nico de Jong nemnde at han hadde hørt at eit
spansk skip
hadde prøvd å invadere Amsterdam rundt 1600. På
grunn av dårleg ver kom ikkje skipet lenger enn til Marken, og dei
som var
om bord sette spor etter seg der. Det skal vera grunnen til dei genetiske
forskjellane mellom folket på Marken og andre.
Martien van Geffen hadde lese om dette i Kroniek van Nederland, og
kunne fortelja at dette hadde skjedd på hausten i 1573.
Marken finst. Det ligg i Waterland-distriktet i Noord-Holland, og er
eit populært turistmål. Den som reiser dit kan nok oppleva
gammal kultur, men neppe med norske røter.... Så var den
gåta oppklart - eller?
Av Jon Peder Vestad, mai 1999