I den norske målrørsla er Ølve mållag noko heilt spesielt. Dette laget samlar nynorskfolk som ikkje ønskjer å ha verv, men som likevel vil støtte Noregs mållag. Internettet mållag er eit anna særlag - eller er det ikkje det? Laget har all aktiviteta si på nettet, det samlar folk frå heile verda, og ikkje alle av dei er nynorskbrukarar heller.
Internettet mållag var stifta i november 1994, og Kjetil Torgrim
Homme er administrator for laget. Han fortel at det nå (i januar
1999) er om lag nitti menneske som er knytt til laget.
- Kor stor aktivitet er det i laget - går diskusjonen friskt?
- Nei. Vi har hatt nokre diskusjonar mellom i-målsfolk og meir
avslepne nynorskbrukarar om anbeheitelse-ord, og klagesongar om å
få undervisningsmateriell på nynorsk. Stort sett er aktiviteten
låg, og det er vel alltid "problemet" når folk stort sett er
einige.
Fungerer som ei postliste
Homme fortel at aktiviteten i laget varierer sterkt, men medlemmene
får post nesten kvar veke. Det Internettet mållag fyrst og
fremst blir brukt til, er annonsering av føredrag, møte og
publikasjonar. Bak namnet skjuler det seg altså fyrst og fremst ei
postliste, eller ein kan seia at det er ei diskusjonsgruppe med skiftande
diskusjonslyst. Homme vedgår at namnet på tiltaket kan verke
forvirrande, for Internettet mållag er slett ikkje tenkt som noko
alternativ til lokallag eller særlag i Noregs Mållag.
- Korleis kom Internettet mållag i stand?
- Uff, det hugsar eg ikkje. Eigentleg var det Jardar Eggesbø
Abrahamsen (jardar@nvg.ntnu.no) og Sturle Sunde (sturle@usit.uio.no) som
stod bak, eg berre tok over det administrative da Sturle skulle i militæret.
- Kva slags folk er med i laget?
- Kven som helst som er interesserte i nynorsk eller målrørsla.
Ganske mange er utlendingar som har lært om eller undervist i nynorsk
på eit universitet, folk frå USA, Canada, Nederland, Storbritannia,
Danmark, Frankrike og Australia.
Ikkje alle desse er målfolk, fortel Homme, og han har inntrykk
av at dei fleste er tilknytt undervisningssektoren på ulike måtar.
Meir nynorsk på nettet nå
I over fire år har laget formidla kontakt mellom folk som er
opptekne av nynorsk. Det kjem til tre-fire nye namn på postlista
kvar månad, og det er sjeldan nokon melder seg ut. Dei som ikkje
lenger er å nå med e-post, blir strokne, fortel Homme. Han
undrar seg forresten over at det ikkje finst eit liknande tiltak som Internettet
mållag for riksmålsbrukarar.
- Korleis vurderer du aktivitieta til målrørsla på
internett?
- Ikkje veit eg. Aktiviteten er sikkert grei nok. Det viktigaste er
å få kvar enkelt skapnynorskbrukar til å bruke målforma
si i epost, i nyheitsgrupper og på WWW. Spesielt på news synest
eg at prosenten med nynorskinnlegg har auka siste året, og dette
vonar eg er ein sjølvforsterkande prosess. Når ein ser at
mange andre brukar nynorsk heilt naturleg, er det enklare å skrive
nynorsk sjølv.
Utan heimeside
Kjetil Torgrim Homme kjem sjølv frå "nynorsk-Noreg", frå
Herøy i Møre og Romsdal, og han arbeider som overingeniør
i Oslo. Dei åra han har vore aktiv på nettet har han så
godt som ikkje vorte hetsa for å bruke nynorsk.
- Finst det gode internettsider på nynorsk som du vil framheva,
eller sider som av andre grunnar er interessante?
- Gule sider (Telenor) finst i nynorskutgåve, det synest eg er
litt kult. Elles er det heller få ressursar på nynorsk unnateke
Nynorskordboka og Språkrådet.
Sjølv er Internettet mållag utan heimeside på internett,
og det har heller ikkje vore påtenkt, iallfall frå Homme si
side. På spørsmål om eldsjelene bak tiltaket har vurdert
å opprett eit diskusjonsforum der målfolk kunne utveksle synspunkt
i sann tid, svarer han nei. Men det kan kanskje Noregs mållag gjera?
Dersom du vil bli med i Internettet mållag, sender du eit e-brev
til iml-request@math.uio.no
Intervjuet er skjedd per epost, og lagt ut 16. januar 1999.