 |
Nå har
jei vært i Oslo en uke
- å i ska vare herno ei veke te
Slik sa han det, romsdalingen i Oslo som ikkje riktig visste kor han høyrde
heime i språket. Greitt nok det, eg må innrømme at eg
knotar iblant, eg au, for eksempel når eg er i Finland eller Danmark.
Det er betre å bli forstått enn ikkje å bli forstått,
seier eit visdomsord, og stort sett held vi oss heime i språket vårt,
her til lands.
"Do you have languages in Norway?" Spørsmålet
er heilt sikkert stilt. Eg kom til å tenkje på kor lite enkelte
veit om andre, da syskenbarnet mitt kom att frå USA med dette spørsmålet:
"Do you live in houses in Norway?" Om vi bur i hus i Noreg?! Ja, kva skulle
vi elles bu i? Og kva skulle vi ha snakka, om det ikkje var språk?
Vi har til og med vårt eige, og det er det mange ute i verda som
ikkje veit.
Det vi ikkje veit, er kor heldige vi er som
faktisk har vårt eige språk, og det attpåtil i to utgåver!
Vi skal ikkje fare langt før morsmålet til mange menneske
er det dei kallar kjøkkenspråk, det vil seie sit språk
som berre blir snakka i familiane, og ikkje på skulen og i arbeidsliv.
Kanskje er det slik at ungar som snakkar platt-tysk i nord-Tyskland, får
høyre at "no må du hugse å kle på deg ordentleg
språk før du går ut"
Vel, heilt idyllisk er det ikkje i Noreg heller.
Det har jo vorte sagt at i Noreg har vi tre typar mål, det er riksmål,
landsmål og slagsmål. Det har nok vorte sendt nokre spyttklyser
og skrangla i nokre kjaker på grunn av språk her til lands
au. Det er ikkje sikkert det er så lenge sia.
Det er forresten litt pussig at slagsmål
høyrer saman med fest her til lands. Eg skal ikkje nemne alle moglege
grunnar, dei kjenner vi jo, men tenk på det: I trivelege lag, når
vi er festkledde og oppstasa, da er det vi oftast kan oppleve slagsmål.
Er det ikkje om språk, så er det gjerne om ei jente eller ein
kar. Kanskje om Ivar Aasen? Eg ser ikkje bort frå at det kan vere
kamp om han, nei, blant menneske som vil feire ein mann og eit språk.
Ei trøyst er det at Aasen iallfall ikkje er gløymt, da.
Det gjeng ingen stad så underleg til
som i verdi, skreiv Ivar Aasen. Absolutt! Hadde han skulla seie dette på
gata i Christiania, hadde han nok knota som romsdalingen eit hundreår
etter. No hadde ikkje romsdalingen vore nøydd til å knote,
for folk forstår dialekt i Oslo au no. Svært mykje talar for
det, iallfall. Men kanskje han laug, romsdalingen, og var i København?
"Det e lett å lyge når`n e langt hæmafrå", seier
dei i Romsdal. Sant nok. Og like sant er det at alle kan snakke som dei
vil i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda, no som da Ivar budde her.
Eit opphav må allting ha, også
nynorsken, og det er på målet ein kjenner mannen. Eller var
det omvendt? I det flotte reisemålet Ørsta byr på, Ivar
Aasen-tunet, kan nok folk finne svar, og sikkert nokre spørsmål
òg. Det er jammen godt det står att noko å oppleve og
lære!
Av Jon Peder Vestad
Lagt ut på nettet 2. mai 2001
.
|
|