| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

Her finn du fleire bilde frå India:
Indisk kaffi!
Trafikkfaren i India
Taj Mahal
På handletur i India
Blikk inn i indisk politikk

Les også:
All India Radio - stor dekning og få (?) lyttarar
Vanskeleg, men muleg å skrive kritiski Kodagu Front
Volda-Mangalore 1-1
I hinduistavisa Hosadigantha
Frå frigjeringsmiddel til pengepresse
Spåmann: -Du blir aldri rik

Ymseposten er eit magasin med artiklar om alt frå Volda til verda. 
Bokinnsynet inneheld små og store bokomtalar og anna bokstoff.
Mål og middel er ei samling fagartiklar om språk og media.
Privaten er den minst  journalistiske og faglege delen av Vestads vevstad.
Stabburet inneheld stoff som absolutt er  forelda.

Mitt India - ein del av det

India er stort, mangfelt, rikt, folkerikt, masete, roleg, varmt, vått, støyete, stille, snilt, småskummelt... Vel, trafikken er meir enn småskummel!, men det er vel berre å pøse på med klisjear og motsetningar når ein skal fortelja frå India. (Ti bilde)

I oktober 1998 reiste vi to lærarar og seks studentar frå Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda til India. Der besøkte vi medieutdanninga ved Mangalore University, og var i Mangalore knappe to veker før ferda gjekk vidare til Kodagu, Mysore, Bangalore og Delhi. Eg har skrivi ein del artiklar frå India, og nokre av bilda eg tok kan også gje nokre gløtt inn i dette veldige riket. 

På frukt- og grønnsakstorget i Mysore, som er ein nydeleg by full av historiske minne.

India har alt, og dei fleste manglar det meste - sett med norske auge, og med materielle gode i tankane. Og kan det vera nødvendig å hjelpe eit land med så mange styrtrike menneske? Eg gjer meg tanken, etter å ha reist i delar av landet - eller kontinentet, kan ein kanskje seia - ein liten månad. Å møte India og menneske derifrå er det iallfall all grunn til å gjera. Eg reiser gjerne attende.
 

Den indiske gjestfriheita gjer nordmenn lett forlegne og flaue. Mat manglar det ikkje når det kjem gjester, og det er komplett uråd å gå svolten frå bords. I venstre framkant ser vi noko av hovudet til Hallstein Vemøy, deretter følgjer Synøve Nes, reiseleiar Eivind Rønnestad, Øyvor Bakke blir servert, og attmed henne sit Øystein Larsen. Håvard Heggen ser vi såvidt. Bak finn vi to av dei mange, triveleg indiske hjelparane våre. Dette måltidet hadde vi i Kodagu, eit fjellområde aust for Mangalore i sørvest-India.
 

Øystein og Øyvor i festskrud.
 

Eit praktbygg i Mysore.
 

For ein nordmann ser dette ut som jungel. For ein indar er det vel berre ein vanleg skog. Men litt spesielt, også for indarar, er det at det finst ville elefantar i dette området. Bildet er teke på vegen mellom Kodagu og Mysore i delstaten Karnataka i sørvest-India. 
 

Slottet i Mysore, som nå er museum. Etterkommarane etter den tidlegare rajahen som budde her, driv eit privat museum på området. 
 

Det er ganske lett å bli lagt merke til når ein er ei høg, lyshuda kvinne. Silje Ekeland merka det meir enn ein gong!
 

På restaurant, og kylling står temmeleg sikkert på menyen. Det same gjer nanbrød og rettar som det ikkje er så lett å hugse namna på. Vi ser Synøve Nes, Håvard Heggen, Øyvor Bakke, Øystein Larsen, Silje Ekeland og ein flik av Hallstein Vemøy. Den indiske maten var ikkje så sterk som eg hadde frykta, berre ein gong vart det for ille. Til mange måltid fekk vi ingefærblad, og det var ei god forfrisking, og ikkje ueffent mot dårleg ånde.
 

Mr. Vestad på internettkafé i Bangalore. Det var lettare å finne internettkafear i India hausten 1998 enn i Oslo våren 2000. Og ja da, Vestads vevstad vart sjekka, etter at aviser heimafrå var skanna. Barten vart meir indisk etter kvart.
 

Ein fredeleg og nydeleg overnattingsstad i kolonistil midt i Bangalore. 

Tekst og bilde: Jon Peder Vestad. Bilda er frå oktober/november 1998, og er lagde på nettet i juni 2000.
   

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | PrivatenLesarbrev |