| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
    Minst fem truga samiske språk 

Dei samiske språka på Kola-halvøya står i fare for å døy ut. Kildinsamisk er det største og kan kanskje klare seg, men det blir ikkje snakka av meir enn om lag 600 personar. 

Kildinsamisk er likevel brukt av såpass få at språket blir sett på som alvorleg truga. Hausten 2003 kjem det i gang att radiosendingar på kildinsamisk, og det blir sett på som eit viktig steg for å ta vare språket, opplyser den svenske sameradioen.

Dei tre andre samespråka på Kola-halvøya er det lite håp for. Både Notozerosamisk, som er ein variant av skoltesamisk,  og tersamisk blir brukt av berre mellom tjue og tretti menneske. Dei yngste brukarane av desse språka er fødde på 1930-talet. Det fjerde samiske språket på Kola-halvøya, akkalasamisk, er det berre eitt menneske som kan lenger. Men også i Sverige er samiske språk like dødsstempla. Der er ume- og pitesamisk i ferd med å døy ut med den eldste generasjonen. 

Den store språkoversikta Ethnologue (1992) gjev ikkje opp tal på kor mange det er som snakkar pite- og umesamisk, men opplyser at båe språka har vore i bruk også i Noreg.

Lagt ut på nettet 13. mai 2003.

Kjelder: Jörgen Heikki, Sámi Radio, Lujávr (Lovozero) 23. april 2003; Ethnologue 1992.

 

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |