| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
 Minnedikt om Per Sivle
   

I samband med skipinga av Per Sivle-laget hausten 2002 kan det vera interessant å minnast dikta som er skrivne til minne om Sivle.

Eg har funne dikt av Eystein Eggen (d.e.), Olav Ejkland, Anders Hovden, Magnus Thingnæs og Torvald Tu. Desse dikta har eg kome over i seinare tid og byggjer ikkje på nokon systematisk etterrøknad. Truleg er det fleire som har skrive minnedikt om Per Sivle - både livet og lagnaden hans innbyr til å setja ord og tankar på papiret. Mogleg kan Sivle vera ein av dei diktarane det er skrive flest dikt om. Kjenner lesarane til fleire minnedikt om Sivle, er eg takksam for melding.

Ein kan tenkje seg at det med tida vil koma skrifter frå Per Sivle-laget, da kan det vera aktuelt å prente nokre av minnedikta der. Sjølv skreiv Per Sivle dikt til fleire personar, til dømes til Ivar Aasen, Hans Ross, Bjørnstjerne Bjørnson og Elisabeth Edland. Det kan vera verdt å koma i hug det òg.

Av Gudmund Harildstad

Lagt ut på nettet 13. mai 2003

 

 

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |