|
Jåleri
med ord
Vi som kom til verda eit
halvt saeculum pluss eit decennium og vel så det før utgangen
av vårt millennium, er nok ikkje heilt oppdaterte og fancy i ordforrådet.
Men vi trur vel vi er gamle nok til å seie frå om det vi ser
som dårskap og jåleri i allmenn språkbruk.
Av Bjarte Alme
Likevel, det nyttar sjølvsagt
ikkje, forstår vi, å gi uttrykk for noko slikt, ikkje
i ei språkdrakt utan siste oppdatering. Det nyttar ikkje å
kome dragande med ord som tusenår og liknande. Folk ser på
oss, det er som om vi skulle gått med treski og eplenikkers. -Kva
slags decennium lever du i, skal tru?
Men nokre av
oss lever altså framleis i ei tid og ei verd der det ikkje er så
viktig å vere heilt på moten til ei kvar tid. Vi meinar
til dømes at det må gå an å kjenne til eit moteord,
utan at ein dermed må bruke det heile tida. For nokre år sidan,
eller for nokre moteord sidan, var det om lag uråd å føre
ein samtale på oppdatert norsk utan å bruke ordet unik minst
ein gong i kvar setning. Til sist var unik så utslite at det
ikkje lenger kunne brukast til å halde på noko form for meining,
og ordet er vel no sendt tilbake til ein bortgøymd plass i ordboka
der det kom frå. Det unike var ikkje lenger unikt nok.
Nye ord står
stadig for tur til å få plassering i nokre månader eller
år på moteordbransjen si ti på topp-liste. Eitt var rimeleg,
som for ikkje lenge sidan vart forfremma til å tyde alle gradar av
urimeleg, og som ei tid har hatt monopolstatus for å markere alt
som før var fælt eller svært. Snart får vel også
rimeleg eit rimeleg trist tilvære som språkleg attgløyme.
Vi har ikkje
noko språkpoliti her i landet, og skal ikkje ha det. Det må
gjerne vere ein menneskerett for alle å bruke så mange moteord
dei berre vil, så ofte og lenge dei vil, om dei no ser seg
tente med det. For mange er det tydeleg nok viktig å markere at dei
har vore vakne i timen og fått med seg det siste og nyaste
i ord som er i ferd med å verte trendy. Det er liten vits i å
lære moteorda etter at dei fleste andre har teke dei i bruk. Poenget
er nok heller å markere sine trendy ordkunnskapar før dei
fleste andre (hittfolket, som dei sa før) hadde lært kva det
handla om. For eit moteord er det ingen føremon at det er
lett å forstå, heller tvert om. Sjølv har eg til dømes
aldri makta å forstå kva som ligg i ordet heftig, og
heller ikkje i spektakulært, men eg trøystar meg med at dei
begge truleg kan tyde kva som helst.
Det går
an å ergre seg: I dei snart utbrende restane av det vi måtte
ha hatt av nasjonal språkkultur, ligg det framleis eit nesten ubrukt
ordforråd som ikkje er av fossil karakter. Det er ord som vi har
brukt mest til det siste, og som inntil nyleg hadde sin fulle verdi. Det
var før dei vart utkonkurrerte av moten, og skubba utfor skrivebordskanten
fordi dei var umoderne.
Det er ikkje
noko gale med moteorda, ut over det at dei er moteord. Det er ikkje noko
i vegen med ordet millennium heller. Det er god latin, i og for seg. Det
er jamvel godt nok på engelsk, fordi engelsk er så fattig at
det er vanskeleg å finne eit godt angelsaksisk alternativ i akkurat
dette tilfellet.
På norsk
er vi så språkleg velståande at det faktisk finst gode
alternativ, som er kortare, og ikkje minst klarare. Tusenår (eller
årtusen) kan knapt mistydast, verken med eller utan ordbok.
Ordet millennium
har to tydingar, og ingen av dei er ”tusenårsskifte” som nokre kanskje
trur. Gjennom det meste av vår vesteuropeiske latin- og lesekyndige
historie har det vore lite bruk for å mase om kva for eit tusenår
ein til ei kvar tid levde i, og millennium i tydinga ”tusenår” var
faktisk lite brukt. Bruken av ”millennium” var helst i overført
tyding – ”tusenårsrike”, eller fenomenet med dei ulike grupper og
sekter av religiøse svermarar som trudde på eit slikt rike
på jorda.
Eg trur knapt
at dei fleste av ”millenniaristane” i notida i grunnen ventar på
tusenårsriket. Eg trur snarare tvert om – at dei nettopp har lært
ordet, har fått det for seg at dei ”må” bruke det, og at dei
kjem til å gløyme det heller fort. Eg trur millennium – paradoksalt
nok - ikkje er eit ord som kjem til å leve lenge – i vanleg språkbruk..
Grunnen til
at millennium har dukka opp i norsk skrift- og talespråk i det heile
– i vanleg bruk først no i dei siste månadene – er sjølvsagt
at det har vandra inn frå engelsk. Dei fleste store nyvinningane
– skal vi seie moteorda i eliteserien – brukar å kome den vegen.
Ofte dukkar ordet opp – å sjå til frå det store ukjende
- det kjem som ein komet, lyser opp og er omtalt og uttalt av alle for
ei kort tid, til det har tapt all interesse og bleiknar bort, på
veg tilbake til mørket og gløymska. Moteorda kjem og fer.
I realiteten
er det ikkje heilt slik. Dei fleste vandrande moteorda har sjølvsagt
eit velkjent opphav, og har heile tida vore å finne ein stad, brukt
i meir avgrensa tydning i særskilte miljø eller språksamfunn.
Mange av dei store moteord-kometane er av latinsk opphav – både millennium
og unik er viktige døme på det. Det latinske opphavet kan
medføre den eigenskapen at ordet verkar framandarta, det stikk seg
litt ut, og det er ein klar fordel. Skal moteordet verkeleg slå til,
bør det helst verke litt ekslusivt, ein framandarta verdsborgar.
Å ergre
seg over komande og farande motar i språkbruken er nok ei garantert
unyttig form for tidtrøyte. Eit godt alternativ til ergrelsen er
å flire litt. Kan hende er det akkurat det som ligg i tankane til
det norske Språkrådet. Rådet har skapt diskusjon blant
professorane med eit vedtak om at millennium ikkje skal bøyast på
norsk, altså ikkje som ”milleniet”, til dømes, eller ”millennia”.
Det finst gode argument for eit motsett standpunkt, men Språkrådet
skal ikkje ha ordet opp att på saklista før langt inn på
nyåret, godt over tusenårsskiftet.
Då er
det kanskje ikkje lenger så stor interesse for millenium-maset? Måtte
millennium få sove i tusen år…
Artikkelen har vore trykt
i Sunnmørsposten, og vart lagd ut på nettet 22.11. 1999.
|
|