| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 

Metrofili og heimstadglede

Det har vorte så moderne å stå fram i dag at det nesten er umoderne. Står ein ikkje fram som det eine, så er ein helst det andre, og det endar på -fil det meste. Eg hørte om ein kar som var så glad i å kjøre bil, og han skal stå fram som kjørefil. Dei mest byglade, urbane av oss, er metrofile

Sjølv er eg ikkje av dei som er fyrst ute med ting, men likevel: Nå er det min tur til å stå fram, og det heilt utan sekstenårs-grense. Eg vil nemleg stå fram som republikkfil, som republikanar med ei monarkistisk innsikt. Ja, ikkje skjønner eg korfor vi skal halde oss med kongehus når vi har både stortingspresident og statsminister. For ikkje å glømme Knut Haavik i Se og Hør, da - skal tru om Haavik har slekt i Volda, forresten? - og verstingen i VG, ikkje Erling Bø, som faktisk kjem frå Volda, men Olav Versto. Både Haavik og Versto veit å samle folket - Folket med stor F - og uttrykkje det vi alle føler og meiner… Vi bur i nisselueland, vi er gammaldagse og sidraua, er vi fortalt, og vi nikkar og er iallfall delvis einige. 

Eigentleg skulle vi ha budd i eit land med breiare vegar, billigare mat og betre ver…. Vel-vel, somme gonger meiner vi nok det, mange av oss. Og så vil dei fleste av oss ha monarki, og det er her den monarkistiske innsikta mi kjem inn: Folk ønskjer monarki mellom anna for å sleppe unna småkongar i Volda, i VG og andre stader - og ikkje minst fordi det knyter oss tettare til historia: Eg har sett kong Olav, eg har helst på kong Harald, menn som kjem til å vere nemnde i historiske verk lenge etter at Dan Børge Akerø og Synnøve Svabø er viska ut av folkeminnet. Og kong Olav, som kong Harald, fekk handhelse på andre kjende menneske som vi veit hamnar i verdshistoria. Når vi har eit nært og kjært forhold til kongefamilien, så får vi historia tettare på oss, og det er ei historie som varar lenger enn eit fjernsynsprogram eller ein stortingsperiode. Det er ei historie som varar minst frå viktingtida, som overlevde svartedauden, svensketida og oljekrisa. Og derfor ønskjer vi ikkje eit presidentstyre der vi blir styrt av eit menneske som er kjent og valt, og litt for likt oss sjølve, som klypper plen og hentar ungar i barnehagen, utan å bryte fartsgrensa….. 

Til saki: Men kunne eit vanleg menneske frå Trondheim, Trandal eller Mork om ein vil, bli president eller konge? Ja, det finst nå ein språkkonge frå bakkane oppi Hovdebygda da, han Ivar Aasen, men det blir av eit anna slag. Det er knapt nok så eg trur ein mogleg konge eller president kunne komma frå våre trakter. Snart alt positivt, alt å strekkje seg etter, kjem nemleg i dag frå byane. Det skal eg snart komma nærare inn på, men fyrst vil eg fortelja ei historie frå verkelegheita. 

Det var ved dei tider at nordmenn begynte å gå på kafé med c, på den tida da mannlege lærarar i kyst-Noreg tok forskot på arv og vart fiskeoppdrettarar og kvinnelege lærarar vart flyktningekonsulentar. Det var omtrent på den tida da rosa var den flottaste fargen folk kunne tenkje seg og vi let det svinge, let det rock`n`roll - før børsboblene og ein god del ekteskap sprakk. Det var altså på det glade eller galne 1980-talet. Eg skulle på kafé, sjølvsagt med c. 

Eg hadde vore på interrail og drukke ein spesiell type kaffi som eg au hadde fått servert i Oslo, og denne kaffien var så innmari god. Vel, inne på den kule kafeen med c, med høge, runde bord og vaglestolar, der fekk vi noko så avansert som ein kaffimeny. Eg ville sjølvsagt ha den nye favorittkaffien min. Da vi skulle tinge, fortalde eg servitøren at eg ikkje kunne finne kaffien eg ville ha. -Og kva var det, spurde servitøren. -Café olé, svarte eg. - Men den har vi da. Sa servitøren, og peikte ned på noko som heitte "café au lait". Det smakte småflautt av den kaffikoppen, kan eg lova dykk.

Men dette er lenge sia. I dag er det mye verre. No er det slik at skal du vera eit anstendig menneske, må du komma frå ein plass der det går an å få kjøpt kebab - og nå snakkar vi ikkje om frysedisk-kebab - og der ein kan sitja på høge stolar og drikke kaffi med vanskelege namn. Det skjer sjølvsagt på eit etablissement som ikkje har 'kafeteria' eller 'kaffistove' i namnet. Og - det er eit krav til som må vera oppfylt for å vere rekna med til sivilisasjonen: Staden ein bur på må vere såkalla urban. Nå fann eg ikkje tydinga til 'urban' i ei bok eg har om opphavet til ord, så eg slo opp snobb i staden. Ordet snobb kjem visstnok av forkortinga s. nob. som står for sine nobilitate og tyder 'utan adel'…! 

Greitt. I dag er det lite snakk om frons urbana - bypøbelen - men meir om bondepakk og bygdetullingar. Det urbane, same kva det tyder, har vorte det ideelle, det ypparste. Kjem du frå ein stad med mjølkeproduksjon og sauemekring, er det eksotisk og spennande om det ligg i Baltikum eller sør-Europa, men det er gammaldags og ikkje støtteverdig om det er i Noreg. Å eta kjøtkaker er berre heilt ut i norske familiar, så lenge ein ikkje gjer det på ein restaurant med gresk innehavar. Merkeleg! 

Det å ikkje bu i by, har vorte noko mindreverdig i Noreg. Ja, det er forresten ikkje lenger så greitt å veta kva som er ein by. Trondheim er til dømes ikkje by. Der bruker nemleg mange snus og skinnvest, har bart og snakkar trøndsk. Dette let seg ikkje sameine med å vera urban, sia desse særdraga hører bygde-Noreg til. Men Tønsberg er ein by. Og kanskje Ulsteinvik.

Ja, i fleire aviser har eg sett det har vorte nemnt at til og med Ulsteinvik har fått eit av desse nye etablissementa der det går an å drikke kaffi med vanskeleg namn. Det er jo eit teikn på at Ulsteinvik er eit urbant, sivilisert samfunn. Dessutan skal det finnast ikkje så få millionærar der, og det tyder jo på at nisselua og Felleskjøps-capsen har forsvunne. Det verkar iallfall som om nokon trur det. Derfor er det ikkje så rart at Ulsteinvik vil bli by. Korleis det står til med ein annan bykandidat her på Sunnmøre, Fosnavågen, veit ikkje eg, men i Ørsta går det iallfall an å få kjøpt kebab i dag. Rundkjøring finst det au, planer om kjøpesenter likeså, og det er klart at det går folk rundt med sterke bydrømmar i Ørsta. Det same er tilfellet i Volda. Det er altså håp om at vi kan få meir sivilisasjon på våre kantar. Dei må berre få lagt ned landbruket rundt sentrum fyrst, både i Ørsta og Volda. Kva skal vi vel med bønder så lenge vi kan få kjøpt mat i butikkane?

Men - Ørsta og Volda blir ikkje meir like Stavanger, Bergen og Oslo av å kalle seg by. Det skal litt meir til. Men på søre Sunnmøre skal ikkje folk vera redde for at alt det attråverdige som hører bylivet til for all framtid skal liggje ein ferjetur unna, altså i Ålesund. Det finst jo ein stad her som har mye av det som vi finn i byane. Der finst det husbankhus med ørsmå tomter, asfalterte gater, kjøpesenter, vinmonopol, stort kultursenter og ikkje minst flyplass. Ja, Hovdebygda ligg an til å bli det nye bysenteret på søre Sunnmøre!

Eg kunne snakka i det lange og breie om kva ein by er. Eg har vakse opp i Molde, studert og arbeidd i Oslo, er litt urban sjølv og veit noko om fenomenet. Det gjer vi alle. Men ikkje alle veit at ordet 'by' eigentleg tyder 'gard, bustad', og dermed held dei fleste av oss til i byar… Det trur eg dei mest urbane av oss tenkjer lite på. Veit de forresten korleis vi kan påvise metrofili eller urbanisme hos folk? Jau, det er berre å vise dei eit grønt jorde nær ein tettstad, og dei begynner å fable om kjøpesenter, parkeringshus eller noko anna ikkje-grønt. Det grønne er ute, det au.

Den største ulykka som har hendt dei mest urbane er at dei ikkje har vakse opp i Greenwich Village eller pådratt seg astma i Brooklyn, at dei ikkje har sprunge gatelangs som småungar i Paris eller hatt gym i ein nedsliten bakgard i Milano. Dei har ikkje sett nok betong og asfalt i oppveksten, stakkarane som må slite med norsk pass og norsk språk. Dei ser ikkje det latterlege, kunnskapslause i spørsmål som dette: Do you live in houses in Norway? Det spørsmålet fekk eitt av syskenbarna mine - i det urbane drømmesamfunnet, USA - i fullt alvor: Bur de i hus i Noreg?

Men nå er dei urbane, bydiggarane på offensiven. Hemnen til urbanistane går ut på å knyte alt mogleg positivt til bysamfunn. Ved påsketider får vi høre kor herleg det er med bypåske, den sikkert likeså herlege bygdepåska blir ikkje nemnd. Det er akkurat som om det berre er i byane det går an å sitja ute og drikke kaffi i solveggen! Og slik er det også med våren - opplev våren i Paris - blant lommetjuvar og trafikkstøy, eller i Venezia - med kanalstank og terror frå tusenvis av duer. Det er ikkje alt som blir nemnt, kan vi leggje merke til. Våren vår, i våre bygdebyar og bygder, er lell liksom ikkje verd å nemne. Når hørte vi det var snakk om å nyte våren i Volda, på Mork eller på Berknes? Ikkje i radio eller fjernsyn, iallfall. - Jau da, vi hører om påske på Geilo og båtpuss i vårsola på Sørlands-kysten, men da er det vel eigentleg tale om byen som flyttar seg til bygda og gjer helge- og ferieby ut av det… Og er det ein ting dei har mye av på Berknes, på Mork og andre landlege stader, er det lauvsprett og intens vår. - Godtfolk, vi må ta det vakre og positive tilbake frå urbanistane med mindreverdskjensle, vi må dele det vakre og gode rettferdig mellom bygd og by.

Bygdene på søre Sunnmøre blir enda rikare på kultur no. Eg tenkjer på Aasen-senteret, Aasen-tunet, Nynorsk kultursentrum eller kva det nå blir kalla - kjært barn har som kjent mange namn. Og eg trur Aasen-senteret kjem til å få mye å seie både for lokalsamfunna våre og det vi kan kalle det nynorske Noreg. Senteret er flott å sjå på, det er noko vi kan vere stolte over, og det kjem til å skje spennande ting der. Dessutan kjem senteret til å syne at historia om Noreg i moderne tid, mellom anna er ei historie der ein kar som labba ned frå Åsen i Hovdebygda til Ekset har hatt ein god del å seie. Historia om det moderne Noreg er mellom anna ei historie der Ivar Aasen må nemnast, det er ei historie om nynorsk, om eit språkleg og identitetsstyrkande alternativ til bymålet bokmål. Aasen-senteret knyter oss nærare til denne delen av historia vår, slik kongehuset også gjer det. Vi må ta godt imot Aasen-senteret, og ta det i bruk.

De har kanskje hørt om han romsdalingen som ringde heim frå hovudstaden og sa: "Nå har jei vært i Oslo en uke, å i ska vare herno ei veke te…"  Dersom ikkje folk i Hovdebygda, i Misund og på Mork bryr seg om det dei har i bygdene sine, kan dei ikkje vente at andre skal gjere det. Folket på Mork er til sjuande og sist dei som avgjer om songkoret og morkadialekten overlever. På same måte er det vi som bruker nynorsk som har hovudansvaret for å bruke nynorsk når, der og til det vi kan. Og det er til alt. Vi bør vel eigentleg alle "stå fram" som det vi er, for eksempel som morkabygdingar og målfolk. Vi må vere krye av vårt eige, ikkje fordi det er betre enn noko anna - det er det ikkje - men fordi det er vårt. 



Lett omarbeidd kåseri halde på Mork grendahus i Volda 30.4. 2000.

Av Jon Peder Vestad. Lagt ut på nettet 7. mai 2000. 
 
     

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |