| Det har vorte
så vanskeleg å meine noko
Interessa for politikk
har visst sunke. Partia slit med å fylle listene og folk er lei valkampen
før han har begynt, er vi fortalt. Politikarane er upopulære,
nærast ei utgruppe vi helst hadde klart oss utan. Det skal mot til
å blande seg inn i samfunnsdebatten i eit slikt klima. Likevel snakkar
folk om politikk, men helst ikkje offentleg. Korfor?
Eg har lenge lurt på
korfor eg og mange andre ikkje ønskjer å meine noko offentleg
i dag. To sjølvsagde årsaker til at vi held oss tause, er
at samfunnet har vorte så innfløkt og oppsplitta at vi føler
vi ikkje har oversikt nok til å meine noko. Like viktig trur eg det
er at vi manglar mot.
Ut frå eigne erfaringar
vil eg setja opp nokre punkt eg meiner medverkar til å gjera folk
avmektige og passive. Her gjer eg ein "feil", eg bruker mine eigne erfaringar,
og så lenge eg ikkje har verv eller posisjon, er ikkje mine vurderingar
og meiningar særleg interessante. Likeså burde eg ha dokumentert
påstandane mine, vist til Habermas, undersøkingar, statistikk
osv. Med vilje gjer eg ikkje det, statusen min som meinigmann får
vera god nok.
1. Krav om dokumentasjon.
Skal ein meine noko i dag, må ein belegge meiningane for at dei skal
vera haldbare. Eitt problem er at mange byggjer oppfatningar på kjensler,
og dei er det vanskeleg å dokumentere. Det å føle at
noko er rett eller gale, er for lite vitskapleg til å bli teke seriøst.
Eit anna problem er at få av oss har kapasitet til å setja
oss inn i all verdas sakspapir og utgreiingar, følgje med i debattinnlegg
og partiprogram, - ja, ha oversikt. Om vi prøver, så manglar
vi kanskje den mest aktuelle eller dekkjande informasjonen. Dermed blir
våre meiningar lett tilbakeviste som lite gyldige, kanskje som kunnskapslause.
2. Krav om erfaring og
nærheit. Ein skal minst ha ein fiskar i slekta for å meine
noko offentleg om trålarar, og vi som ikkje bur oppunder fjellheimen
har ingen rett til å ytre oss om vern av vassdrag eller villdyr.
Er det snakk om økonomi - som det ofte er - bør ein vera
siviløkonom eller snakke som ein. Vi må ha inngåande
kjennskap til eit emne for å ha meiningar som er verd noko.
3. Krav om habilitet.
Merkeleg! På den eine sida bør vi ha innsikt i eit emne for
å bli tekne alvorleg, på den andre sida kan slik innsikt gjera
oss inhabile. Bur eg i distrikts-Noreg og er for ein aktiv distriktspolitikk,
er eg ute etter å mala mi eiga kake. Dermed er eg ikkje i stand til
å sjå heilheita, og er ikkje habil. Dei mest habile i Noreg
arbeider i det private næringslivet, har greie på økonomi,
er for EU (motstandarane er inhabile pga gruppeinteresser) og bur helst
nær Oslo. Og over alt er innfødde meir habile enn innflyttarar.
4. Frykt for uthenging.
Det er lett å avvise meiningar og hengje ut ein debattant ved å
la det skine gjennom at ei oppfatning ikkje held mål. Det går
t.d. an å be ein som ytrar seg om å "gå heim for å
lesa leksene sine", ein får høre at "dette er for dumt til
å bli teke alvorleg" eller at "debatten går føre seg
i verkelegheita, ikkje i drømmeverda til NN". Grensene for kva syn
ein kan målbera er alt sett, spelereglane likeså.
5. Mangel på språk.
Kunnskap og språk er makt, og i det spesialiserte samfunnet vi har
fått, finst det sjølvsagt eit eige språk for maktsfæra.
Vi som ikkje er heilt fortrulege med økonomisk og politisk terminologi,
har eit problem. Det hører til spelereglane å bruke det same
språket som dei andre, meir erfarne debattantane. Dei som ikkje gjer
det, får ver så god lære seg det for å bli hørt.
6. Konfliktdyrking.
Skal ein meine noko offentleg, bør ein samstundes meine at eit anna
syn er irrelevant, urealistisk, kunnskapslaust osv. Seier ein dette på
ein slåande måte, er sjansane gode til å bli sitert.
For ein uøvd debattdeltakar er det slåande ofte også
sårande. Og i partipolitikken er det viktig å framheva eige
parti på bekostning av det vi alle kunne ha visst - om det vart formidla
tydelegare - at partia både kompromissar og samarbeider. Men når
nokon "rasar" og "går sterkt ut mot" får ein ikkje inntrykk
av noka samarbeidsånd. I det offentlege rommet blir politikk framstilt
som ein ordkrig, der nokon har rett og vinn, andre tek feil og tapar. Berre
den dumdristige melder seg friviljug til slik krigsteneste.
7. Meiningstvang.
Det finst eit krav om at "meiner du a, så bør du meine b".
Konsekvens kallar somme det, og det kjem ofte av eit behov for å
plassere folk i båsar - eller at eit ønske om reindyrka prinsipp
blir påtvunge oss mindre prinsippfaste. Det er ikkje rom for å
vera undervegs, eller eksempelvis å vera for private barnehagar over
alt, for private skular der det finst elevgrunnlag for det, og skeptisk
der det ikkje er tilfelle. Slik fornuftigsbasert "prinsippløyse"
er vanskeleg å målbera i eit klima som krev noko anna.
8. Mangel på ideologi.
Mange av oss har meiningar som ikkje passar inn i politiske ideologiar.
Meiningane våre kan sprike så mye at det gjer vondt å
presse dei inn i ei ideologisk overbygning. Og korfor skulle vi gjera det,
forresten? Dermed unnlet vi å engasjere oss i eit parti som vi er
einig i - lat oss seia to tredelar - av politikken til.
9. Fokusering på
detaljar. Den talande detaljen i ein debatt, i statsbudsjettet eller
i møtereferat kan skapa oppmerksamheit kring ei sak. Men like gjerne
sit vi att med kunnskap om detaljen, ikkje om heilheita. Når folk
med makt har hatt eit viktig møte, får vi ofte veta kva dei
har ete, korleis dei var kledde, og kven som snakka saman. Men kva vart
bestemt, og kva følgjer får det? Slik får vi mindre
innsikt som vi kunne ha brukt i ein debatt.
10. Frykt for diagnosen
"politikar". Politikarane må ha spisse olbogar, vera tjukkhuda,
ha talegåver ut over det vanlege, rikeleg med tid og uvanleg god
arbeidskapasitet. Må ein vera halvt overmenneskeleg og ha ein merkbar
snev av maktsjuke for å ta del i politikken? Vi har dessutan sett
småfrekk oppførsel frå politikarkollegaer og journalistar,
og er velinformerte om dokumenthaugar og detaljstyring. Angst! Kva med
dei mulegheitene politikken gjev til å prege samfunnet? Får
politikarane gjort noko? Det veit vi mindre om, og det har også vorte
så vanskeleg å spørja: Da må vi jo stikke hovudet
fram….
11. Politikarforakt. Berre
sjølvpinarar har hug til å bli forakta, og det trur eg få
politikarar er. Opphavet til politikarforakta er nok å finne ein
annan stad, kanskje hos dei som begynte å måle populariteten
til politikarane? Og uavhengig av det botnar nok ein del av forakta i behov
for å sjå verda i svart/kvitt, vi må ha skurkar og heltar
- men ingen kan vera godt likt lenge. Anne Enger Lahnstein og Valgerd Svarstad
Haugland har sanna det (snart er det vel Knut Vollebæk sin tur).
Også på lokalplan har vi stempling av dei som vågar å
meine noko. Da er det er betre å vera utan stempel.
Eg har ikkje komme med alt
her. Eg har t.d. ikkje fortalt at eg var ungdomspolitikar på 1980-talet.
Det hjelper lite i dag, - det verkar skremmande å skulle ytre seg
offentleg. Men vi mange tause har jo meiningar, vi drøftar politikk
kvar dag, heime og på jobb. Nå har vi attpåtil vorte
fortalt før valkampen er ordentleg i gang at vi ikkje er så
opptekne av politikk og at valdeltakinga blir låg. Det stemmer ikkje,
men kan bli sjølvbekreftande.
Det er likevel ikkje for
seint å gjera noko. Det går an å begynne med debattklimaet,
gjera det snillare og meir sakleg. Ein kan ta folk meir på alvor,
også dei utan verv, titlar og politisk retorikk, og utan å
stille krav om dokumentasjon når det er tale om oppfatningar bygde
på kjensler. Det går også an å unngå uvesentlege
detaljar, fokuseringa på politisk spel og publikumsfrieri, og la
sakene stå i sentrum. Til sist: Det går an å sjå
på ein politisk debatt som ei meiningsutveksling, der ein ikkje presenterer
fastlåste synspunkt, men mål ein kan arbeide seg fram mot.
Var det dialog det heitte?
Av Jon Peder Vestad
Denne kronikken sto på
trykk i Dagbladet 14. august 1999, og vart lagd ut på nettet 18.8.
1999.
|