 |
Ma og pa - det
fyrste vi sa?
Ein gong hørte eg at ordet 'om'
skulle vere opphav til alle andre ord. Dette ordet har i fleire tusen år
vorte brukt i bønn og meditasjon. Leppene rundar seg fyrst til den
opne vokalen, og møtest så att til konsonanten, 'om'. Når
eit spebarn ligg ved brystet til mor si og blir amma, skjer det same. Og
snur ein på 'om' og legg til ein 'r', så blir ordet 'mor'.
Kan det vere det eldset ordet i verda?
Det er iallfall slik at dei vediske skriftene
innleier og avsluttar bønnesetningar med 'om' (eller 'aum') frå
sanskrit som er eit namn på den universelle grunnkrafta, på
Krishna - det er urordet i det materielle universet. Og mor har som moder,
mother, Mutter og det latinske mater same rot som matar i sanskrit. Det
same gjeld dei andre orda for den som føder, mamma, mum, mama. Også
orda for far liknar kvarandre, på latin vart han kalla pater, som
vi også kjenner att i pappa og pa. På sanskrit vart det pitr.
Og vegen frå 'å' til 'b' og 'f' er ikkje så lang i språk.
Ma og na, pa og ta
Desse døma er henta frå indoeuropeiske
språk, der vi finn så ulike språk som gælisk, norsk,
slovakisk, kurdisk og nepali. Det indoeuropeiske opphavet kan gje oss forklaring
på korfor ungar i Iran på farsi roper på mama og baba,
eller snakkar om madær og pedær - ord som vi som har mamma
og pappa, mor og far, kan kjenne att. Men eg kan ikkje slå meg til
ro med dette, for likelydande ord for mor og far finn vi også i språk
som ikkje er indoeuropeiske.
Ungarske ungar har mama og baba, og uansett
førenamn er ein tyrkisk far baba. Påverking frå andre
språk kan nok forklare ordvalet i desse tilfella, men da blir det
verre med vietnamesisk. Det er berre å gjette seg til kven som er
me og kven som er ba i vietnamesisk, og i same slengen kan eg ta med at
engelsk jo har ma og pa, portugisisk mae og pai. Og vegen kunne ha vore
lenger frå om og til det kinesiske ordet for 'kvinneleg', no, det
japanske ånna, kvinne, og nòóó, mor på
det nordamerikanske arapaho-språket.
Kor tilfeldig er det at ord for mor og ord
for far liknar kvarandre i vidt forskjellige språk? Forskaren George
Peter Murdock ved Yale-universitetet har undersøkt om det var bestemte
lydsamband som gjekk att i desse orda. Han tok for seg World Ethnographic
Sample, ei verdsvid undersøking som vart gjort kjend i USA på
1950-talet. I materialet var over 470 språksamfunn med, og foreldreorda
deira delte han inn etter lydsamband. Og Murdock fann ut at orda for mor
og far grupperte seg etter eit bestemt mønster, uansett språkfamilie.
Orda er kjønnsbestemde, fann Murdock
ut: Over halvparten (52 %) av orda for mor har ma, me, mo, na, ne, no i
rota, og dette gjeld berre femten prosent av orda for far. Farsnemningane
har til gjengjeld i 55 prosent pa, po, ta, to i rota, mot berre sju prosent
av morsuttrykka. Dei to "vinnarpara", ma og na, pa og ta, fanst i 48 prosent
av nemningane. I stor grad hørte dei språksamfunna som vart
undersøkte til vidspreidde språkfamiliar som malayisk-polynesisk,
niger-kongolesisk og indoeuropeisk. Men også når ein tok omsyn
til språkslektskap, viste det seg at tendensen var den same over
språkgrensene.
Finst det "kvinnelege" lydar?
Bak hangen til å gje mor og far namn
med bestemte, ulike lydar, kan det liggje noko allmenn-menneskeleg. Det
kan sjå ut som det er ei naturlov at 'm' og 'n' følgjer mor,
'å' og 't' far. Eller?
Somme har meint at dette kan komme
av meiningslause stabingar som ungar i alle land lærer av dei som
steller dei. Tja. Det har også vorte sagt at ein "svak m" passar
spesielt til kvinner… Like kjønnsleg er ei forklaring som går
ut på at nasale lydar som 'm' og 'n' er innovervende, i motsetning
til meir utovervende lydar som dermed skulle passe betre på …menn!
Hm.
I "Etymologisk ordbog" gitt ut av Hjalmar
Falk og Alf Torp finn ein mellom anna at "Mama stammer fra nyhøitysk
Mama, som ca. 1650 indkom fra fransk maman; …et barneord for "moder", dannet
ved reduplikation (oppattaking av ei staving) som papa." Dei viser også
til "barnelyden ma", og det liknar noko Johan H. Rosbach skriv i oppslagsboka
"Levende ord". Han kallar mamma for "et lalleord, og ikke på noen
måte et bevisst uttrykk for noen tanke". Rosbach nemner også
at det ikkje er tilfeldig at barn bruker dette ordet - som også er
det latinske namnet for kvinnebryst. Men, ikkje sant - ordet pappa liknar
ord vi kjenner for bryst, utan at Rosbach kjem inn på det. -
Barneord i vaksenspråk
Why "Mama" and "Papa"? heiter ein artikkel
språkforskaren Roman Jakobson skreiv i 1959. Han peiker på
at vaksne prøver å få til eit felles språk i "samtala"
mellom dei og barn. Dette blir eit slags barnespråk som ungane blir
tilvande, det knytter innhald til lydlege uttrykk for dei - og blir på
dette viset eit mønster for tillaging av det tidlege språket
deira. Enkelte ord frå barnespråket kjem inn i vaksenspråket,
som til dømes ordparet mamma og pappa. Dette kan vere ei brukande
forklaring på læreprosessen, men korfor er det som Murdock
viste bestemte lydsamband som går att i desse kjerneorda?
Roman Jakobson skriv at det å uttale
ein vokal krev maksimal kraftproduksjon, medan ein minkar kraftbruken tilsvarande
når ein lukkar munnen og formar ein konsonant. Og dei fyrste meiningsfulle
ytringane som kjem frå ein barnemunn, ord for foreldra, byggjer på
dette spennet mellom uttalekrafta brukt på konsonantar og vokalar.
Jakobson meiner at prinsippet om maksimum forskjell i uttalekraft ligg
til grunn for fleirtalet av dei nemningane for mor og far som Murdock undersøkte.
Dersom 'om' er eit slags urord, kunne ein
tenkje seg ordparet amma og appa. Og Roman Jakobson skriv at det er mest
naturleg å uttale vokalen fyrst, og så komme med ein konsonant.
Men - for å skjelne mellom konsonantane, er rekkefølgja konsonant
pluss vokal den beste. Dette lærer ungar seg over heile verda i overgangen
frå babling til tale, akkurat som dei skjønenr at dei må
ta i for å bli forstått: Oppattaking av stavingar hjelper,
ma-ma, pa-pa. Her er Jakobson inne på det same som Falk og Torp,
"reduplikation".
Far er ikkje mor
Når det gjeld det lydlege, går
Roman Jakobson som Johan H. Rosbach "ad fontes", til mamma, brystet. Når
barn syg, blir suginga gjerne følgt av mumling, av lydar som kan
bli laga når leppene er pressa mot eit bryst eller ei tåteflaske.
Her kan vi ha opphavet til ma og na i ord for mor; ordet blir til ved brystet.
Slik blir lydane ord: Fyrst er "mamma"-lydane meir eller mindre ubevisste
sugelydar, så blir dei eit utrop for ønske om mat og stell,
før dei blir ord for den som gjev dette. I fyrste rekke er dèt
mora, men ikkje nødvendigvis, skriv Jakobson. På ein måte
blir mor gjort til eit fråverande vesen - eller ein pupp.
Andre forskarar har vist at det gjerne kan
vere ordet for pappa ungane lærer fyrst, og da som nemning for den
av foreldra som er til satdes. Slik sett blir funksjon viktigare enn kjønn.
Roman Jakobson lurer her på om det kan vere skilnad mellom gutar
og jenter i kva omgrep dei lærer seg fyrst, - mor eller far? Det
blir hevda at dei lydane som er lettast å uttale for spebarn, er
konsonantar som 'm' og vokalar som 'a', skriv George Peter Murdock. Kombinasjonar
av desse lydane kjem inn i språket gjennom dei tidlege assosiasjonane
mellom barnet og det moderlege opphavet. Frå ungen si side blir faren
da den neste som dukkar opp. Han vil da bli påkalla ved hjelp av
lydar som er nesten like lette å ytre som dei som blir brukte i morsordet.
Men - desse lydane må gjere farsnemninga tydeleg forskjellig frå
ord for mor, og det gjer lydsamband som pa og ma. Så er far på
plass.
I opphavet er mor og far
Uroordet skulle vere om, opning og lukking.
Eg snudde om på ordet, la til ein 'r' og fekk mor, den som føder.
Jakobson forklarte korfor konsonanten burde komme fyrst, og klarte opp
i mysteriet med sugelydar frå små barn som blir til namn på
myndige mødrer. Murdock viste at i språk rundt omkring i verda
finn vi besynderleg ofte ma, me, mo i ord for mor, og pa, ta, to i ord
for far, og skildra korfor tendensen er så klar (nesten) over alt.
Slik er det og har det vore for små skapningar over heile verda;
mor og far er opphavet vårt og dei fyrste vi gjev namn. Skulle ikkje
det vrere dei eldste orda?
Med 'å' som ein variant av 'o', kan
vi sjå ei forunderleg sameining: Urordet 'om' blir vendt til må,
og når vi legg dèt til tå, får vi ei samansmelting
av ein kvinneleg og ein mannleg del, måtå. Denne sameininga
gjev oss opphav på språket i soloppgangens land, Nippon.
Av Jon Peder Vestad
Denne artikkelen har stått på
trykk i tidsskriftet akt 2/1992
Kjelder:
Falk, Hjalmar og Alf Torp: Etymologisk
ordbog over det norske og det danske sprog. Gitt ut 1903-06, trykt
opp att og gitt ut av Bjørn Ringstrøms antikvariat, Oslo
1991
Jakobson, Roman: Why "mama" and "papa"?
Frå Perspectives in psychological theory, 1961 (1959) (s. 125-134)
Murdock, George Peter: Cross-language
parallels in parental kin terms i Anthropological linguistics 1/9,
1-5. Bloomington, Indiana 1959 (NB! Mulegvis feil referanse)
Rosbach, Johan H.: Levende ord. Etymologi
for alle. Aventura Forlag, Oslo 1984
|
|