| Litt
om nettjournalistikk
Tradisjonell
skrivestil
Deltakarane
i ei undersøking Martin Engebretsen har gjennomført om nettjournalistikk
vart bedne om å markere kva skrivemåte dei meinte passar best i nettaviser.
Dei fleste kryssa av for objektiv, presis, forståeleg, balansert og tillitvekkjande.
Få ønskte ein subjektiv, uhøgtideleg, personleg, uformell og provoserande
skrivemåte. 66 prosent synest det er viktig at nyheiter er underhaldande
og spennande skrivne, samstundes som 64 prosent meiner nyheitene blir
dramatisert for mykje.
Presentasjon
på nettet
Martin
Engebretsen skriv elles i Nyheten som hypertekst (2001):
Nettavisdesignen bør --- ha følgende kjennetegn: En startside med mange
lenker og henvisninger til de viktigste nyhetene; tekstinterne lenker i
nyhetsartiklene, markert med forsiktig fargenyanse; spaltebredde som tilsvarer
en mellomting mellom avis og bok og tekstnoder (delartiklar) som ikkje
overskrider 2-3 skjermsider.
Folk
les på nettet
I
USA har Poynter Institute og Stanford-universitetet samarbeidd om lesevanane
til folk som les nyheiter på nettet. Det viser seg at det er tekstane folk
oftast ser på på ei nettside. Artikkelteksten var det 92 prosent som såg på,
samandrag 82 prosent og bilde 64 prosent. Bannerreklame vart sett på av 45
prosent og grafikk berre av 22 prosent. Det er Ordet som tel framleis
heldigvis for journalistane!
Ved
Jon Peder Vestad
Lagt
ut på nettet 17. juni 2002
|