| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
Kvinnene i målstriden  

Rundt 1900 var etter måten mange kvinner var med i målstriden, og dei fleste av dei var også kvinnesakskvinner. Synnøve Riste i Volda var ei av dei. 

Eli Bjørhusdal har granska kvinnene i norsk målstrid før 1900, og ho har funne mange fleire enn den ihuga kulturarbeidaren Hulda Garborg. Bjørhusdal har funne nye opplysningar om langt over tretti målkvinner. Etter mange års arbeid i målrørsla, kjenner Eli Bjørhusdal emnet godt - også i eit notidsperspektiv. Bjørhusdal er frå Dale i Sunnfjord, bur no i Jostedal og arbeider som lærar i Sogndal. 

Frå fleire hald har det vorte sagt at den nynorske verda heldt seg mannsdominert etter at kvinner hadde sleppt til elles i samfunnet. Årsaka skulle visstnok vere at norskdomsrørsla la stor vekt på heimen og "heimlege" verdiar. Men Eli Bjørhusdal har funne ut noko heilt anna. Norskdomsrørsla var inga sinke i praktisk kvinnepolitikk, og truleg har kvinnene i målrørsla også prega kvinnerørsla elles meir enn det som har vore kjent. Mange av dei fyrste, viktige målkvinnene var fødde på 1860-talet og har vore ukjende til no. Det gjeld eksempelvis Gunnbjørg Vinje frå Vinje i Telemark, Aadel Gjøstein frå Stavanger og Camilla Vedø frå Oslo. Ei tid var Camilla Vedø den kvinna som besøkte Ivar Aasen mest. 

Dei fyrste mållaga vart stifta i 1860- og 70-åra, og alt på denne tida er det råd å spore nettverk av kvinner som arbeidde for målsaka. Det gjeld både i Bergen og Oslo. På 1880-talet kom fleire kvinner med i arbeidet, og det fanst mellom anna  eigne målkvinnemiljø rundt fleire av folkehøgskulane. Desse kvinnene skreiv avisinnlegg og bøker, dei underviste i landsmål ved private målskular og i folkehøgskulane. Dessutan stod dei for viktig organisasjonsarbeid. Slik var det til dømes Marie Kviberg som tok initiativ til å starte den fyrste Kaffistova i Oslo i 1901. 

Eit utval målkvinner før 1900:
Maria Alvestad-Haakonsen, Voss
Jenny Arnesen, Os    1862 – 1929
Gudrun Berntsen, Oslo
Brita Bjørgum, Voss    1858 – 1906
Aase Bjørnaraa, Iveland    1863 – 1954
Randi Blehr, Bergen/Oslo  1851 – 1929
Mette Dahl, Sogndal    1840 – 1907
Elisabeth Edland, Mosterøy   1869 – 1901
Mette Elden, Overhalla    1864 – 1943
Petra Gansmo, Overhalla   1862 – ??
Anette Garathun, Oslo    1856 – 1950
Hulda Garborg, Asker     1862 – 1934 
Aadel Gjøstein, Stavanger   1869 – 1915
Anna Welle Grue, Oslo    1862 – 1944
Aasta Hansteen, Oslo    1824 – 1908
Gro Holm, Odda     1878 – 1949
Ingebjørg Jore, Rauland    1863 – ??
Maria Lavik-Klyve, Bergen
Karen Grude Koht, Oslo    1871 – 1960
Stinette Kvalstad, Overhalla   1862 – ??
Marie Kviberg, Oslo
Petra Kvisli, Stor-Elvdal   1874 – 1947
Bolette Pavels Larsen, Bergen   1847 – 1904
Augusta Mjøen, Oppdal
Karen Nilsen Mortensson, Alvdal  1866 – 1929
Hildur Nielsen Prahl, Bergen   1855 – 1940
Synnøve Riste, Volda    1858 – 1889
Margit Bruun Sletten, Oslo   1874 – 1958
Marta Steinsvik, Asker    1877 – 1950
Marthine Emilie Strømme, Romsdal 1860 – 1946
Herborg Brita Utne
Camilla Vedø, Oslo    1842 – 1900
Gunnbjørg Vinje, Vinje   
Nikka Vonen, Dale    1836 – 1933
Fredrikke Marie Gram Qvam, Egge  1843 – 1938
Lisa Aakre, Voss

Kjelde: Eli Bjørhusdal i pressemelding frå Ivar Aasen-tunet, Hovdebygda

Lagt ut på nettet 13. mars 2001.
     

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |