| Korfor heiter
det heimeside?
Ordet heimeside oppstod ganske sikkert
som ein teknisk allegori. No har ordet kanskje også fått andre
tydingar? Og det kan nok hende at ordet har framtida attom seg.
Ei heimeside den sentrale sida på ein
vevtenar. Heimesida er overordna dei andre sidene i eit hierarki av hyperlenka
dokument, og sidan hierarkiet er modellen, er det alltid ei slik hovudside
på toppen i filstrukturen.
H
/ | \
S1 -- S2 -- S3
Heimesida er med andre ord ein form for "basecamp",
startpunkt og orienteringspunkt for ein nettstad. Dei fleste vevtenarar
viser filer med namn home.html automatisk når vevstaden blir opna,
alternativt index.html eller default.html.
Orienteringspunkt
Den andre tydinga, slik eg har lagt merke
til at omgrepet blir brukt av mange, ser ut til å referere meir til
ein heil vevstad. Det kan hende det botnar i vitlaus bruk av ordet ettersom
dei aller fleste vevstader har langt meir enn ei side? Kanskje nokre også
tenkjer på heimeside som ei personleg vevside? Likevel kan ein også
sjå vevstaden som ein "heim" i høve til resten av verdsveven,
eller til ein del av han. Slik kan ei "heimeside", ein vevstad, bli eit
godt orienteringspunkt for ein større struktur av vevstader som
er hyperlenka saman. I den samanhengen er det kanskje interessant at fenomenet
vevringar som regel ikkje har noko hierarkisk overordna heimeside, men
er sett saman av mange likestilte heimesider.
"Heime hos verten"
Opphavet til "home page" er eg ganske sikker
på var behovet for ein form for teknisk allergori; ei side som er
"heime" hos "verten" (host) der ho blir tent av ein "tenar" (server), osv.
Eg trur omgrepet har oppstått fordi ein hadde behov for konvensjonar
der ein raskt kunne peike ut kva for eit dokument som var hovuddokumentet
i ein haug med html-dokument. Slik er det framleis, bortsett frå
at INDEX.HTML vann. Heimesidene no til dags heiter nesten alltid INDEX.
Kanskje fordi heimesida svært ofte nettopp IKKJE er startpunktet
i ei samling med hypertekstdokument. På internett søkjer ein
gjerne etter noko, og får eit treff på ei side som berre nesten...
Då er indeksen god å ty til.
Når dokumentasjonen på eit tidleg
tidspunkt peiker på at ein filstruktur i HTML må ha ei hovudside,
så er det nettopp fordi datateknikarar i sterk grad er bundne til
hierarkiske strukturar. Hierarkiet går igjen i alle filsystem (som
eg veit om i alle fall), i HTML-språket i seg sjølv, og i
programmeringsspråka. I forhold til historiefunksjonen, er heimesida
startsida. Skal det gje noka riktig god meining, må lesaren begynne
med "riktig" side.
Når oppstod omgrepet heimeside?
Eg har leitt, og fann ut at det sannsynlegvis
måtte ha vore omkring 1992, utan å finne noko direkte om dette.
På Internett ser vi no at inngangen til ein nettstad sjeldnare er
hovudsida enn ei anna side i systemet. Lesarane les på kryss og tvers.
Informasjon er i seg sjølv ikkje nødvendigvis hierarkisk.
Ei bok kan vere hierarkisk oppbygd med kapittel, underkapittel og avsnitt,
men ho må ikkje lesast frå perm til perm. Derfor synest eg
det er eit poeng at home.html ikkje lenger ser ut til å vere
rådande, men INDEX.HTML. Indeksen i ei bok blir brukt når ein
vil finne informasjon om eit bestemt emne som ikkje går fram av "boks"-strukturen
elles. Eg trur at omgrepet "heimeside" syng på siste verset og at
det vil forsvinne.
Av Hallvard Østrem
Hallvard Østrem er tilsett ved Nynorsk
Pressekontor
Lagt ut på nettet 26.2. 2001
|