- Da vi ville skrive om ulovleg hogst, vart vi bodne gratis tømmer. Vi skreiv, og mange mista arbeidet. Men det er ikkje lett å skrive kritisk her, fortel G. Rajendra. Han er redaktør i den vesle sørindiske lokalavisa Kodagu Front.
Kodagu Front er ei av to engelskspråklege aviser i Madikeri, eit fjellområde mellom kystbyen Mangalore og delstatshovudstaden Bangalore i Karnataka. Avisa vart starta i 1997, har eit opplag på 11 000 og er ei av to som blir gitt ut av avisfamilien Rajendra. Den andre avisa er i kannada-språket. Kodagu Front har konkurranse frå Coffeeland News, med eit namn som fortel om hovudnæringa i distriktet.
Må tole følgjene
- Det er vanskeleg å skrive kritisk her, men vi prøver
og må også tole følgjene. Særleg er det problematisk
å ta opp korrupsjon, på grunn av dei juridiske konsekvensane
det kan få. Vi kan kjenne til korrupsjonstilfelle, men det er nesten
uråd å få gjort noko med det. Sjølv om vi ville
vunne ei eventuell sak, får vi problem på ein eller annan måte,
seier den sympatiske avismannen oppgitt.
Kodagu Front har slagordet "The Newspaper with a difference", og trass
i vanskar meiner Rajendra at det går an å drive med kritisk
journalistikk i indisk lokalpresse.
- Da vi ville skrive om ulovleg hogst i dei store skogane i Kodagu-området,
vart vi tilbode gratis tømmer av skogvaktarane for ikkje å
gjera det. Smøretilbodet vart sjølvsagt avvist, vi skreiv
om saka og folk som var innblanda i den ulovlege hogsten mista arbeidet,
fortel Rajendra.
Faren har fått pris
I det siste har ein av dei tre brørne i utgjevarfamilien vore
meir oppteken med å få bygt eit nytt hindu-tempel enn å
gje ut avis, og faren er pensjonert.
- Vi har hatt ein serie om miljøvern gåande, og responsen
frå lesarane var god. Vi skreiv mye om ein dam som folket her var
delt i synet på, og styresmaktene laut rette seg etter protestane
og skrinla damprosjektet. Det var ikkje minst artiklar far skreiv som sytte
for dette, nemner Rajendra. Han fortel også at styresmaktene sette
ned eit utval som skulle sjå nærare på ein del av dei
miljøproblema som vart omtalt i media.
- Far har fått pris for journalistikken sin, og vil gjerne
halde fram med å skrive nå etter at han har vorte pensjonist.
Vi prøver så godt vi kan å stoppe han, ler sonen. Grunnen
er visstnok at faren kan vera vel krass og kritisk, og sønene meiner
han kan gå for langt.
Den andre avisa til Rajendra-familien har eit opplag på 26 000,
og det er mye i eit område med rundt 50 000 innbyggjarar. Ein del
av opplaget blir riktignok sendt ut av distriktet, men det at det finst
tre lokalaviser i eit såpass lite område, fortel om ei stor
interesse for aviser. Folket i Kodagu, Coorg på engelsk, er kjende
for å vera stolte og dyktige, og det er mindre forskjell mellom fattige
og rike her enn mange andre stader i India.
Har 250 lokalkorrepondentar
Båe avisene Rajendra-familien gjev ut er i tabloidformat, og
verkar oversiktlege og ganske innbydande og lettleste. Annonser tek omtrent
tretti prosent av plassen, får vi veta. Kodagu Front har fjorten
faste frilansarar og tre journalistar som arbeider på fulltid, men
dei skriv også for avisa på kannada-språket. På
kvardagane kjem avisa ut med fire sider, på søndagane åtte.
Da inneheld avisa barnestoff, religiøse artiklar og film- og fjernsynsstoff..
Kvart nummer kostar 1,05 rupi, og det tilsvarar ca 20 øre.
I sentralredaksjonen arbeider det i alt fem journalistar, og tillegg
har dei to avisene i alt ikkje mindre enn om lag 250 lokalkorrespondentar
som leverer stoff med ujamne mellomrom. Ein eigen fastlansar leverer stoff
på frå delstatshovudstaden Bangalore.
- Folk vil gjerne lesa om hendingar frå sin eigen landsby, og
det er mest lokalnytt i avisene våre, sjølv om vi også
gjev plass til nasjonalt og internasjonalt stoff. Krimstoff er også
populært. Alt blir skrive inn på data av våre eigne folk,
seier Rajendra, og fortel at avishuset har hatt datautstyr sia 1993.
Dei nasjonale og internasjonale nyheitene tikkar inn på ein teleprintar
i det vesle redaksjonsrommet, der journalistane skriv sakene sine for hand.
På eit eige datarom sit fire medarbeidarar og tastar inn dei handskrivne
manusa, og sidene blir sette ved hjelp av Aldus PageMaker 5.0. Trykkinga
skjer på gamlemåten, og avisene blir kjørt ut med bilar
som tilhører avishuset.
Favoriserer ingen
- I morgon er hovudoppslaget vårt at politikarar frå regjeringspartiet
BJP boikottar valet i ein liten by her i området, seier Rajendra,
og er ikkje heilt orientert om korleis dei har fått tak i saka.
Somme gonger får dei tips, andre gonger kjem folk til dei med
saker, og det hender seg at dei går inn i offentlege dokument for
å finne stoff. Det kan vera tungvint. Ingen av brørne eller
dei andre medarbeidarane i dei to avisene til Rajendra-familien har studert
journalistikk, men somme har gått journalistkurs. Lik andre indiske
lokalaviser, er korrespondentane her også ofte lærarar. Rajendra
synst dei gjer ein god jobb.
- Vi er upartiske, og vi kritiserer også dei som står nær
oss. Vi favoriserer ikkje nokon, vi kritiserer uansett, og noko får
vi iallfall gjort, slår G. Rajendra fast.
Av Jon Peder Vestad. Besøket skjedde i oktober 1998, og artikkelen
er lagt ut på nettet i januar 1999.