| Jordbær
og Strawberry Fields på Kibneb-festivalen 2000
Jordbæroperaen Jordbær-Liv
er hovudattraksjonen på Kibneb-festivalen i Lensvik i Agdenes. Elles
byr festivalen på alt frå folkemusikk til Mozart og Beatles.
I år er det fjerde gongen denne spesielle "dugnaden" blir arrangert.
Det skjer 13.-15. juli med utgangspunkt i garden Kibneb, midt i det trøndske
jordbærriket.
Komponisten og musikaren
Knut Anders Vestad (fødd 1969) er mannen bak festivalen.
- Da eg starta med Kibneb-festivalen
for fire år sia var målet å halde festivalen hemmeleg
og fri for offentleg støtte. Det har vorte noko heilt anna, fortel
initiativtakaren.
Starta som hemmeleg festival
Medan det dei fyrste åra
berre var venner og kjende som gjekk saman ei helg for å ha fest(ival)
for seg sjølv i Lensvik i Agdenes kommune, har den "hemmelege" festivalen
no fått støtte og er svært så offentleg. I år
er budsjettet på 400 000 kroner, med 140 000 kroner i offentleg støtte.
Det blir kyrkjekonsert, barneførestelling og sikkert noko buskspell
av ymse slag også på festivalen.
Knut Anders Vestad har skrive
musikken til jordbæroperaen, som mellom andre Anne-Mari Edvardsen
og Erik Jacobsen syng i. Det blir to operaførestellingar, 13. og
14. juli, men det kan bli ei ekstraframsyning om interessa er stor, fortel
Vestad.
Folkemusikk, jazz og kyrkjeroing
Det er i hovudsak profesjonelle
aktørar som dreg festivalen. Dei som dreg til Kibneb og Lensvik,
kan få med seg alt frå folkemusikk til Beatles og sjølvsagt
jordbæropera. Per Schanning og andre held folkemusikkonsert, og Kristin
Rustad og Female Quartet speler "Mozart på aldersheimen" for dei
eldre i kommunen. Gruppa Adamseplene har framsyninga "Full pupp", og ikkje
den ikkje ukjende jazzgruppa Urban Connection held konsert.
Vidare blir det bestillingskonsert
med to unge jazztalent, Håkon Mjåset Johansen og Mats Eilertsen,
og ein kurkjekonsert i Rein kyrkje på Rissa. For å komme seg
dit må ein ro over Trondheimsfjorden, og denne kyrkjeroinga er ein
gammal tradisjon som festivalarrangøren vekkjer til live att.
Grønningen
er med i jordbæroperaen
Knut Anders Vestad har fått
mye blest kring operaen. Handlinga er lagd til 1958, da den mest intense
jordbærperioden tok til i Lensvik. På det meste var det 700
"jordbærtauser" som plukka bær i kommunen! Solistane Anne-Mari
Edvardsen og Erik Jacobsen har rollene som prestedottera Jordbær-Liv
frå Rissa og odelsguten Arve frå «Øvre Jordberg»
i Lensvik. Dei speler eit ungt par som møtest, og det blir søt
musikk mellom dei… Den gamle, kjende skiløparen Harald Grønningen
blir også å sjå på scena i rolla som seg sjølv.
Sopranen Anne-Mari Edvardsen
har nyss imponert trønderane i «Carmina Burana» av Carl
Orff, og Erik Jacobsen spelte Judas i «Jesus Christ Superstar».
Tekstane dei framfører i "Jordbær-Liv" er skrivne av Kjersti
Lie. Ho og komponisten har mellom anna arbeidd med operaen i Firenze, og
dei har tidlegare skrive ein bakgardsopera om Bakklandets vakre Maja saman
Musikarar og publikum
bur saman
- Festivalen blir avslutta
med "Strawberry Fields Forever", eit Beatles-program der alle musikarane
på festivalen er med.Bortsett frå kyrkjekonserten på
Rissa blir alle tilstellingane haldne omkring i Lensvik. På festivalen
blir konsertlokalet Grønn opna i ein gammal lagerhall, og dette
skal bli det trøndske svaret på jazzklubben Blå i Oslo,
meiner Knut Anders Vestad. Andre konsertar blir haldne i samfunnshuset
og på Lensvik kro. I år blir det ikkje konsertar på Kibneb-garden.
- Noko av det mest spesielle
med festivalen er at det er lagt opp til at dei tilreisande, både
musikarar og ein god del publikummarar, kan bu saman på Kibneb og
hjelpe kvarandre med det praktiske, som det å lage mat. Ein del kan
få soveplass i våningshuset på Kibneb-garden, medan andre
kan setje opp telt på jorda utafor, fortel Vestad. Det er visst god
plass på garden…
Konsertar der folk bur!
Initiativtakaren kjem frå
Fræna i Romsdal, men har røter på festivalstaden Kibneb.
- Oldefar min budde her,
og bestefar vart fødd i stua på garden. Denne staden og bygda
betyr mye for meg, og eg reiser hit nesten kvar veke frå Trondheim.
Eg ønskjer at folk her i Lensvik, som elles i distrikta, skal få
oppleve god kultur der dei bur. Korfor må det støtt vere slik
at folk ute i distrikta må reise inn til byane for å oppleve
gode konsertar og musikalar?
Starta som ein protest
Kibneb-festivalen skal vere
mye meir intim enn dei store, institusjonaliserte kulturtilstellingane.
Knut Anders Vestad fortel at det heile starta som ein protest.
- For nokre år sia
sende eg inn forslag til prosjekt både til Moldejazz og Vossajazz,
som mange andre unge musikarar gjer, men fekk avslag. For mange unge
musikarar verkar det nesten uråd å få sleppe til på
dei store festivalane. Der tek dei berre inn kjende namn, og det blir ein
kamp om å få PR, publikum og pengestøtte, meiner Vestad.
I 1997 stelte han til ein
jordbær- og lyrikkfestival saman med ein handfull venner som ein
reaksjon.Også året etter, i 1998, var festivalen hemmeleg.
Da inviterte Knut Anders Vestad enda nokre fleire, fyrst og fremst eigne
musikarvenner. Alle budde på garden, laga mat, bar ved og gjorde
husarbeid, og heldt konsertar for kvarandre. Men alt skulle gå føre
seg som på "ordentlege" festivalar. Programmet var trykt opp, og
deltakarane hadde eigne festivalpass.
- Det var heilt gjennomført,
men utan publikum, om vi ser bort frå éin, offentleg kyrkjekonsert.
Kyrkja vart stappfull, og da forsto vi at det berre var tull å halde
dette hemmeleg, seier festivalgeneralen.
Offentleg suksess i fjor
Trass i at Kibneb-festivalen
er så ny at folk flest ikkje har hørt om han, har festivalen
alt tradisjon for å presentere nyskrivne verk. I år er det
to. Sommaren 1999 var det premiere på barnemusikalen "Krabbe Nilla
& Krabbe Darius", som altmoglegmannen Vestad har skrive musikk og tekst
til. Da var det også konsertar med Dingo Bates, Poesiorkesteret og
Psalmensemblet, og for både musikarar og publikum var festivalen
så vellykka at han måtte berre bli enda mindre hemmeleg
i år. Og det blir nok ikkje mindre jordbær og folk i Lensvik
av det, heller.
Av Jon Peder Vestad
P.S. Artikkelforfattaren
er i slekt med Knut Anders Vestad, ja. Vi er syskenbarn.
Vil du veta meir? Skriv
til knvestad@frisurf.no. For å få program, kan du kan også
leggje att namn og adresse på telefon 73527684, eller ta kontakt
med kulturkontoret i Agdenes kommune, telefon 72492200.
Artikkelen er skriven ut
frå samtalar med Knut Anders Vestad og artiklar i Adresseavisen (sjå
lenkjer) og Romsdals Budstikke ("Operamaker fra Aureosen", 26.4. 2000).
Les meir om Kibneb-festivalen
i Adresseavisen:
Jordbæropera
i Lensvik
Kibnebben-
en festival verd
Nesten
"Kibstock"
Lagt ut på nettet
3. juni 2000.
|