| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

Les meir på
www.aasentunet.no
 
 

 

Ivar Aasen-tunet opna med sol og song

Då nynorsken kom til verda var namnet på opningshøgtida for Nynorsk kultursentrum i Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Og denne tilstellinga synte nynorsk livskraft og mangfald, ikkje minst gjennom den nye allsongen Fang sommarens ange i natt og ræppen Det e` so gale.

Fang sommarens ange i natt er eit tingingsverk med tone av Henning Sommerro og tekst av Edvard Hoem. Songen fengde dei over 600 som var møtt fram på opninga av nybygget til Nynorsk kultursentrum i Ivar Aasen-tunet torsdag 22. juni 2000. Dette museet, dokumentasjonssenteret og kulturhuset har status som nasjonal kulturinstitusjon, og ligg i Hovdebygda i Ørsta. Det ligg på garden "nynorskfaren" Ivar Aasen kjem frå.

"Det e` so gale"
Dei to unge ræpparane Tobias Westrum Grøvdal og Ivar Grøtta Grav frå Rauma i Romsdal imponerte med ein sjølvskriven ræpp. Dei stilte samfunnsdiagnose og ironiserte over stress og rikdomsjag i tida vi lever i, og gjorde det på romsdalsmål i sæggebukser (sidraua bukser). Dette var det eine ytterpunktet i eit program som varte to og ein halv time. Det var ein halvtime for mye i det gode sommarveret.  

Mye nynorsk lyrikk
Opningshøgtida opna med Dei gamle fjell i syningom, framført av musikarane Henning Sommerro og John Pål Inderberg. Her viste Sommerro seg som ein livat joike-lokkar! Skodepellaren Ragnhild Vannebo deklamerte prologen Ivar Aasen, som Tarjei Vesaas skreiv til 100-årsfesten for Ordbog over det Norske Folkesprog av Ivar Aasen i 1950. Seinare las Vannebo ein tekst av Olav Duun, og heilt mot slutten av programmet var ho på scena att med eit potpourri av kjende nynorskdikt. Dei var skrivne av Marie Takvam, Tor Jonsson og Paal-Helge Haugen, for å nemne nokre. Og dei som meiner at nynorsk passar så godt til lyrikk, fekk dosen sin. 

Stolt Statsbygg-direktør
Folk vart ikkje overfora med talar på tilstellinga, og fyrst ut var direktør Tormod Urdahl i Statsbygg. Han hadde ingen grunn til å skjule at han var fornøgd med den nye bygningen, som erstattar og utfyller det gamle, vesle Ivar Aasen-museet som opningshøgtida vart halden ved. Nybygget skal spegle språket Ivar Aasen la grunnen for, som reiskap for politisk og kulturell frigjering, sa Urdahl. Vidare nemnde han at Statsbygg hadde ønskt den vidgjetne arkitekten Sverre Fehn til å teikne det nye museumsbygget, og han var ikkje mindre fornøgd med at bygginga hadde skjedd innafor den tidsfristen og den kostnadsramma som var sett. Det fekk fram latteren hos publikum, som var i alle aldrar. 

Kulturministeren støtta tospråklegheita
Urdahl gav kulturminister Ellen Horn ein nøkkel, som ei offisiell overlevering av bygningen. Kulturministeren stilte i vestfoldbunad, og heldt tala si på nynorsk. Ho sa mellom anna at verket til Ivar Aasen kan brukast til alt. Den tospråklege kulturen vi lever i i Noreg, har ein verdi i seg sjølv, og ho slo fast at nynorsken er kommen for å bli. I språksamanheng treng vi Ivar Aasen-tunet for å forstå fortida og styre framtida, meinte ministeren, som syntest Einar Økland har gitt den beste karakteristikken av nynorskfaren: "Ivar Aasen - den vesle nøkkelen til den store verda". 

O hildrande du!
Direktør Ottar Grepstad ved Ivar Aasen-tunet fekk nøkkelen til nybygget av kulturminister Horn. I den stutte tala si sa Grepstad mellom anna at det finst berre ein hovudinngang til nybygget, men mange vegar inn til det nynorske. Nynorsken har mange brukarar og enda fleire ord, sa direktøren, som inviterte folk til å bruke dette nye kultursenteret.

Dei som knyter uttrykk som 'o hildrande du' til nynorsken, fekk sitt da Linda Øvrebø song frå Haugtussa av Arne Garborg. Meir moderne song vart det da a capella-gruppa Damer med mannskor, dirigert av Per Oddvar Hildre, song No er det tid av Ivar Aasen, med melodi av Bottolf Lødemel. Lødemel sto bak prosjektet Huldregåva, som i 1996 gav ut plata Ut på vegom, der dikt av Ivar Aasen er gitt tonedrakt prega av jazz, rock og folkemusikk. 

Nytt og gammalt Åsen-tun
Damer med mannskor førte også an da dei frammøtte skulle lære den nye, nynorske allsongen Fang sommarens ange i natt. Dette er naturlyrikk av godt nynorsk merke, signert Edvard Hoem, og tonane til Henning Sommerro fekk det nok til å gå kaldt nedover ryggen på ein del av dei mange som sat i sola i bakken oppafor det gamle Ivar Aasen-museet. Der skal det med tida byggjast eit nytt uteamfi. 

Bygningen som Ivar Aasen-museet og Nynorsk kultursentrum no har flytta inn i, ligg rett sør for garden Åsen, der Ivar Aasen voks opp. Nybygget er prega av betongvegger og store glasflater, og ber namnetrekket til Ivar Aasen på den store veggen som vender ned mot riksvegen mellom Ørsta og Volda. Ord som silo og betongkoloss har vorte brukt om bygget sett utafrå, men også ord som spennande, dristig og nyskapande. Det liknar i alle fall ikkje noko anna som er sett opp på Sunnmøre frå før. Han som no er brukar på heimgarden til nynorskfaren, heiter også Ivar Aasen, og er vaktmeister for anlegget.

Skal vere aktualitetssentrum
Styreleiaren i Nynorsk kultursentrum, Narve Bjørgo, fortalde om forhistoria til dette nynorske aktualitetssenteret, som han kalla det. Gjenstandane i museumsdelen av verksemda skal tale for seg sjølv, og det er meininga at dei som bruker senteret skal få oppleve noko heilt nytt. Senteret vil vere av interesse langt utover landegrensene våre, ikkje minst for land i den tredje verda som arbeider for å få nasjonale skriftspråk. 

Belsvik og Bollefisen
Dagen etter opninga av det nye Ivar Aasen-tunet, tok Dei Nynorske Festspela 2000 til. Festspeldiktar dette året er barnebokforfattaren Rune Belsvik, og han las eit vittig stykke om Bollefisen som var så deppa. Programleiar Bente Vatne presenterte Belsvik som "Noregs vakraste mann", etter hans eige ønske. Og programleiaren sa elles ikkje meir enn det som var nødvendig, og leidde programmet på ein fin måte. Likevel drog det for mye ut mot slutten. Tango for 3 vart introdusert for anledninga som LSD!, og kvesste i med tango på argentinsk vis. Hallvard T. Bjørgum spelte ein gammal slått på fele, og kanskje var det det andre kulturelle ytterpunktet denne sommartorsdagen i Aasen-tunet.

Høgsterettsdommar fekk nynorskpris
Opningshøgtida vart også "premiere" for ein ny nynorskpris.  Høgsterettsdommaren Karl Arne Utgård fekk pris som årets nynorskbrukar 2000. Utgård fortalde at han i sitt virke ved Høgsterett kjem til å bruke nynorsk på område der nynorsken tidlegare ikkje har vore nytta, eller har vore svært lite i bruk. Det er nyttig for nynorsken å få fylt ut slike tomme felt, sa Utgård, som har arbeidd aktivt for målsaka den siste mannsalderen. I fjor skreiv han ein høgsterettsdom på nynorsk, og førre gongen det skjedde, var i 1953.

Da folk hadde sete 2 1/2 time, var det tid for å reise seg og syngje den nynorske "nasjonalsongen", Mellom bakkar og berg. Godt var det! Og etterpå var det kakefest.

Av Jon Peder Vestad   

Lagt ut på nettet 22. juni 2000.
   

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |