|
Når
skrift er tale: Haldningar til språk hos journalistar i etermedia
Innlegg
på den
15. nordiske konferansen for medie- og kommunikasjonsforsking, Reykjavik
11.-13.8. 2001 (utkast).
Det
er mange som har meiningar om språket til journalistane, og ofte er dei
synspunkta som kjem fram – særleg i media ! - negative. Også frå den
akademiske verda har det komme ve-rop om den elendige tilstanden mediespråket
er i, og at journalistar ikkje bryr seg om språket (sjå bl.a. Vinje 1996).
Det er derimot ikkje så ofte ein får vete kva journalistane sjølve meiner
om språk. Doktorgradsprosjektet ”Når skrift er tale” har dette som eit
viktig emne.
I
prosjektet mitt ser eg på mediespråk frå ulike innfallsvinklar. I ein del
av prosjektet ser eg på det forholdet journalistane har til språket sitt.
Til å gje meg svar, bruker eg resultat frå to undersøkingar eg gjennomførte
i 2000. Eg skal vidare gå gjennom opptak av nyheitssendingar i NRK radio frå
1960 til 2000 for å kartleggje ulikheiter mellom talt og skriven nynorsk, og
finne mulege endringar språkbruken denne perioden. I ein siste del av
prosjektet skal eg bruke djupintervju for å sjå nærare på sambandet mellom
haldningar og handlingar og fylle mulege ”svarte hol”. Til saman vil dette
gje materiale som kastar lys over alt frå nyheitsspråk til språkhaldningar
hos journalistar. Og det er det siste punktet som er emne her.
Teoretisk
grunnlag
Innleiinga
roper på utdjuping. Forskingsprosjektet mitt er medievitskapleg i den
forstand at det er eit vitskapleg arbeid om språk og språkbrukarar i media,
og fortel om ein sentral tekstsjanger og formidlarane. Som vitskapleg prosjekt
plasserer det seg innafor sosiolingvistikken, den delen av språkvitskapen som
ser på språket i samfunnet, og legg vekt på samspellet mellom menneske, språk
og samfunn. Sosiolingvistikken er ei open vitskapsgrein, og det kan vere
vanskeleg å sjå kor for eksempel sosiolingvistikken sluttar og etnologien,
sosiologien eller psykologien begynner.
Det teoretiske utgangspunktet mitt
har eg for det første i teorien om språk som identitetshandling; ein
forklaringsmodell som er utarbeidd av R.B. Le Page og Andrée Tabouret-Keller
(Le Page/Tabouret-Keller 1985). Språket blir ikkje berre brukt til
kommunikasjon, men også til å vise kven ein er, kva for posisjon ein har i
forhold til mulege samtalepartnarar, kven ein identifiserer seg med og vil
vere lik, osv. Dernest byggjer eg på sosial identitetsteori, ein
sosialpsykologisk teori om identifikasjon i, gjennom og mellom grupper ved
hjelp av språk, slik teorien er presentert av Michael A. Hogg og Dominic
Abrams (Hogg/Abrams 1989). Språket er eit identitetsmedium og eit middel til
å syne tilhørigheit til visse fellesskap og avstand til andre. I denne
omgangen må eg avstå frå å gå djupare inn i det teoretiske grunnlaget.
Språksituasjonen
i Noreg
Det
er nynorsken i etermedia som står i sentrum for forskingsprosjektet
mitt. Det kan vere vanskeleg å forklare språksituasjonen i Noreg for folk frå
andre land, men det er nødvendig å gjere det. Bokmål og nynorsk er dei to
normerte skriftspråksvariantane av norsk, og dei blir kalla målformer.
Bokmål og nynorsk er gjensidig forståeleg, og nynorsk er i bruk av ca. 14
prosent av folket, dvs. mellom ein halv million og 600 000 av eit folketal på
4. 5 millionar (www.riksmalsforbundet.no/gallup.html).
Språkformene er
offisielt likestilte og kan i teorien brukast over heile landet og til alt.
Språklege parallellar til forholdet
mellom bokmål og nynorsk har vi mellom serbisk, kroatisk og bosnisk (Price:
34, 423 o.v.; Trudgill 1997:157), valencisk og katalansk (Price:53), kanskje
også bulgarsk og makedonsk (Price:315; Trudgill 1992:17). Søraust i Estland
finst Vorõ-Seto-språket ved sida av riksestisk, og i Latvia blir latgalisk
noko brukt i skyggen av latvisk. Reint konstitusjonelt kan forholdet mellom
dei to norske målformene kanskje samanliknast med irsk og engelsk i Irland,
og svensk og finsk i Finland. Bortsett frå elevar med andre morsmål enn
norsk, må alle lære både bokmål og nynorsk i skulen, med ei avgrensa
undervisning i den andre målforma - sidemål.
Nynorsk har eit kjerneområde i
fjell- og kystområda i Sør-Noreg der språkforma er relativt mye brukt.
Utanfor kjerneområdet er innslaget av nynorsk varierande – ofte fråverande
utanom skuleverket og i riksmedia. I etermedia blir både bokmål, nynorsk og
dialekt brukt på lufta. NRK har krav på seg om å sørgje for at minst 25
prosent av ordsendingane er på kvar av målformene, og dette kravet skal først
og fremst sikre at nynorsken blir brukt. Dei andre riksdekkjande etermedia har
ikkje noko slikt krav, men har likevel medarbeidarar som bruker nynorsk på
lufta. NRK greier ikkje fylle 25-prosentskravet, og i 1998 var det 10 prosent
nynorsk i NRK radio og 11,5 prosent i NRK fjernsyn (www.ssb.no:
Kulturstatistikk). Det er i nyheiter i riks- og regionalprogram at nynorsken
blir brukt mest. For ordens skuld vil eg nemne at eg sia januar 2000 har vore
språkkonsulent for nynorskbrukarane i NRK, og dette er eit oppdrag eg fekk
etter at eg vart stipendiat.
I
samband med språkbruk i etermedia, blir det ofte snakka om normaltalemål,
normalisert språk og språknormal. For å unngå assosiasjonar
til ’normalt’ og ’unormalt’, har eg valt å bruke omgrepa talenorm
og normert språk – i betydninga retta etter ei skriftleg norm. Det normale
i Noreg er å snakke dialekt (jf. også Lomheim 1996:109). Eg er av dei som
meiner at alle snakkar dialekt, og desse dialektane liknar i større
eller mindre grad skriftspråka og dei talenormene som rettar seg etter
skriftspråka. I Noreg er bruk av unormerte dialektar akseptert i
offentlegheita – men ikkje nødvendigvis likt av alle.
Om
materialet
Vinteren
2000 sende eg ut to spørjeundersøkingar. Den eine gjekk til vel 300
journalistar med nynorsk som arbeidsspråk i etermedia på riks- og lokalplan
som eg hadde funne fram til. Eg fekk svar frå om lag 200, og sit igjen med
186 svar etter å ha utelate medarbeidarar i lokale radiostasjonar. Grunnen
var at eg ville avgrense undersøkinga til å gjelde profesjonelle
journalistar. Dei som fekk spørjeskjemaa, er alle redaksjonelt tilsette,
somme i sjefstillingar, og dei fleste arbeider som vanlege journalistar. Det
gjeld også bokmålsundersøkinga, som vart sendt ut – på bokmål - etter
tilfeldig utval til nokon fleire enn nynorskundersøkinga. Nynorskundersøkinga
gjekk altså til alle nynorskbrukarane eg visste av i etermedia, medan
det var eit avgrensa utval bokmålsbrukarar som vart spurde. Sia
nynorsken som nemnt har eit kjerneområde, er det ikkje samsvar i den
geografiske fordelinga av informantane i undersøkingane. Kjønnsfordelinga er
også lik. Svarprosenten i begge undersøkingar rundt 70. Spørsmåla i dei to
undersøkingane er i hovudsak parallelle, ofte heilt like.
Eg
skal no gjere greie for ein del resultat frå undersøkingane på eit
overordna plan – eit dykk ned i delar av materialet må vente til ein annan
gong. Eg begynner med å leggje fram resultat som samsvarer i dei to undersøkingane.
Deretter vil eg leggje fram tal der nynorsk- og bokmålsbrukarane ser ut til
å skilje lag. Der ikkje noko anna er sagt, blir tala frå nynorskundersøkinga
presentert fyrst. Den statistiske signifikansen er rekna ut med ein margin på
fem prosent.
Språkhaldningar
hos norske journalistar
Dersom
resultata frå undersøkinga mi har allmenn gyldigheit for journalistar i
norsk radio og fjernsyn, viser det seg at journalistar heilt klart ser på seg
sjølve som språklege forbilde. Over 95 prosent (95.6 og 97 %) av dei spurde
er heilt eller ganske einige i ein påstand om at dei som journalistar er språklege
forbilde – rundt seksti prosent er heilt einige i dette. Litt over seksti
prosent ser på seg sjølve som svært språkbevisste, og over ein tredel er
middels språkbevisste. Lite språkbevisste er det nesten ingen som er!
Ca. åtte av ti meiner at språkreglar er svært eller ganske viktig
for språkbruken deira. Om lag sju av ti meiner at eiga språkkjensle
(språkfølelse) og eigen dialekt er svært viktig for det språket dei
bruker på lufta. Noko færre, men over halvparten – ca. 55 prosent –
meiner at språkkonsulentar er viktige for språket dei bruker, og det
er også resultatet for kollegaene sin del. Dersom vi ser på den
personlege språkpleia, viser det seg at under ein tredel spør kollegaer til
råds kvar veke. Kva familie og venner meiner om språkbruk, er viktig for
mellom ein firedel og ein tredel av dei spurde.
Åtte
av ti meiner det er lett å snakke normert med manus – og her bør eg leggje
til at i Noreg har vi ikkje formell opplæring i bruk av normert språk. Dette
er kunnskap journalistane skaffar seg sjølve gjennom øving, instruksjon på
arbeidsplassen osv. Tidspress og tidsmangel påverkar språket til om lag to
tredelar av journalistane ofte eller av og til. Det er eit
interessant resultat med tanke på den effektiviseringa vi har sett i
etermedia det siste tiåret. Eg vil leggje til at språket til kjeldene påverkar
språkbruken ofte eller av og til hos litt over halvparten av informantane
(51.1 og 52.0 %).
Over
seksti prosent av dei spurde meiner språkforma dei bruker er fleksibel. Det
ser ut til at journalistane ikkje ønskjer ei for stram språknorm, dei syner
tvert om eit liberalt språksyn. Åtti prosent ønskjer at norma for
talt bokmål og nynorsk skal vere vid og rettleiande, og litt over seksti
prosent ønskjer at normene for nynorsk og bokmål skal vere liberale og nærme
seg kvarandre. Det samsvarer med resultatet frå ein påstand om at
valfridommen i nynorsk og bokmål er for stor. Over seksti prosent er heilt
eller ganske ueinige i at det er slik. I ein norsk samanheng er dette
viktig fordi den offisielle språkpolitikken har gått meir eller mindre bort
frå at ein skal prøve å la bokmål og nynorsk nærme seg kvarandre. Når
mange journalistar likevel står for eit anna syn, kan det ha praktiske årsaker
– dei veit at til strengare norma er, til lettare er det å gjere feil. Ein
annan grunn kan vere at meir reindyrka språknormer kan gjere avstanden mellom
arbeidsspråk og dialekt større, slik at det også reint kjenslemessig
kan bli vanskelegare for ein del å snakke normert. Svar på eit anna spørsmål
kan peike i ei slik retning for bokmålsbrukarane sin del – tretti
prosent av bokmålsbrukarane meiner at normert tale er ein uting, mot 24
prosent av nynorskfolket. Vi kan gå ut frå at i utgangspunktet er
nynorskbrukarane meir opne for variasjon i norma og for dialektbruk på lufta,
men at ein del bokmålsbrukarar ikkje opplever det same, ettersom bokmålsnorma
i praksis er fastare og mindre open for dialektinnslag.
Eg
bad informantane ta stilling til ein påstand om korrekt språk er mest
effektivt. Om lag sytti prosent av dei spurde er heilt eller ganske einige;
knapt 69 prosent av nynorskbrukarane og 73 prosent av bokmålsbrukarane. Det
liberale språksynet fører ikkje til at ein forkastar normene, altså. I
rikssendingar er det om lag halvparten som ønskjer at ein skal bruke normert
språk – overraskande nok litt fleire nynorskfolk (54,5 %) enn bokmålsfolk
(48 %). Men – det ser ut til at eit fleirtal samtidig ønskjer meir unormert
språkbruk, meir dialekt, i etermedia. Over halvparten i begge
informantgruppene meiner dette (57 % av nynorskbrukarane, 50,5 % av bokmålsbrukarane),
- rett nok med ein signifikant større dialektmotstand blant bokmålsjournalistane
(26 mot 18 %).
Ulike
språkhaldningar hos nynorsk- og bokmålsjournalistane
Vi
kan sjå på nokre andre haldningar og oppfatningar som kjem fram, da med
skilnader mellom resultata frå dei to undersøkingane i sentrum. Her er det
altså tale om ulike tendensar i materialet frå nynorsk- og bokmålsundersøkinga.
Det
mest slåande er i kva grad nynorskbrukarane knyter seg til målforma si.
Medan kvar fjerde spurde bokmålsbrukar svarer nei på eit spørsmål om det
er viktig å bruke bokmål for dei, er det berre knappe seks prosent av
nynorskbrukarane som meiner dei same. 88 prosent av nynorskbrukarane svarer ja
på spørsmålet, mot knapt 63 prosent av bokmålskollegaene. Det same skiljet
går igjen i fleire svar. Eg bad informantane ta stilling til to påstandar.
Den eine var ”Eg er kry av å vere nynorsk-/bokmålsbrukar”, og dette var
over 75 prosent av nynorskbrukarane heilt eller ganske einige i, mot 21,6
prosent av bokmålsbrukarane. På ein påstand om at identiteten ein har som
nynorsk- eller bokmålsbrukar var sterk, svarte nesten 80 prosent av at dei
var heilt eller ganske einige. Nøyaktig 50 prosent av bokmålsbrukarane er
heilt eller ganske einige i påstanden.
Det
er langt viktigare for dei som bruker nynorsk å vise kor dei kjem frå
i landet enn dei som bruker bokmål. For om lag seksti prosent av
nynorskbrukarane er dette viktig, medan under førti prosent av bokmålsbrukarane
fortel det same. Nesten 88 prosent av nynorskbrukarane meiner at talemålet
deira påverkar språket dei bruker på lufta ofte eller av og til, medan det
same talet for bokmålsbrukarane sin del er 75 prosent. Sjølv om dette er
resultat som syner same tendens, - at eigen dialekt får følgjer for språket
på lufta, så er forskjellen signifikant. Norske journalistar får det
normerte språket sitt prega av dialekt, og nynorskjournalistane meir enn bokmålsbrukarane.
Den nære tilknytinga
nynorskbrukarane har til talemålet, er nok ei av årsakene til at fleire
nynorskfolk enn bokmålsfolk finn det vanskeleg å snakke normert utan
manus. Seksti prosent av bokmålsbrukarane finn det lett, 34,5 prosent av
nynorskbrukarane; atten prosent av bokmålsbrukarane meiner det er vanskeleg,
mot 27 prosent av nynorskbrukarane. Tala er klare, og ei forklaring er at den
nynorske talenorma i det heile blir mindre brukt enn det tilsvarande
standardiserte bokmålet (standard austnorsk, ”dannet dagligtale”).
Dessutan har normert bokmål eit geografisk sentrum i oslomålet, og
sosiolektale miljø i austlandsbyane og byar som Bergen og Stavanger .
Det
at nynorsk er langt mindre brukt i samfunnet enn bokmål, både i skrift og
tale, meiner eg viser seg fleire stader i undersøkinga. Nynorskbrukarane er
eksempelvis langt mindre sikre på at målforma dei nyttar er praktisk
enn bokmålsbrukarane – prosentdelen er knapt 57 mot 80 prosent.
Nynorskjournalistane er også litt mindre sikre enn bokmålsbrukarane på at
språkforma dei bruker er lett å forstå (85 – 92).
Når dei spurde kan velje mellom å
kalle målforma dei sjølve bruker upersonleg eller personleg,
er det tre gonger så mange som meiner at bokmålet er upersonleg som
nynorsken. 39 prosent av bokmålsbrukarane meiner bokmålet er upersonleg,
medan tolv prosent ser på nynorsken som det same. No kan vi lett tolke dette
negativt utan vidare, men i mediesamanheng er det ikkje automatisk slik at det
blir sett på som noko uheldig at språket som blir nytta kan kallast
upersonleg. Tvert imot, eksempelvis i nyheitssamanheng kan eit upersonleg preg
vere eit ideal. Likevel er det andre resultat i materialet som tyder på at
det upersonlege draget helst bør tolkast som negativt.
Elles
kan vi leggje merke til at nynorskbrukarane i større grad enn bokmålsbrukarane
fortel at dei har fått ros for språkbruken sin ein del gonger. To tredelar
av nynorskbrukarane krysser av for dette, medan prosentdelen for bokmålsbrukarane
sin del er nede i 45 prosent. Det kan hende at nynorskbrukarane legg meir vekt
på den rosen dei har fått, men vi ser også at knapt 19 prosent av bokmålsbrukarane
ikkje veit om dei har fått ros eller faktisk aldri har fått ros, medan berre
åtte prosent av nynorskkollegaene svarer slik. På den andre sida er det også
klart at dei som bruker minoritetsmålet, nynorsk, dobbelt så ofte som bokmålsbrukarane
har fått negativ kritikk for språket sitt ein del gonger: 11.5 og 6 prosent.
Bruker du nynorsk, får du altså oftare både ris og ros for språket ditt,
ser det ut til. Vi kan nok likevel ikkje påstå at nynorsken i etermedia er betre
enn bokmålet; i materialet er mellom 70 og 80 prosent av dei spurde einige i
at nynorsken (80) eller bokmålet (72.5) er svært god eller ganske god. Men
det er temmeleg sikkert at nynorskbrukarane arbeider meir med språket enn
kollegaene sine. Om lag dobbelt så mange nynorskbrukarar som bokmålsbrukarar
gjennomfører språkkontroll ved hjelp av ordbøker og oppslagsverk kvar veke
– 39 mot 20 prosent. For å vere språkkonsulent bittelitt: Journalistane
kan bli langt betre til å arbeide aktivt med språkpleie.
Samanfatting
– så langt
Eg
ser altså både likheiter og ulikheiter i det forholdet nynorsk- og bokmålsbrukarar
i kringkastinga har til språket. Det som er likt, kan samanfattast slik:
Journalistar ser på seg sjølve som språkbevisste og meiner dei er språklege
forbilde. Språksynet er liberalt: Journalistane ønskjer at bokmål og
nynorsk skal nærme seg kvarandre, og synest at den målforma dei bruker, er
fleksibel. Dei synest ikkje valfriheita i dei to målformene bokmål og
nynorsk er for stor. Avgrensa til mediespråket, ser vi at dei ønskjer ei vid
og rettleiande norm for dei overindividuelle talenormene, og dei meiner at eit
korrekt språk – kva det no måtte vere – er mest effektivt. I etermedia møter
dei jamt over godt språk. Når vi ser på korleis dei sjølve opplever det å
bruke normert språk, ser vi at det blir vurdert som lett å snakke normert
med manus, og at det som påverkar språket deira, er språkreglar og eiga språkkjensle
og eigen dialekt. Dessutan opplever mange at tidspress eller mangel på tid
set eit preg på språket dei bruker.
Så
til det som er ulikt. Det er viktigare for nynorskbrukarane å bruke nynorsk
enn bokmål er for bokmålsbrukarane. Nynorskbrukarane er kryare, stoltare av
språket sitt, og uttrykkjer sterkare identitet som nynorskbrukarar enn
tilfellet er for kollegaene. Haldninga til språk generelt er lik i dei to
gruppene, men oppfatninga av mediespråket er ikkje heilt lik: Bokmålsbrukarane
er meir overbeviste om at målforma dei bruker er praktisk og upersonleg, og
nynorskbrukarane synest nynorsken er meir personleg. Nynorskbrukarane har
oftare enn kollegaene fått ros og ris, og dei arbeider meir med språket.
Samtidig er det vanskeleg for fleire nynorskfolk å snakke normert utan manus,
og dialekt påverkar oftare språkbruken på lufta til nynorskjournalistar enn
dei som snakkar normert bokmål. Ikkje rart, kanskje, sia det er viktig for
mange nynorskfolk å syne kor dei kjem frå i landet, og det skjer via språket.
Drøfting
Dette
fører oss tilbake til det teoretiske utgangspunktet. Men først vil eg peike
på det som lettast kan forklare resultat som eg har lagt fram no. Dei
fleste av ulikheitene kan vi forklare med at nynorsk er mindre brukt enn bokmål,
og at språkbrukarane dermed må ta meir stilling til språklege spørsmål.
Dei blir konfrontert med språket sitt oftare enn bokmålsbrukarane. Samtidig
kan det hende at ein del av ulikheitene kjem av at den nynorske
skrifttradisjonen har ei anna historie og står for andre verdiar enn vi finn
i bokmålstradisjonen. Nynorsken byggjer på dialektane, og det er ei målform
som har størst utbreiing på landsbygda. I seg sjølv kan dette skape ulike
haldningar, som så blir spegla i svara til informantane. Og dette er ikkje
feil, men eg meiner det blir eit noko for enkelt forklaringsgrunnlag.
Ifølgje teorien om språk – eller
meir presist: talehandlingar - som identitetshandling, er all språkbruk ei
framsyning, der språkbrukaren viser den indre verda si. Tilbakemeldinga ein
språkbrukar kan få – ros, ris osv. – kan påverke både form og innhald
i seinare språkbruk. Individet skaper sjølv mønstra for den språklege åtferda
(adferden, beteendet) si, for å likne dei fellesskapa eller dei medlemmene av
eit fellesskap som ein ønskjer å bli identifisert med (Le Page/Tabouret-Keller:16).
Resultat frå desse to undersøkingane kan vi knyte til ulike former for
identifikasjon. Eg vil i drøftinga avgrense meg til yrkesidentiet, geografisk
identitet og ein språkleg identiet.
Journalistane - uansett målform –
viser eksempelvis ved den sterke trua på seg sjølv som språklege forbilde
og den positive vurderinga dei gjev mediespråket at dei hører til eit
journalistfellesskap. Går vi til den sosiale identitetsteorien, kan vi seie
at informantane avslører ein sosial identitet som journalistar.
Omgrepet ’sosial identitet’ kan vi forklare som at eit enkeltmenneske har
kunnskap om at det tilhører visse sosiale grupper eller fellesskap, samtidig
som at medlemsskapen i dette fellesskapet har ei viss kjenslemessig vekt og
ein viss verdi for dei (Hogg/Abrams 1989:7, etter Tajfel 1972). Både
samfunnet og kvart menneske har behov for slik inndeling av menneske, blant
anna for å få orden. Denne yrkesidentiteten kan vise seg også i samsvarande
oppfatningar, her vist ved eit liberalt språksyn og oppfatninga av at
talenormene bør vere vide. Yrkesforhold forklarer også synet på kva språkreglar
har å seie, forholdet til kjeldespråket, tidspress og tidsmangel, for å
nemne noko.
Så har vi moglege geografiske
fellesskap. I Noreg varierer truleg den regionale identiteten hos
enkeltmenneske eller ei meir samlande fellesskapskjensla frå landsdel til
landsdel, og kvart individ vel i dagens Noreg sjølv i stor grad kva den
personlege dialektbakgrunnen skal ha noko å seie for talemålet som blir
brukt på ulike arenaer seinare i livet. Det gjeld også journalistar, sjølv
om iallfall tilsette (anställda) i NRK har reglar å gå etter. No er dialekt
og geografi forskjellige størrelsar, men dei heng vanlegvis saman.
Journalistane som bruker nynorsk meiner altså i større grad enn bokmålskollegaene
sine at det er viktig å vise gjennom språket kor dei kjem frå. Den
geografiske dimensjonen varierer i tyngd etter målform, og kan eventuelt
spegle ulike regionale identitetsmønster i dei områda journalistane
kjem frå. Samstundes kan dialektane ein del nynorskfolk har, ha ein høgare
prestisje som noko ekte, særprega, ”bunadsnorsk” og dermed verd å vise
fram. Dette står i motsetning til for eksempel østfolddialektane ved
svenskegrensa, som også har vorte stempla som ”stygge” til og med frå
akademisk hald! Ut frå teorien om språk som identitetshandling, er det å
velje bort dialekten eller dialektpreg forståeleg: Negative reaksjonar på,
fordommar mot eit talemål, gjer at ein ikkje ønskjer å vise denne delen av
identiteten. Ein tileignar seg dei språklege trekka som ein oppfattar som
sosialt attråverdige (Le Page/Tabouret-Keller 184-185). Men dette slår nok
ikkje ut for alle dialektar i område der bokmål blir brukt. Her finst det
unnatak – både stavangersk og bergensk er eksempel på meir eller mindre
bokmålsnære dialektar med prestisje.
Ein siste forklaringsfaktor knytt til
dialektbruk og regional identitet trur eg er spesielt viktig for profesjonelle
språkbrukarar som journalistar - at bruk av nynorsk og dialekt i ein norsk
samanheng har vore knytte tett saman, som eit slagord frå 1970-talet syner: Snakk
dialekt, skriv nynorsk. Slik har det i mindre grad vore for bokmålet sin
del. Som nynorskbrukar blir ein i utgangspunktet vanlegvis rekna som ein som
aktivt bruker den dialekten ein voks opp med. Dette veit både bokmåls- og
nynorskfolk i Noreg. I den sosiale identitetsteorien går grupper og
fellesskap inn i ein dynamikk med posisjonering og kamp. Vi kan gruppere
informantane som dialektforkjemparar/ikkje-dialektforkjemparar, og her finn vi
statistisk signifikante forskjellar mellom brukarane av dei to norske målformene.
Den tredje faktoren eg vil dra inn no
er identifikasjon med språket, i skrift eller som talenorm. Også her
ser vi eit skilje som følgjer målformene. Eg er nok ikkje overraska over at
nynorskbrukarane er meir knytte til språket sitt enn bokmålsbrukarane, men
eg er overraska over kor sterkt og kor nært forhold så mange
har til nynorsken. Vi kjenner jo til at ytre motstand kan gje indre samhald,
og sia nynorsken er mindre brukt og mindre populær enn bokmålet, er det
ikkje unaturleg at dei som har valt å bruke nynorsk, også er svært bevisste
det valet dei har gjort. Men for å skape indre samhald må det jo også
finnast noko ’indre’, noko som samlar. Nynorsken har og er
tydelegvis det; etter mi meining framstår nynorsken som noko meir enn
eit kommunikasjonsmiddel. Det kan vere naturleg å ty til omgrepet ’førestelte
fellesskap’ som Benedict Anderson (Anderson 1983) bruker på nasjonsplan.
Det finst iallfall spor av eit slikt førestelt fellesskap, ifølgje
eit anna resultat frå undersøkingane. Over 54 prosent av nynorskbrukarane
har ei svært sterk eller ganske sterk samkjensle (samhørigheit) med andre
nynorskbrukarar i etermedia, medan det same resultatet på bokmålssida er at
berre knapt 13 prosent syner slik samkjensle. Nynorsken – representert ved
det vi kallar målrørsla - har vorte sett på som ein del av ein
motkultur. I denne motkulturen har ein funne fråhaldsrørsla
(avholdsbevegelsen) og konservative, pietistiske organisasjonar; i den seinare
tida også forkjemparar for ein aktiv distriktspolitikk og motstand mot
sentralisering, kommersialisering, EU osv. Bokmålstradisjonen har på si side
vore sett på som meir urban, ”medstrøms” og moderne. Denne motkulturen
finst altså i nynorsktradisjonen, og kan ha styrka banda mellom brukarar og
språk.
Sluttord
Etter
den sosiale identitetsteorien finn vi symbol i språket som blir brukte i
identitetesdanninga – til å identifisere seg med nokon, og sjå avstand til
andre. Symbola er med på å føre enkeltmenneske og gruppe saman, og ei
samling rundt symbola (fokusering) skaper tydelegare oppfatningar av ein sjølv
og andre (Le Page/Tabouret-Keller:208). Eg meiner vi kan sjå ein tendens til
at det å bruke nynorsk blir noko meir enn å bruke nynorsk; kanskje
kan vi seie at det er å vere i eit aktivt emosjonelt forhold til språket
sitt, medan det å bruke bokmål er å ha eit aktivt instrumentelt
forhold til språket. Og det å vere journalist vil seie å ha ganske god tru
på sin eigen språkbruk, på språket kollegaer bruker og på den rolla
mediespråket har i samfunnet. Tilsvarande undersøkingar blant journalistar i
andre land vil kunne vise om resultata eg har lagt fram her er noko som gjeld
norske forhold spesielt, eller om vi kan sjå eit mønster med meir allmenn
gyldigheit.
Av
Jon Peder Vestad
Litteratur:
Hogg,
Michael A. og Dominic Abrams: Social identifications. A social psychology
of intergroup relations and group processes. Routledge, London/New York
1999 (1989)
Le
Page, R.B. og Tabouret-Keller, Andrée: Acts of identity. Creole-based
approaches to language and ethnicity. Cambridge University Press,
Cambridge 1985
Lomheim,
Sylfest: Målføra og nynorsk uttalenorm. Men eigentleg: ”Knus bokmålsveldet
– målrørsla!”. Mål og Makt 1-2/96 (s. 109-119)
Price,
Glanville (red.): Encyclopedia of the Languages of Europe. Blackwell,
Oxford 2000 (1998)
Trudgill,
Peter: The Ausbau – Sociolinguistics of Minority Languages in Western and
Central Europe. I Blom/Graves/Kruse/Thorup Thomsen (red.): Minority
Languages – The Scandinavian Experience. Report 17, Nordic Language
Secretariat, Oslo 1992 (s. 11-20)
Trudgill,
Peter: Norwegian as a Normal Language. I Røyneland (red.): Language
Contact and Language Conflict. Publications from the Ivar Aasen Institute No.
4, Volda College, Volda 1997 (s. 181-158)
Vinje,
Finn-Erik: Med alle skalker lukket. Aftenpostens og Dagbladets språkbruk
i kritisk belysning.
Institutt for journalistikk, Fredrikstad 1996.
Frå
Internett:
Språkbruksstatistikk:
www.riksmalsforbundet.no/gallup.html
Norsk
rikskringkasting. Sendetid i radio og fjernsyn, etter målform.
Kulturstatistikk frå Statistisk sentralbyrå: www.ssb.no/emner/07/nos_kultur/nos_c627/tab/t-12.4.html
Lagt ut på nettet 5. juli
2001
|