I India er det to medium som gjeld, fjernsyn og avis. Ingen av dei mediefolka eg møtte i landet sa dei brukte å høre på radioen, men derimot uttalte dei seg temmeleg kritisk om All India Radio. På fire veker hørte eg radio berre eit par gonger, men det kunne eg vel ikkje fortel radiodirektør Rao?
Det tenkjer eg på medan eg blir losa inn gjennom fleire gangar
og trappar i det enorme radiohuset til All India Radio i Delhi. Utafor
radiohuset står folk i klynger rundt salsbuene, somme sel frukt,
andre drikke og smårettar. Han som følhjer meg er tilsett
ved informasjonsavdelinga til All India Radio. Attåt driv han som
hockeykommentator, fortel han. Stemma er nok ikkje heilt ukjent for ein
del millionar indarar, skulle eg tru.
Radiodirektør R. Ananata Padmanabha Rao møter meg i eit
stort kontor. Han er ein mann fyrst i femtiåra, vennleg, velartikulert
og med ei lang merittliste som han gjev meg opptrykt. Etter nokre ord om
samarbeidet mellom medieutdanningane ved Høgskulen i Volda og Mangalore
University - der eg ikkje såg eit einaste radioapparat - fortel eg
i pene vendingar at eg har inntrykk av at det er avis og fjernsyn som er
dei mest utbreidde og populære media i India.
Ungdomskanal i storbyane
- Dei siste fem-seks åra har fjernsynet vorte viktigare enn radio,
særleg i byane. På landsbygda held vi stillinga, fortel Rao,
som nemner at han er sjef for to av kanalane til All India Radio. Det er
kanal A og B, den eine sender på hindi, den andre på engelsk.
Dessutan har All India Radio ein nattkanal, som sender frå 18.00
til 06.00.
Medan han pratar med meg, kikkar han i papir som ein kontormann kjem
inn med. Radiodirektøren set nokre merknader på arka, leverer
dei frå seg, og smiler høfleg.
- I Delhi, Bombay, Madras og Calcutta har vi sett i gang med FM-sendingar
spesielt retta mot yngre lyttarar nå. Her sender vi 24 timar i døgnet,
og programma inneheld mye musikk. Dette tilbodet har vorte svært
populært. Nå har vi fått tildelt om lag 200 nye FM-frekvensar
som vi må bruke innan ti år, og FM-tilbodet vil fyrst og fremst
bli utbygd i byane.
Radiodirektøren seier at det er slutt med å byggje ut
sendarnettet på mellombølgja, der All India Radio har om lag
150 sendarar. På kortbølgje er talet om lag femti, og den
enorme indiske nasjonen har ikkje meir enn vel 100 FM-sendarar. Til gjengjeld
blir det sendt på nærare 150 lokale språk og målføre.
- To-tre av radiokanalane våre blir også sende via satellitt,
og digitaliseringa av tilbodet vårt kjem til å skje sakte,
seier Rao.
- Bakkenettet dekkjer nitti prosent av India, og over 97 prosent av
indarane. Programma spenner frå nyheitsbulletengar til program med
indisk film- og folkemusikk, radiodrama, opplysningsprogram og sportssendingar.
Dei vi tilset, må gjennom stemmeprøve - vi har eigne testar
for alle opplesarar og programfolk, seier han.
Eigen eksamen for kringkastingsjournalistar
Det Rao ikkje nemner er at alle programfolk i Doordershan og All India
Radio gjennom ein spesiell IIS-eksamen. IIS står for Indian Information
Service, og er eit offentleg organ som kan avgjera kor i det indiske byråkratiet
dei såkalla IIS-offiserane skal arbeide. Somme blir journalistar
i allmennkringkastinga, andre arbeider med offentleg informasjon. Og dei
kan lett bli flytta på om dei kjem i unåde, har eg fått
høre. Det spør eg ikkje om, men heller om kva slags stilling
kringkastinga har andsynes det indiske styringsverket.
- All India Radio er ein offentleg institusjon, men har formelt ei
fri stilling. Eit eige, uavhengig kringkastingsråd, Prasar Bharati,
er oppretta for All India Radio og fjernsynsstasjonen Doordershan, men
har ikkje komme skikkeleg i gang med arbeidet. Kringkastinga er på
veg til å bli meir uavhengig, fortel Rao, og eg skjønner det
slik at eit dødsfall har seinka arbeidet i det nye rådet.
Rao bruker eitt av dei fire telefonapparat sine til å be om te.
Kontormannen kjem raskt med teen.
- All India Radio har 6500 programmedarbeidarar over heile India og
sender på 24 språk. I alt har vi 185 kringkastingssenter rundt
omkring i landet, mange av dei med regionale eller lokale sendingar. Sia
1993 har vi sendt reklame, og det har gitt oss gode inntekter.
Men kanskje ikkje lyttarar... Eg spør ikkje Rao om det heller,
men legg merke til at han har eitt av dei få radioapparata eg har
sett i India. Ei indisk utgåve av ein Studer-bandspelar har han også
på kontoret, nokre spoleband - og eit fjernsynsapparat.
Lønn som i avisene
- Her på kontoret mitt vart ei scene frå den populære
filmen Dil se spelt inn, fortel radiodirektøren, og viser
meg kor i rommet opptaka vart gjort. - Dei dreiv på ein heil dag,
så da fekk eg ikkje gjort stort, ler han.
Dil se er ein film om ein radiojournalist som forelskar seg
i ei mystisk kvinne som viser seg å vera terrorist. Filmen har eg
heldigvis sett, og Rao og eg er einig i at det var ein ganske god film.
Brukbar reklame for All India Radio også, trur eg. I filmen bruker
journalisten kassettspelar til opptak, men spolebandspelarar såg
eg også brukt. Rao fortel at dei bruker bandspelarar av merket Nagra,
som har vore vanleg i norsk kringkasting. Kassettspelarar er det fyrst
og fremst nyheitsjournalistar som bruker, seier Rao, og held fram med å
snakke om lønnsnivået for journalistane han har under seg.
- Ein nyheitsjournalist begynner på 7000 rupi i månaden
(1750 kroner), og dei beste i nyheitsavdelinga tener 30 000 i månaden
(7500 kroner). Lønnsnivået er vel omtrent som i avisene, meiner
Rao, og det har han sikkert rett i.
Tilknytt fleire universitet
Rao vil fortelja om seg sjølv. Han har doktorgrad i indisk litteratur
og har gitt ut om lag førti bøker. Ei av dei er om journalistikk,
og han er tilknytta tolv universitet som gjesteførelesar, rådgjevar
og sensor. Rao har lang fartstid både som lærar og radiomedarbeidar,
og i over femten år har han hatt leiarstillingar i AIR-hierarkiet.
Han fortel også at han held kurs ved eit universitet i det å
skrive for radio.
- Vi må hugse at journalistikken er forskjellig i radio
og trykte medium, hos oss går jo mye direkte og med tidspress, seier
Rao, og tek mot ein journalist som lurer på kva han skal gjera med
eit program som er eitt minutt for langt. Rao bed han kutte om muleg, elles
vil programmet gå inn i nyheitene.
Det er tid for meg å gå. Eg takkar for teen og for praten,
og skjønner at eg har snakka med eit høfleg og engasjert
radiomenneske, ein kunnskapsrik leiar. Men eg veit like lite som før
korfor radioen verkar så usynleg i India, og korfor folk rakkar
meir ned på radiomediet enn fjernsynet. Eine arket Rao gav meg, fortel
meg at det finst 111 millionar radioapparat i landet. Det må
vera tilfeldig at eg ikkje har møtt folk som lyttar til og liker
radio i India; eg har snakka mest med journalistar og folk som vil bli
journalistar.... Kanskje det er lettare å svelgja nokre kamelar (les
IIS-eksamenen og -statusen) når ein får ansiktet sitt på
skjermen?
Av Jon Peder Vestad. Besøket skjedde i oktober 1998, og artikkelen
er lagd ut 2. februar 1999.