Mahatma Gandhi var journalist og redaktør for to aviser. Nehru var også avisredaktør. I India har politikk og journalistikk gått hand i hand, fortel Varadesh T. Hiregange. Han er journalist i Deccan Herald, ei av dei store engelskspråklege avisene i India, og meiner journalistikken har utvikla seg frå å vera eit verkemiddel i frigjeringskampen til å bli eit produkt.
Avismediet dukka opp i India med engelskmennene, og den fyrste avisa
vart starta ca 1780. Seinare brukte indiske fridomskjemparar avismediet
som eit av dei viktigaste virkemidla i kampen mot den engelske kolonimakta.
- I kolonitida var det å vera journalist eit kall, ikkje eit
yrke. I frigjeringstida vart nesten alle aviser drivne av redaktørar
som brukte avisene sine som eit middel for endring, ikkje for å tene
pengar. I denne fyrste perioden i nyare indisk journalistikk hadde landet
ei nasjonalistpresse, seier Hiregange.
Journalistane skulle byggje landet
Etter frigjeringa i 1947 gjekk journalistikken inn i si andre fase,
som varte til ca 1967. I denne tidsbolken var nasjonal oppbygging sak nummer
1, og dette var viktig for journalistane au. Journalistikken endra karakter
etter at Nehru og andre leiararar frå den idealistiske, anti-kolonialistiske
frigjeringskampen gav seg. Nå vart avisene kommersialiserte, med
dei følgjene det fekk for journalistikken. Midt på 1970-talet
var det krise i India, og ytringsfridommen vart avgrensa. Etter dette har
det dukka opp mange veke- og månadsmagasin med politisk journalistikk
som viktig stofftilfang.
- Den tredje fasa vart avløyst rundt 1990 av ei utvikling prega
av privatisering og globalisering. Det har for eksempel vorte drøfta
om ein skulle tillate utalandske selskap å gje ut aviser i India.
Utalandsk fjernsynsselskap har løyve til å sende via satellitt,
nemner Hiregange.
Meir profesjonalisering og spesialisering
I den fasa indisk journalistikk er i nå, har idealismen forsvunne.
Journalistikken har endra seg frå ein sosialistisk påverka
tankegang til ein meir kommersiell. Mellom anna har India i denne tidsbolken
fått eigne forretningsaviser og ei oppbløming av økonomisk
journalistikk. Aviser har vorte eit produkt på linje med såpe,
og innhald og kvalitet er ikkje så viktig lenger, hevdar enkelte.
Redaktørrolla er ikkje den viktigaste, nå er det direktørstillinga
som er den viktigaste. Avisene skal lønne seg - somme meiner at
avisene er i reklamebransjen, ikkje i pressebransjen...
- Dette har likevel hatt ei positiv følgje, nemleg at indiske
journalistar har vorte profesjonelle. Nå ser ein at det blir lagt
meir vekt på tolkande journalistikk, kommentarverksemd, og at fleire
journalistar spesialiserer seg. Det er jo så mye spesialisering i
samfunnet au at dette må påverke journalistikken. Det er ikkje
lenger nok å vera glad i å skrive for å bli journalist,
og ein ser at avisene søkjer etter spesialistar, fortel Hiregange.
Sjølv er han mellom anna spesielt oppteken av miljøspørsmål.
- Politisk stoff er viktig i indisk presse fordi det toppolitikarane
seier, får følgjer. Den politiske tendensen i avisene er ofte
ikkje så tydeleg, men likevel merkbar for dei som følgjer
med. Men ein for tydeleg politisk tendens vil avgrense lesargruppa, fortel
Varadesh T. Hiregange.
Dei engelskspråklege avisene er framleis viktige
Trass i frigjeringskampen er det den engelskspråklege pressa
som er den nasjonale, all-indiske pressa. Men den regionale pressa har
vakse. Om lag halvparten av indarane (oppunder ein milliard ved årsskiftet
1998-99) les hindi, og det er berre dei engelskspråklege avisene
som blir lese over heile landet. Den regionale pressa har større
utbreiing enn dei engelskspråklege, og mange selskap gjev ut aviser
på fleire språk. Eit eksempel er eigarselskapet bak Deccan
Herald, som gjv ut avisa Pregeveni på kannada-språket. Medan
Deccan Herald har eit opplag på 220 000, er opplaget til Pregeveni
ca 325 000. Utbreiinga av etermedia har ikkje påverka utbreiinga
til avisene, men Hiregange meiner at konkurransen med radio og fjernsyn
har gjort avisene betre. Kanskje også journalistane?
- Journalistar er respekterte og frykta i det indiske samfunnet. Tidlegare
var nok journaliststanden dominert av venstreorienterte, nå er mange
anti-marxistar, fortel Deccan Herald-journalisten.
Middelklasseyrke
Yrkesbrørne og -systrene til Hiregange hører oftast til
middelklassa, iallfall i dei store avisene. I småavisene finn vi
folk frå lågare middelklasse, og fjernsynssjournalistane hører
helst til øvre middelklasse. Han fortel at i det tradisjonelle,
indiske kastesamfunnet fanst det somme kaster som ikkje fekk lov til å
lære å lesa og skrive. Somme kaster vart favoriserte, og lærte
seg tidlegare engelsk, dei lærte det betre, og det er muleg at det
er ein tendens til at høgkastefolk dominerer i store mediebedrifter.
Særleg gjeld det prestekasta brahmin.
- Frå gammalt har journalistikk vore eit felt for menn, men slik
er det ikkje nå. Også i dei økonomiske avisene er det
mange kvinnelege journalistar, og ei tid var det til dømes kvinnefleirtal
i Deccan Herald, seier Hiregange, som er åleine på Mangalore-kontoret
til Deccan Herald. Avisa har korrespondentar i alle 25 fylka i delstaten
Karnataka, samt i alle hovudstadene i dei andre delstatane.
Av Jon Peder Vestad. Skrivi 19.1. 1999.