| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

Her finn du fleire bilde frå India:
Indisk kaffi!
Trafikkfaren i India
Taj Mahal
På handletur i India
Mitt India 

Les også:
All India Radio - stor dekning og få (?) lyttarar
Vanskeleg, men muleg å skrive kritiski Kodagu Front
Volda-Mangalore 1-1
I hinduistavisa Hosadigantha
Frå frigjeringsmiddel til pengepresse
Spåmann: -Du blir aldri rik

Ymseposten er eit magasin med artiklar om alt frå Volda til verda. 
Bokinnsynet inneheld små og store bokomtalar og anna bokstoff.
Mål og middel er ei samling fagartiklar om språk og media.
Privaten er den minst  journalistiske og faglege delen av Vestads vevstad.
Stabburet inneheld stoff som absolutt er  forelda.

Blikk inn i indisk politikk

India er det største demokratiet i verda, og folk er opptekne av politikk. Indarane har hatt store politiske leiarar som har gitt lågkastene og dei kastelause rettar, og gjennom over fem tiår med sjølvstyre, har folk sett at politikarar kan få gjort noko. Landet har bygd ut utdannings- og helsetilbodet, mellom anna. Likevel er det mye som står att, somme vil sikkert seia det meste. (Fem bilde)

Det kan gå hardt for seg i politikken, og det er ikkje berre ærlege metodar som blir nytta for å få posisjonar. Kjøp av stemmer er ein ting, noko anna er dei banda kastevesenet også legg på det politiske livet. Sjølv om alle i utgangspunktet skal ha same mulegheiter i det indiske samfunnet, er det langt frå tilfelle. Det indiske demokratiet har klare svakheiter, men på papiret ser det fint ut. Og i politikken og i styringsverket passar ein på at det støtt finst kvinner, kastelause, kristne, muslimar og sikhar i synlege posisjonar.  

Dette er eit gatemøte i Delhi, rett ved minnesmerket over Mahatma Gandhi. 

I dei nordlege statane i India står hindunasjonalistane sterkt, og ekstreme hindunasjonalistar ønskjer å "hinduifisere" nasjonen. Dei muslimske nabolanda Pakistan og Afghanistan har gjort islam til ei politisk fare for somme, og politiseringa av islam har altså fått ein parallell i India.Landet har tradisjonelt vore rekna for å vera eit tolerant samfunn med omsyn til religion og kultur. Regjeringspartiet BJP er i hovudsak eit hinduparti, og både språket hindi og religiøse hindu-skikkar har fått større offisiell aksept dei siste åra. Det har ikkje skjedd utan motstand og opprør. Somme fryktar ein open, valdeleg strid mellom det hinduistdominerte nord og det religionsblanda sør i India. Ei slik konflikt ville heile verda merke.

Her marsjerer unge hindunasjonalistar i gatene i Delhi. Folk langs marsjen fekk utdelt små hinduflagg til å feste på kleda.

Kyrkjer og moskear har vorte brende i India dei siste åra, og dei hissigaste hindunasjonalistane blir skulda for å vilja motarbeide religionsfridom. I det sørlege India står kristendommen ganske sterkt, innstillinga til hindi som fyrste nasjonale språk er ikkje positiv, og også partistrukturen er annleis i sør. Partiet til Nehru og Indira Gandhi, Kongresspartiet, har slite for å vinne attende makta dei hadde i mange år. Mange indarar meiner partiet har flote for mye på Gandhi-namnet, og det er ikkje berre populært at "dagens" Gandhi, Sonia, opphavleg er ein italiensk katolikk.

Folk frå heile India valfartar til Gandhi-minnesmerket.
 

Folk legg blommar på minnesmerket over Mahatma Gandhi, bed og ærar den store leiaren. Mannen i blå t-skjorte er ikkje indar, men ein norsk turist med hinduflagg på skuldra. Ikkje langt frå minnesmerket ligg Gandhi-museet, der ein mellom anna kan sjå ein kopi av det enkle huset Gandhi budde i mange av åra han verka.  (Foto: Eivind Rønnestad)
 

Den indiske nasjonalforsamlinga er like gedigen og bokstaveleg tala monumental som nasjonalforsamlingar er i land større enn Island og Noreg.

India er eit altfor stort land til at det er råd å seia noko "sant" om dei poltiske forholda i landet for ein ikkje-ekspert. Men den kivinga det er om politisk makt i landet, er svært synleg i nyheitsdekninga, og dermed lett å få auge på. Når ein snakkar med folk, kan det vera slik at dei seier noko når andre er til stades, og ikkje akkurat det same når ein får die på tomannshand. Ytringsfridommen vart opplevd som ufullkommen av folk eg snakka med, medan andre ikkje kjende det slik. Og båe delar er sikkert sant... India er eit land med mange sanningar, også når det gjeld demokratiet.

Tekst og bilde: Jon Peder Vestad. Bilda er frå oktober/november 1998, og er lagde på nettet i juni 2000.
   

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | PrivatenLesarbrev |