| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

Her finn du fleire bilde frå India:
Mitt India
Trafikkfaren i India
Taj Mahal
På handletur i India
Blikk inn i indisk politikk

Les også:
All India Radio - stor dekning og få (?) lyttarar
Vanskeleg, men muleg å skrive kritisk i Kodagu Front
Volda-Mangalore 1-1
I hinduistavisa Hosadigantha
Frå frigjeringsmiddel til pengepresse
Spåmann: -Du blir aldri rik

Ymseposten er eit magasin med artiklar om alt frå Volda til verda. 
Bokinnsynet inneheld små og store bokomtalar og anna bokstoff.
Mål og middel er ei samling fagartiklar om språk og media.
Privaten er den minst  journalistiske og faglege delen av Vestads vevstad.
Stabburet inneheld stoff som absolutt er  forelda.

Indisk kaffi!

Av drikke er det helst te vi tenkjer på i samband med India. I delstaten Karnataka i sørvest-India blir det produsert mye kaffi, men Noreg er ikkje av dei viktigaste avtakarlanda. Kaffien blir dyrka og tørka i innlandet, før kaffipartia hamnar på kaffibørsen i Mangalore. (Fem bilde)

Dette er neste generasjon kaffibonde ved kaffibusker ved Kodagu. 
 

Her blir kaffibønnene reinska og sortert. Denne kaffiplantasjen har mange kvinnelege tilsette, og dei tener dårlegare enn menn som gjer akkurat same typen arbeid.  Til finarbeid av denne typen er det kvinneleg arbeidskraft som trengst, sia kvinnene arbeider raskare med fingrane enn menn.
 

Kaffibønnene blir lagt på rister for tørking.  Arbeidarane stilte i finkleda den søndagen da vi var innom, - søndag er dessutan eigentleg fridag for dei.
 

Ferdigtørka kaffibønner blir lagde i sekker. Her er det ei maskin med i bildet, og det er kanskje derfor det er ein mann som utfører denne arbeidsoppgåva? Alle tilsette var vennlege og nyfikne, og det skadde nok ikkje at vi kom frå eit "kaffiland".
 

Ein av leiarane ved kaffiplantasjen syner fram ulike typar kaffi som dei dyrkar og sel. Arabica-kaffi er eitt av slaga. Og eg fekk sjølvsagt smaka god, indisk kaffi... - og ville som heime heller ha det enn te og den søte indiske brusen. 

Tekst og bilde: Jon Peder Vestad. Bilda er frå oktober/november 1998, og er lagde på nettet i juni 2000.
   

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | PrivatenLesarbrev |