| På
handletur i India
Å handle i India
kan vere alt frå å gå i luksusbutikkar med luftavkjølingsanlegg
til å handle i gatebuer med flust av fluer - og skammeleg låge
prisar - for oss. Indarane er iherdige handelsfolk, og det kan nok hende
at prisen blir skruvd noko opp når kundane kjem frå Vesten.
Det er vel ikkje noko ukjent i andre land, heller... (Sju bilde)
Frå ein klesbasar i
Delhi. Eit problem med kleskjøp i India, er at klada somme gonger
kan vera i trongaste/minste laget. Om dei ikkje er det når ein handlar,
kan dei bli det etter vask. Skjorter med rund "indisk" hals er ikkje dei
vanlegaste, men det er helst dei turistane vil ha. Elles lønner
det seg å kjøpe silkestoff og klede i silke i India.
Her kan ein få vølt
sko.
Barnearbeid er vanleg, og
nødvendig for at mange familiar skal overleva. Og blide er dei...
Legg merke til den fine sarien kvinna til høgre har. Same kor
møkkete det er i gatene, ser det ut til at indarar flest greier
å halde kleda reine. Det er meir enn visse turistar maktar!
Dette er frå kjøt-
og fiskemarknaden i Delhi. Det er godt gjort å arbeide så hardt
som mange indarar gjer, med tunge løft og ein varme som heller ikkje
er like behageleg for dei.
Ved ein av marknadene i Delhi.
Den uklare lufta kjem av alt støvet og all eksosen som finst i lufte
i denne byen.
Håvard Heggen lurer
på om han skal slå til på eit godt tilbod utafor Taj
Mahal. På denne parkeringsplassen bytta Hallstein Vemøy til
seg ein fin marmorfigur frå ein overivrig suvenirseljar som kanskje
hadde venta å gjera eit varp. Smykke, trevarer, tekstilar (som silkeskjerf)
og indisk popmusikk er fine reiseminne å ha med heim.
Dette er innehavaren av ein
klesbutikk i Mysore. Her kunne ein få kjøpt fine sariar og
kvardagsklede til ein "fornuftig pris". Eg handla.
Tekst og bilde: Jon Peder
Vestad. Bilda er frå oktober/november 1998, og er lagde på
nettet i juni 2000.
|