Den dagen da eg såg filmen 1732 Høtten gjekk eg rundt i Oslo-gatene og samla inn negative inntrykk av storbyen. Nedst på Karl Johan vart eg beden om pengar av ei ung, velkledd kvinne som sikkert var storforbrukar av eitkvart. På toalettet i Kirkeristen vart eg var ein mann som sto og glodde på det vi andre ved urinalet hadde mellom beina. Oppover mot Egertorget såg eg den eine frisyra sprøare enn den andre, og unge gutar vralta med buksa langt nedover raua.
Buksesig og heimlengsel, storbyliv og yttarkantar. Eg skulle sjå 1732 Høtten, ein film som var skulda for å stille bygde-Noreg i eit dårleg lys. Ja, nok ein film som fyller den norske landsbygda med tullingar, og er med på å forsterke dei negative haldningane mange i det urbane, hippe Noreg har av dei delane av Noreg der ein ikkje er så utvikla at ein har "alt".
Landsbygda som kulisse
Eg samla med andre ord på inntrykk som kunne setja storbyen i
eit dårleg lys, slik at eg var stålsett mot det eg venta skulle
møte meg i Høtten-filmen. Og så fann eg ut at 1732
Høtten ikkje er ein film som skildrar bygde-Noreg, men eit gudlaust
samfunn. Handlinga er lagd til eit bygdesamfunn, men dei sære menneska
som finst der, er ikkje særare enn folk vi finn i byen. Landsbygda
er berre kulisse for ei historie som like gjerne kunne ha vore lagd ein
annan stad.
Historia er omtrent som dette: Kriminaletterforskaren Nicholas Ramm (Reidar Sørensen) kjem til Høtten for å etterforske ei forsvinning, som seinare viser seg å vera eit drap. Dette drapet blir knytt til eit seksualmord på ei ung jente med Downs syndrom. Ramm blir motarbeidd av folket på staden, og skjønner at det er noko folk ikkje vil ha fram i lyset. Bror til den forsvunne/drepne, blir også borte, og desse to brørne hører til ein familie som ikkje er velsedd i bygda. Foreldra er sosialklientar eller likanande, og minsteguten i familien er mobbeoffer. Ramm tek seg tid til å prate med denne guten, og han lyt også etterforske trakasseringa av familien. Samstundes blir Ramm sjølv utsett for mobbing og fysiske åtak, og ein av dei tilsette ved det lokale lensmannskontoret (Stig Henrik Hoff) er med på denne alvorlege og etter kvart blodige leiken. Ein annan aktør er ein skrullete, innpåsliten prest (Bjørn Floberg), som snakkar om englar og ikkje er heilt god for Ramm å plassere. Legg attåt ei sexhungrig pensjonatvertinne, ein veik lensmann (Trond Høvik) og ei lurvete skjenkjebule, og ein har omtrent handlingsramma for filmen.
Uhyggjeleg stemning
Regissør Karin Julsrud har greidd å skapa ei gradvis meir
og meir uhyggjeleg stemning i denne filmen, som byggjer på eit manus
av Kjetil Indregård. Samstundes som uhygga er til stades og handlinga
er effektfull og med brukbar driv, har Julsrud sytt for at bodskapen i
filmen ikkje blir skjult for publikum.1732 Høtten syner eit
samfunn der det ikkje finst klare autoritetar og heller ikkje klare reglar
for rett og gale. Bygdefolket har utvikla sitt eige, uklare moralsystem,
som para med diverse pøbelaktige (for å seia det forsiktig)
initiativ viser oss eit samfunn i moralsk oppløysing. Ein del av
dei sentrale skodespelarane, med god hjelp av statistar, har drege rollefigurane
sine litt ut i det ekstreme, utan at det verkar parodisk eller øydelegg
for truverdigheit og bodskap. Filminga til Philip Øgaard er god,
og musikken til Kjetil Bjerkestrand og Magne Furuholmen held god kvalitet
- men nokon kosemusikk er det ikkje. Innhald, skodespel, filming, musikk
står godt til einannan.
For tidleg og for tydeleg
I 1732 Høtten ser eg ein film om forfall, og det er muleg
det er ein film som har komme litt for tidleg for både kritikarar
og publikum. Dei har ikkje sett eller vil ikkje sjå dei oppløysingstendensane
som filmen til Julsrud syner, og avviser filmen fordi han er for tydeleg
- fordi filmen syner følgjer av moralsk oppløysing. Noko
anna som eg trur kan ha øydelagt for filmen er at det i 1998 kom
eit par andre filmar der handlinga var lagd til bygde-Noreg, utan at det
akkurat fungerte som nokon "flytt til distrikta"- reklame. Ein gong i nær
eller fjern framtid tenkjer eg at nokon kjem til å sjå på
mottakinga filmen 1732 Høtten fekk i norske medium, utan
heilt å forstå korfor filmen vart sedd av berre om lag 7000
menneske. Han hadde fortent eit større publikum, og kunne godt ha
vorte brukt som utgangspunkt for ein av tidas populære (?) verdidebattar.
Av Jon Peder Vestad. Lagd ut 22. februar 1999.