Vestads vevstad 


I hinduist-avisa Hosadigantha

Avisa Hosadigantha ligg lengst ned i ein blindveg i eit kaotisk industriområde rett nord for byen Mangalore i sørvest-India. Etter at vi har kjørt forbi nedslitte bygningar og nokre kyr, kjem vi i styrtregn til avishuset der Aravind Bijor er sjefredaktør.

Etter helsingsordet namaskara blir vi vist inn i lokala til Hosadigantha, og til ei medieverkelegheit som er heilt ulik den norske.  Hosadigantha blir skriven i kannada-språket, og har eit opplag på noko under 30 000, fortel Aravind (39), og fører oss inn i eit halvstort rom. Ved lange store bord sit ni-ti kvinner og menn med aviser framfor seg og saks, penn og skriveblokker ved sida av seg. Dei kikkar opp når vi kjem inn i rommet, ser nysgjerrige på oss, og let så blikka treffe avissidene og skriveblokkene att. Det er ingen radio på i rommet, ikkje fjernsyn heller og arbeidsroa blir ikkje forstyrra av iltre telefonar. Berre ein mann som sit i eine enden av rommet har telefon framfor seg, og han har au ei skrivemaskin. Dette ser ut som eit slags utklyppsbyrå, eit indisk Argus, men det viser seg å vera sentralredaksjonen i Hosaidgantha.

Omsetjarar eller journalistar?
Fyrst forsto eg det som om mennene og kvinnene i dette rommet var omsetjarar, - at dei las telegram frå det indiske pressebyrået på engelsk og aviser på ulike indiske språk og sette om stoff derifrå til kannada. Og det stemmer, berre at desse omsetjarane blir kalla journalistar. Som deskjournalistar har dei nok kollegaer i Noreg som gjer oppgåver som liknar - går gjennom stoff utafrå og kuttar det ned. Skilnaden er at dei aller fleste journalistane i sentralredaksjonen til Hosadigantha driv med gjennomgang av manus frå andre mediekjelder, redigerer stoffet ned og set det om, dei tek ikkje telefonar til mulege kjelder eller går ut og lagar reportasjar. Det er det andre som gjer, og dei møter vi ikkje i redaksjonen.

Trykkjer 20 aviser og tidsskrift
Når vi skal inn i naborommet, må vi ta av oss på føtene. Det er eit svalt datarom med dempa belysning. Her blir dei handskrivne manusa frå journalistane skrivne inn, bilde, annonser og illustrasjonar blir skanna inn. Det er seks-sju menneske som arbeider her, både menn og kvinner, og dei arbeider med datautstyr av etter måten fersk årgang. Etter innskriving blir avissidene sette og avfotograferte på datarommet, før neste steg i produksjonen står for tur. Aravind tek oss med gjennom nokre gangar og produksjonsrom der ulike trykksaker ligg lagra. I eitt av bakromma blir ein kopi av kvar avisside lagd på ei etseplate, nokre lamper under plata blir tende, og så blir sida utsett for lys i om lag fire minutt. Etterpå blir bildet av sida framkalla i eit kjemikaliebad, og når alle sidene er ferdige, kan avisa trykkjast.
Aravind fortel at det er ikkje berre Hosadigantha som blir trykt her, eigarane gjev også ut tidsskrift som blir trykte her, og tek på seg leigetrykk for andre. I alt er det 150 tilsette i verksemda, og trykkeriet er i drift tjue timar om dagen. Inne på trykkeriet er den vesle lokalavisa Hosa Sange akkurat ferdigtrykt og klar for pakking. Eksemplara ligg i bunkar, og nokre unge menn snurrar tråd rundt avisbunkane i ein imponerande fart. Denne avisa dekkjer fire-fem kommunar i sør-Karnataka, og inneheld berre lokalstoff, fortel Aravind Bijoor. I alt trykkjer verksemda tjue aviser og tidsskrift.

Ulykker kjem ikkje på fyrstesida
Etter omvisninga tek Aravind oss med til kontoret sitt. På veggen heng eit bilde av Lakshmi, gudinna for pengar. Aravind fortel at han er aktiv hindu og driv med yoga, og dette er noko han kan anbefale. Ein pling på ei klokke fører til at døra opnar seg, og ein ung mann får beskjed om å servere oss te. Medan vi ventar, fortel Aravind meir om avisa. Hosadigantha støttar hindupartiet BJP og den religiøst prega politikken den indiske regjeringa er forkjempar for. Det viser seg kanskje ikkje så tydeleg i avisa, men dei har sjølvsagt plass for religiøst stoff. Ein gong i veka inneheld avisa eit firesiders kulturbilag, og kvar einaste dag prøver dei å ha spesialstoff av ulike slag, får vi veta.
Redaktøren beklagar seg over ei nystarta avis i Mangalore. Medan Hosadigantha kostar to rupi, vel førti øre, kostar den nye berre 1,50. Det er prisdumping og konkurransevridning, meiner han. Ikkje trur han at avisa vil klare seg heller. Ho har fargetrykk og er altfor kostbar å gje ut. Aravind nemner at kristne forretningsfolk har skote inn pengar i konkurrenten.
Vi får utdelt kvart vårt eksemplar av tidsskriftet Aseemaa, "journal for national resurgence" (reisning), som avishuset gjev ut. Tidsskriftet inneheld artiklar om relgion, utdanning og landbruk, og har ein hindusitisk plattform, får vi veta. Omslaget er trykt i farger, og tidsskriftet verkar sprekare enn avisa. Korkje som avis eller arbeidsplass gjev Hosadigantha noko sprekt inntrykk.  Vi blar gjennom dagens eksemplar, som er i fullformat og ikkje inneheld så mange bilde. På fyrstesida dominerer politiske saker og nasjonale hendingar, fortel Aravind, og han nemner at.ulykker sjeldan får fyrstesideplass.

Har 100 korrespondentar
Eg lurer på korleis journalistane i avisa arbeider, og Aravind fortel at dei arbeider i tre skift. Det er vanleg at kvar av dei rundt 25 journalistane i sentralredaksjonen leverer fem-seks artiklar og notisar kvar dag, og det meste av stoffet finn dei hos det indiske pressebyrået og i andre aviser, skrivne på andre språk. Dette stoffet må sjølvsagt skrivast om til kannada-språket og redigerast ned, får vi veta. Journalistane skriv nok au eigne saker, men det meste av det sjølvproduserte stoffet til Hosadigantha er det lokalkorrespondentar som skriv. I alt har Hosadigantha knytt til seg om lag 100 korrespondentar omkring i Karnataka, og dette er folk som har journalistikken som attåtnæring - ofte er dei lærarar. På telefon og faks leverer dei stoff om ulykker, politikk og andre hendingar til ein pris av 0,5 rupi per spaltemillimeter, ein sum som ikkje er målbar omrekna til kroner. Det er absolutt ei anna verkelegheit, ja.

Av Jon Peder Vestad. Besøket skjedde i oktober 1998, artikkelen er lagd ut på nettet i januar 1999.



Andre artiklar frå India på Vestads vevstad:
* - Du blir aldri rik (om besøk hos ein indisk spåmann i Mysore)
* Vanskeleg, men muleg å skrive kritisk (om avisa Kodagu Front)
* Frå frigjeringsmiddel til pengepresse  (om indisk journalistikk)
* Mangalore - Volda 1-1 (om samarbeidet mellom Mangalore University og Høgskulen i Volda)


Vestads vevstad  * YmsepostenMål og middel * Bokoversynet.
* Privaten * RadioordlistaMedielenkjer * Språklenkjer