| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
Omsetjaren Johannes Horvei

Johannes Horvei sette i si tid om ei mengd bøker frå engelsk til nynorsk. Namnet hans er i våre dagar mesta gløymt, sjølv om han har sett om verdskjende forfattarar til norsk. Det kan såleis vera verdt å skrive litt om Horvei. 

Johannes Horvei (1892-1943) voks opp på Horvei i Evanger. Han tok eksamen ved
Voss gymnas i 1911. Horvei vart knytt til Cappelens forlag i 1925 og var reklamesjef i Gyldendal forlag frå 1927. Han var aktiv i norskdomsrørsla, særleg i Bondeungdomslaget i Oslo.
 
Horvei sette om ei tylft bøker av verdskjende forfattarar som Ellis, Haggard, Twain, Verne og fleire for Norsk Barneblad. Ei forvitneleg bok er «Den kvite indianarhovdingen», omsett av Horvei og gjeven ut av Norsk Barneblad i 1924. Boka har ikkje noko forfattarnamn, og det har ikkje lukkast å få greie på kven som har skrive boka.
 
For Olaf Norlis forlag sette Horvei om spaningsromanen «Sylvstimen» av Rex Beach. Rex Beach var eit løyndarnamn for den amerikanske forfattaren Frederick Faust (1892-1944). Faust gav ut bøker under tretten ulike namn, det mest kjende er Max Brand. Han masseproduserte westernbøker og legeromanar, og mange av dei er omsette til norsk. Men så vidt eg veit, er berre éi omsett til nynorsk, «Silver hord» - «Sylvstimen». Faust var med i andre verdskrigen og fall på den italienske fronten. Han lét etter seg om lag 150 romanmanus. Kor mange bøker som kom ut medan han levde eller kor mange bøker Faust i alt har skrive, veit eg ikkje.
 
Eit vitnemål om at Johannes Horvei var ein dugande omsetjar, er at han fekk Ferd. Melsoms litteraturpris (Melsomprisen) fyrste gongen prisen vart delt ut, for omsetjinga av Emmuska Orczys «The Scarlet Pimpernel» - «Den raude pimpernell». Boka kom på Olaf Norlis forlag i 1923. Norsk Allkunnebok skriv at Horvei sette om bøker til ein leikande lett nynorsk.

I 1993 gav Det Norske Samlaget ut Horveis omsetjing av Mark Twains «Prinsen og fattigguten» i ny utgåve. Utgåva fortel diverre ikkje at omsetjinga fyrste gongen vart prenta i 1928 og at boka frå 1993 har ein modernisert målbunad. Horvei sette òg om boka til bokmål, med tittelen «Tiggerprinsen». Den er komen i mange utgåver, siste gongen i 1997 på Gyldendal.

Av Gudmund Harildstad

Ordforklaringar:
Forvitneleg: interessant, spennande
Løyndarnamn: pseudonym
Mesta: nesten, omtrent
Tylft: ei mengd på tolv, eit dusin

Artikkelen er lagd ut på nettet 24.1. 2001.
     

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |