| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 
 

 

«Holocaust» - ei gjendøyping

Stundom hender det at gamle og nærmast ukjende ord bryt opp frå eit skuggetilvære i større ordbøker, og gjer karriere til å bli allemannseige under ei ny tyding. Dette hende for få år sidan med ordet «holocaust».
        
Av Bjarte Alme

Spør eg yngre menneske i dag kva ordet holocaust tyder, ser dei forundra på meg. Eg får inntrykk av at dette ordet er det einaste dei kjenner for det som jødane vart utsette for av Hitler-regimet.
          
Også mange av min eigen generasjon, vi som meir eller mindre gjennom-levde andre verdskrigen, har lagt seg til den same oppfatninga: «Holocaust» var jødeforfølgjingane, eller «den nazistiske utryddinga av jødar under verdskrigen». Dette har i dei siste åra også vorte den nye leksikalske tydinga av «holocaust», viser det seg. Men kor lenge har det vore slik? 

Det er nesten pinleg å vedgå det: Men eg som har vore nokolunde lesekyndig gjennom heile etterkrigstida, og som alt for 30 år siden rekna meg som godt orientert i stoff omkring andre verdskrigen, hadde for mindre enn 20 år sidan aldri hadde høyrt eller sett ordet «holocaust». Eg vil understreke at eg ikkje var åleine i denne kunnskapsløysa. I vår del av verda hadde faktisk dei fleste andre heller ikkje høyrt om «holocaust». Berre nokre døme:
          
Holocaust - det vil seie ordet i den tydinga vi snakkar om no -  var knapt noko tema for det store fleirtalet av dei jødane som vart stua saman i konsentrasjonsleirar og gasskammer. Det var det heller ikkje for dei som overlevde, ikkje i dei første åra etter krigen.
           
Ordet holocaust var ikkje på nokon måte på dagsorden for nazileiarane som sette det heile i verk. Dei kjende truleg ikkje ordet, det sto knapt nok i  vanlege tyske ordbøker. Det dei dreiv med, omtala dei som «løysinga av jødespørsmålet» og liknande i og for seg uhyrlege uttrykk som ikkje er tema her.
          
Også på den allierte sida under krigen, og i den veldige litteraturen om både krig og forfølgjing som kom dei første åra etterpå, var «holocaust» fråverande i den aktuelle tydinga.
           
Kva har gått for seg her - så å seie på ordfronten - i seinare tid? Har ordet holocaust dukka opp av seg sjølv, som ein slags seinverknad av nazismen og jødehatet? Det merkelege er at ordet på eitt eller anna tidspunkt har konvertert, om vi kan bruke eit slikt uttrykk. Det har brote opp frå eit tilvære som framandord med dunkel tyding, til å bli eit ord som «alle» kjenner, og oppfattar som uttrykk for noko det ikkje tydde før, altså «jødeforfølgjingane under andre verdskrigen». Har nokon hjelpt ordet på veg?
            
Dei eldre ordbøkene som i det heile hadde med ordet, fortalde at det var  gresk og med tydinga «brennoffer». Kva vi så forstår med «brennoffer», er vel også uklart. Men eg har oppfatta at «holocaust» i denne tydinga var eit aktuelt omgrep i fleire religionar, i både jødedomen og i kristne og/eller «kjetterske» trusretningar, der det kunne vere tale om «brennoffer» som ein rensande overgang til eit tusenårsrike).
            
Av grunnar som for meg er ukjende, har ordet holocaust - i den same gamle tydinga - vore meir nærverande på engelsk enn tilfellet er i vårt og dei fleste andre språk. Det medfører ikkje berre at ordet er meir vanleg i angelsaksiske ordbøker, men at det også har høyrt med i det aktive ordforrådet hos forholdsvis mange skribentar. 
           
Einskilde døme viser at ordet alt under krigen vart brukt i ein samanheng som har med jødeforfølgjingane å gjere: I nokre britiske rapportar brukar skribenten  holocaust («this holocaust...») om  innslag og handlingar i jødeforfølgjingane - men ikkje om fenomenet i seg sjølv. (Gilbert: «Auschwitz and the Allies» 1981). I den nye(?) tydinga «jødeforfølgjingane i nazi-Tyskland» var holocaust framleis heller ikkje vanleg i engelskspråklege land dei første åra etter 1945.
            
Ein kveld no i 1998, etter at Jan Otto Johansen - ein velorientert og godt vaksen kommentator - hadde brukt ordet holocaust fem gangar i eit kort fjernsynsinnslag, sette eg i gang ei ny leiterunde på spor etter ordet. 
            
Eg starta i eiga bokhylle, men det «store norske» leksikonet mitt frå 1980-åra kunne ikkje hjelpe meg i første omgang. Holocaust var heilt fråverande der det eventuelt skulle ha stått som oppslagsord, i eit bind trykt i 1987. Men eg gav «store norske» ein ny sjanse, og blada opp i registerbindet som var trykt eit par år seinare.   Hevreka! - heiter det visst: Registerbindet visste om to stader der ordet holocaust var brukt i dei siste binda - under oppslaga Streep (Meryl) og Warner (David). Begge var krediterte for roller i den amerikanske fjernsynsserien «Holocaust», produksjonsår 1978.
          
Dette visste for så vidt både eg og mange andre frå før. Vi hugsar korleis denne serien gjekk ein sigersgang verda rundt (vist i NRK 1979). Og namnet var sjølvsagt med. Historia var hjarteskjerande nok til at ordet eller namnet «Holocaust» lett kan ha brent seg inn i langtidsminnet til fjernsynspublikum.
          
Var så dette kanskje heile forklaringa? Var det kanskje slik at dei som skulle skape fjernsynsserien, berre såg seg rundt etter ein god tittel som dei kunne tileigne seg, og nærmast tilfeldig kom over «holocaust»? Det var då nettopp eit ord som få kjende og endå færre hadde bruk for til andre formål.
           
Så kokar kanskje det heile ned til endå eit døme på amerikansk mediespråkleg imperialisme? Men så enkelt var det nok ikkje: Det viser seg nemleg at holocaust alt på 1960-talet meir eller mindre var kome i bruk som uttrykk for jødeforfølgjingane. Nøyaktig når, kvar og hos kven dette kom opp, har eg så langt ikkje lukkast å fastslå. Men det ser ut til å ha vore ein slags dugnad mellom jødiske skribentar i både USA og Israel. 
          
Nærast forklaringa er kanskje den rumensk-fransk-amerikanske jødiske forfattaren Elie Wiesel, som tok ordet i bruk i  bøker og skrifter alt på 1960-talet. I ein artikkel mykje seinare (ref. Korman: «Holocaust in Historical Writing) skriv Wiesel: «Eg må vedgå .... at eg er redd eg var den som introduserte ordet i denne samanhengen, og eg er ikkje stolt av det. Eg kan ikke bruke det meir...» Wiesel hevdar at ordet holocaust i mellomtida har vorte «trivialisert», særleg gjennom bruken i media: Han nemner aviser som skriv om «holocaust» for fotballag som har tapt ein kamp, han har sett «holocaust» brukt i amerikansk fjernsyn om valdstilfelle der nokre få menneske vart drepne.
          
Wiesel er ikkje åleine om å vere kritisk: Forfattaren Amos Oz hevdar (1988) at «ordet forfalskar naturen av det som hende. Morda på jødane i nazi-Tyskland var ikkje noko Holocaust.» Nokre tar avstand frå å bruke holocaust om slikt som  myrderia i Kambodja på 1970-talet. Dette viser vel først og fremst ein trang til å halde på ordet eksklusivt for jødisk historie.
           
Det kan altså sjå ut til at det språklege holocaust-prosjektet har lukkast berre så altfor godt: Dei som sette det i gang, lukkast med å gjere ordet kjent, og skaffa det tilnærma monopol på den tydinga som er ordet sitt nye innhald. Men med dette har dei også på ein måte misst kommandoen over ordet. I allemannseige, og som omtykt medieord, har det vorte banalisert, og fått eit så  utvida bruksområde at det går langt inn i det meiningslause.
           
Det er vel dette som er problemet for Wiesel og andre: Dei hadde bruk for eit ord med symbolkraft for å markere jødeforfølgjingane historisk. I staden er ordet i ferd med å bli ein allemannsklisje som kan brukast til nær sagt kva som helst.
            
Det er vel ingen tvil om at det er massemedia - og i første rekke fjernsynsserien - som har skapt «suksessen» for holocaust-begrepet. Eit ubegripeleg framandord blir ikkje allemannseige før det er grundig og varig hamra inn i skallane til folk - og det er ein typisk mediejobb!
             
I ein overgangsperiode verka det uklart  i kva for grad ordet så å seie ville «slå an». I internasjonale ordbøker og leksikon ser det ut til at ordet først får innpass på 1980-talet. I ei bok om dei nordiske jødane og nazitida, «Undtagelser» av Paul Hammerich, er ordet heilt fråverande så seint som i   1992.  Martin Gilbert ga i 1985 ut ei bok  på heile 950 sider, med nettopp tittelen «The Holocaust», undertittel «The Jewish Tragedy». Men trass i boktittelen er ordet «Holocaust»  verken forklart eller i det heile brukt i sjølve teksta i boka. Det er freistande å tenke at boka stort sett var ferdig frå forfattaren si side før den nye bruken av holocaust-begrepet hadde slått til. 
            
Nyordarkivet til det norske ordboksverket har registrert første innslag av «holocaust» på norsk i «Vårt Land» i  mai 1977. Ein kritikar skriv i ei melding at «ord som  holocaust og alivah er ikke ukjent for dem som har lest en del om Israel.... men burde være forklart». Det var altså ikkje mange her som kjende ordet holocaust i 1977, før media hadde starta jobben sin...
             
Men media - verda rundt - greip ordet, så å seie, og plasserte det i ordforrådet til folk flest. Det skjedde neppe berre fordi ei gruppe skribentar - i dette tilfellet jødiske  - nærmast hadde lagt opp til det. Det skjedde vel mest fordi det var eit ord media  hadde bruk for: Det hadde nettopp mangla eit ord som høvde for formålet. Uttrykk av typen «nazistiske jødeforfølgjingar» er uhandterlege og manglar fullstendig det vi kan kalle medietekke. «Holocaust» var kort nok til å stå i ein avistittel, det var ikkje  brukt i andre meiningar som media brydde seg om, og var så merkverdig i form at det var lett å lære seg. Dei moderne media har det med å bli glad i slike ord.
             
Media har si evne til å formidle språklege vanar og uvanar, til både å endre og  halde fast på bruken av orda. Ordbøker og leksikon kjem etter og registrerar og forklarar ord som er i bruk. Slik også for holocaust:
             
Dei aktuelle nordiske ordbøkene og oppslagsbøkene eg har kunna sjekke, har her gått heilt i takt. På 80-talet hadde dei holocaust i den gamle greske tydinga, eller ikkje i det heile. Den svenske «Nationalencyklopedin» kom med ny holocaust-tyding i 1992, Norsk riksmålsordbok i 1995. «Store norske..» som ikkje kjende «holocaust» midt i 80-åra, har i ei utgåve som kjem no i 90-åra ein stor artikkel om ordet i ny tyding.
        
Om vi no avsluttar denne runden i Tyskland: Det store Brockhaus-leksikonet viser ei utvikling  som liknar på «store norske». I 80-årsutgåva kjende dette verket berre til ordet i forma «holokaustum» og med den gamle  brennoffertydinga. I den nye utgåva i 1990-åra er «holocaust» oppslagsordet for leksikonet sin fyldige hovudartikkel om jødeforfølgjingane i nazitida. 
              
Dersom karrieren til holocaust-ordet viser oss noko, må det vere at ord er vanskelegare å styre enn nokre stundom kunne ønske seg. Eller at det er vanskeleg å halde på eigedomsretten til dei. 

Artikkelen har stått på trykk i Sunnmørsposten, og er lagd ut på nettet 23.11. 1999.
     

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |