| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
Høgskule på Sunnmøre i 1698

I 1811 fekk Noreg sitt fyrste universitet, men alt i 1698 sat det ein kar på Sunnmøre og tenkte på ein annan akademisk institusjon, høgskulen. Og han skreiv om det.

Knud Pedersen Harboe arbeidde som lærar hos presten Absalon Jørgensen Beyer (1625-79) i Innvik. Harboe var utdanna teolog i København, og var fødd i Danmark rundt 1650. I 1698 skreiv han Dictionarium Danico-Norvegico-Latinum, ei samling med vel 750 ord. I 1988 fekk professor Oddvar Nes ved Universitetet i Bergen gitt ut denne samlinga med merknader. Her finn vi ordet høgskule:

Academi. Høyskole, N. Högskule. Academia.

I ordsamlinga har Harboe fyrst ført opp det danske ordet, så kjem ordet på norsk, og til sist på latin. Oddvar Nes skriv at ordet høgskule er laga av Harboe "etter det motsvarande da. høiskole 'academi' (i Coldingius 1622)" (s. 48). Verket Nes syner til, er Etymologicum latinum som P.J. Coldingius gav ut i Roskilde i 1622.

Dei norske orda og ordformene Harboe har teke med i ordsamlinga, stammar for det meste frå Vestlandet. Ein del har nok opphav på Sørvestlandet, andre frå Hordaland, skriv Nes. Han meiner at Harboe har "hatt ring kunnskap om norsk mål". Samanlikna med andre norske ordsamlingar frå same tid, har Harboe med "få ord frå landsbygda i Noreg" (s. XV). 

Som nemnt var Harboe dansk, og han har truleg komme til Bergen i ung alder. Seinare studerte han teologi i København, før han vende nordover att. Etter at han var ferdig med lærargjerninga i Innvik, flytte han til Norddalen, seinast i 1683. Der var han kapellan, og i 1689 vart han gift med Margrethe Brandal. Han omkom da eit skred gjekk medan han og følgjet hans var på veg til messe i Sunnylvs-kyrkja. Det var truleg i 1701. Da var det enda om lag 150 år att til folkehøgskular kom på tale, og meir enn 250 år til vi fekk dei fyrste norske akademiske høgskulane.
   
Av Jon Peder Vestad

Kjelde: 
Knud Pedersen Harboe: Dictionarium Danico - Norvegico - Latinum 1698. Utgjeve med merknader og register av Oddvar Nes. Skrifter frå Norsk målførearkiv XLI. Univeristetsforlaget 1988.

Lagt ut på nettet 8. mars 2001.
     

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |