| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Radioordlista | Lesarbrev |
 

Les også
Frå skrivebordsskuffa til Setesdalsforlaget

Den hemmelege forfattaren

I eit halvt års tid brukte han nesten all fritida si på å skrive ein roman. Ennå veit han ikkje om noko forlag vil gje ut verket, men han har i det minste hatt to lesarar.

Forfattaren ønskjer ikkje å stå fram med namn før han eventuelt får ei avtale med eit forlag som vil gje ut debutverket hans. Den anonyme forfattaren er i trettiåra, og dette er fyrste gongen han prøve å skrive ein roman.  

Vil skapa noko med verdi 
- Eg ønskjer å fabulere meir, og det å skrive er i alle høve mi uttrykksform. Det dreier seg om å få uttrykk for meir av det som bur i meg og om å skape noko som andre kan sjå ein verdi i. Eg har alltid ønskt å kome vidare med skrivinga, men for at det skal skje, må ein også få ein ide eller inspirasjon som kan bere eit slikt prosjekt. Rett før sommaren ifjor galopperte det ein idébøling gjennom skallen, og eg hadde eit slags skjelett. Problemet var at eg hadde fullt opp frå før - både i jobb og privat. På eit vis skreiv eg meg likevel "til mål", men eg veit at teksten enno er uferdig.
- Kva slags roman er det du har skrivi?  
- Det er noko så lite originalt som ei forteljing om ein eg-person som går vaklande inn i det store tusenårsskiftet. Spørsmålet er sjølvsagt om han vaklar ut av det med ei kvinne og om han finn det verdt å vakle vidare. Det er ein relativt lett stil, med skråblikk på ein del av tinga som skjer
rundt oss nett no,  men blant dei er det sjølvsagt også noko eg tar på alvor.

Familien veit ingenting
Få er det som har visst kva forfattaren har tasta på om kveldane og i helgene. Familien har ikkje visst noko om det hemmelege bokprosjektet, fortel den anonyme forfattaren. Han nemner at skrivinga til ein viss grad har gått ut over motivasjonen til å drive med det vanlege arbeidet han har. 

- Korfor skal det vera så hemmeleg at du har skrivi ein roman? 
- Eg synest på ein måte ikkje at det vedkjem folk at eg skriv ein halv roman eller ein nesten-roman. Det finst så mange gode idear og så mange imponerande luftslott. Dersom eg ikkje klarer å få dette fram til ei form som er verdt å lese for andre, kan eg like godt halde kjeft. Eg trur også det har hjelpt til å halde dampen og energien oppe rundt prosjektet at det ikkje har blitt redusert til tema for pubprat. Etter kvart har det likevel vore godt å ha nokon å samtale med.
- Har det vore vanskeleg å ikkje fortelja folk om kva du bruker så mye tid til? 
- Ikkje slik eg lever no, men eg har blitt eit hakk meir asosial enn vanleg, og nokon gonger hadde det vore greitt å berre vist til at eg måtte gjere noko med "romanen". Men det har vore vanskeleg å stå løpet ut. Denne skrivinga har gått på bekostning av alle pustehol og rekreasjon. Når eg skriv på meir trivielle ting i det daglege, har livet no og då blitt litt
einsidig.

Manuset har gått til konsulent...
I juni var manuset såpass ferdig at det vart sendt til to forlag, og eit par venner har lese verket.

- Korleis har responsen vore? 
- Eg synest det er vanskeleg å formidle det vidare. Dei gir i alle høve uttrykk for at dei har hatt positive lesaropplevingar på vegen. Noko, faktisk ein god del,  har vore svært kjekt å høyre - det viktigaste for meg på dette stadiet er jo å få høyre at det er håp. Men dei legg heller ikkje skjul på at det står mykje att før eg har ei ferdig bok. Det eine forlaget har sendt teksten til ekstern konsulent,
og det tar eg som ei oppmuntring.
- Kjenner du deg ferdig med romanen nå, eller er du viljug til å gjera store endringar for å få boka gitt ut? 
- Eg har lyst til å kome eit hakk vidare, og dersom det hadde vore sjansar for å få ho ut, kunne eg ha gjort
ganske mykje. Men eg har lite tid, og boka er knytt til tusenårsskiftet, så det skal litt til.

Gjev seg ikkje
Om det skulle gå skeis denne gongen, fleipar forfattaren med at han kan prøve med same manus ved neste tusenårsskifte. Gje seg har han ikkje tenkt gjera, for han meiner han har noko å gje.  

- Har du idear til fleire bøker? 
- Nett no er det berre små flisar. Eg får mange idear, men det skal litt til at ein bruker eit halvår eller eit år på dei. 
- Kva har vore vanskelegast med skrivinga?
- Å få tid. Elles var det jo ein del tekniske ting som ikkje var lett. Først fekk eg faktisk ideen til eit reint plott. Sidan måtte jo denne ideen sameinast med ein meir indre driv. No
lurer eg på om det er mogleg å få dei to laga i forteljinga til å gripe meir inn i kvar andre. Eg veit ikkje - eg har mykje å lære.
- Kva har du lært av skrivinga så langt, da? 
- Eg trur eg har lært ein del som eg ikkje heilt har oversikt over enno. Eg har lært at eg kan, sluttar den hemmelege forfattaren, og verkar i grunnen ganske fornøgd -  utan avtale med noko forlag.  

Av Jon Peder Vestad. Lagt ut på nettet 10.8. 1999
   

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Radioordlista | Lesarbrev |