| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
    Heimstaddikting

Eg har alltid undra meg over dette omgrepet, som vert brukt nesten som ei fornærming mot forfattarar som freistar å skrive seriøst. Ingen som tek sikte på å verte ein ny Ibsen, Garborg eller Hamsun likar å få ordet heimstaddikting slengt etter seg.

Ordet signaliserer med andre ord at her er det snakk om truskuldig, naiv, ukomplisert kyrapoesi frå bondelandet (les : Vestlandet), og slik litteratur høver seg jo ikkje på bibliotek og bokhandlar i London, Paris og Roma.

Slik litteratur er sopass smal at ingen gidd å lese det likevel, og difor gidd ingen heller å omsetje denne litteraturen til andre språk. Og har nokon fyrst fått stempelet heimstaddiktar, er han eller ho stigmatisert for livet, ingen vil ta i bøkene deira med ei eldtong.

Eit anna fenomen (eller faresignal?) med ordet ’heimstaddikting’ er at ein ikkje finn det på bokmål. Bokmålsfolka har ikkje eit eige ord for dette, dei kallar det òg heimstaddikting. Det seier seg sjølv at dette ikkje tek seg spesielt godt ut for nynorsken, sia ein då trekkjer konklusjonen at ’nynorsk dikting høyrer best heime i heimen.’

Tallause, spirande garborgar har sikkert vorte drepne som små ved hjelp av dette ordet. Ordet bør helst ikkje brukast om dikting i det heile.

Ein eller annan uhyre smart person stilte ein gong dette spursmålet : ’Kvifor heiter det heimstaddikting når ein kall i frå ei bygd på Vestlandet skriv om heimbygda si, MEN seriøs, europeisk litteratur når ein fyr frå Oslo-dalen skriv om utelivet på Karl Johan?’ Dette spursmålet stilte eg ein norsklærar ein gong. Han kunne ikkje svare på det.

Til alle dykk som melder bøker: Pass dykk for ordet ’heimstaddikting’, bruk det ikkje i utrengsmål, men bruk det med vit. Ikkje lat ein lovande debutant få ordet tatovert inn på bibliografien sin.

Av Daniel Vagstad. 

Lagt ut på nettet 13. mai 2003

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |