Mannen bak Haug Forlag er ikkje snau. Utan løyve trykkjer han opp gamle bøker utan å ha lov til det. Nå har han trykt opp ei folkeminnesamling frå Romsdal. For kvar bok tek han 285 kroner, frå dei som har opphavsretten til boka krev han 40 000 kroner.
I 1933 gav folkeminnesamlaren Olav Rekdal ut boka "Eventyr og segner", og i mange år har det vore uråd å få kjøpt boka. Romsdals Budstikke fortel (12.11.98) at ein herr Haug har gjort noko med det. På eige initiativ har han fått boka trykt opp att i Bulgaria i eit opplag på 1000, og gitt ho ut på sitt eige Haug Forlag.
"Tjuven" krev pengar!
Det er Marit Rekdal Hoel og syskena hennes som har rettane til boka,
og.etter Åndsverkslova har arvingar rettane i sytti år etter
at ein forfattar er død. Da Marit Rekdal Hoel oppdaga annonsa for
faren si bok, tok ho kontakt med denne Haug og ba han slutte å selja
boka. Seinare har ho møtt forleggjaren, saman med representantar
for Norsk folkeminnelag og ein advokat frå Norsk faglitterær
forfatterforening. Etter møtet har herr Haug tilbode å selja
restopplaget for 40 000 kroner. Dette tilbodet har Hoel sendt til Romsdal
Sogelag, men Bjørn Austigard i Sogelaget seier til Romsdals Budstikke
at dette er ein altfor høg pris. Dersom ikkje pirat-forleggjaren
får til ei avtale med dei som har opphavsretten til boka, må
opplaget makulerast.
Ikkje fyrste gong
Romsdals Budstikke har vore i kontakt med mannen bak Haug Forlag. Han
fortel at han har gitt ut sju folkeminnebøker dei siste to åra,
utan å ordne med utgjevarretten til nokon av dei.
"Jeg hadde ikke regnet med at noen skulle ta det så ille opp",
seier han til Budstikka. Som forklaring på at han ikkje har hatt
orden i sakene, seier han at det kan vera vanskeleg å finne dei som
sit på rettane til å gje ut slike bøker. I dette tilfellet
rakk han ikkje å snakke med rettigheitshavarane før boka måtte
trykkjast, men han hadde visstnok tenkt å gjera det.
Forlaget er ikkje momsregistrert, skriv Romsdals Budstikke. Telefon
har det, og vil nokon skaffe seg oversyn over sortimentet, kan dei ringje
915 15 890.
Lagt ut 16.11.98