| Kva
slags namn er Guren?
Musikaren
og songaren Guren Hagen har eit sjeldant fornamn. Dette namnet er ikkje så
lett å bli klok på, om ein da ikkje har tilgang til Norsk
personnamnleksikon.
I
personnamnleksikonet finn vi dette:
"Gurin
(Guren) m, nyare namn, laga som
avl. til GURINE. Litt brukt i Nord- og Midt-Østerdalen frå midten av 1800-t.
til mellomkrigstida, elles svært sjeldan. Kjell Aukrusts figur Guringuten i
"Flåklypa" og boka "Gurin med reverompa"
(1991). Variant GOREN, dessutan avl GORENIUS (Nes i Akersh) til GORINE."
I namnestatistikken til Statistisk
sentralbyrå finn vi at det er sju menn i Noreg som heiter Guren, og fire av
desse har Guren som einaste fornamn. Dei tre andre namna, Gurin, Goren og
Gorenius, er det tre eller færre nolevande som ber det vil seie kanskje
ingen.
Kva så med Gurine? 156 kvinner har
dette namnet, 23 heiter Gurina. Goro er det 45 som heiter, og Guri ikkje færre
enn 2626. Guri kjem av Gudrid, som førti norske kvinner heiter.
Av Jon Peder Vestad
Lagt ut på nettet 9. februar 2002
|