Til Vestads vevstad


Ein bokleg bakmann

Gudmund Harildstad er ikkje av dei som stikk seg fram. Men arbeidet han gjer, er viktig nok. Det er Gudmund som har sytt for at livsminna til den norskamerikanske pressemannen Kristian Prestgard har vorte gitt ut, og to bøker av ein av dei fyrste lokalhistorikarane i Noreg, Ivar Kleiven frå Vågå, har han au redigert. Og det er ikkje alt.

Til dagleg arbeider Gudmund Harildstad (f. 1965) med å registrere ordbruk i norske bøker. Det vil seia at han går gjennom norsk sakprosa og litteratur, merker av spesielle ord som er brukt, og får dei ført inn i materialet til Norsk ordbok. Arbeidsstaden er Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, Seksjon for leksikografi (ordbokskunnskap) ved Universitetet i Oslo.
- For å ta eit sleivete spørsmål heilt fyrst, kva er det mest spesielle ordet du har komme over?
- Eg kan nemne ordet slavannshus som mellom anna ein mann i Nissedal har sendt inn til Norsk Ordbok. Slavannshus har ingenting med slave og slaveri å gjera, men kjem av tysk Schlagwasser, 'destillert vatn som skal hjelpe mot slag'. Slavannshus blir på bokmål kalla 'hodevannshus' og vart brukt av kvinner før i tida. 'Huset' med det godluktande vatnet hang i ei kjede rundt halsen. Elles er til dømes kornoteleg eit merkeleg ord. I årsskriftet Talatrosten 1997 har eg skrive eit lite stykke om kornoteleg og om ordet kovern, så eg treng ikkje gå nærare inn på dei orda her.
- I arbeidet ditt må du lesa mye, og kva slags litteratur er det du liker best å finne ordbruk i?
- Eldre litteratur, ny og gamal faglitteratur og lokalhistorisk litteratur. Den moderne skjønnlitteraturen gjev ikkje så mykje med omsyn til målbruk og ordtilfang, synest eg.

Har arkivskuffer heime
Arbeidet med Norsk ordbok tok til over tretti år før Gudmund var fødd, og kjem til å vara enda nokre tiår - om det nokon gong blir ferdig. Til slikt arbeid må ein vera tolmodig, og det passar Gudmund godt. Han er ikkje berre ein ordsamlar, men også ein informasjonssamlar. Heime har han fleire arkivskuffer fulle med ulike skrifter og notatar, om slekter, minne frå farne tider, og om norsk språk. Og korfor er han så interessert i det som har vore?
- Det er vel ein arv frå heimen. Eg har mange eldre slektningar og har høyrt mykje frå gamle dagar heilt sidan eg var liten. Kunnskap om farne tider gjev kunnskap om dagens samfunn. For å kjenne dagen i dag lyt ein kjenne litt til fortida, svarar dølen.
        Gudmund kjem frå Venabygd i Gudbrandsdalen, og er utdanna ved kulturstudiet på Høgskulen i Telemark. Som språkmann er han meir eller mindre sjølvlærd. Språkinteressa har ført han inn i skriftstyret til Mål og Makt, der han sat nokre år, og han har også i stuttare tid arbeidd som konsulent for Landbruksforlaget og Norsk språkråd. Arbeid og hobby går side om side for gudbrandsdølen, og han har vel ei forkjærlegheit for slekter, språk og historie frå Gudbrandsdalen?
- Ja, det har eg, men samstundes trur eg at eg er meir meir vidsynt enn ein del andre som arbeider med lokalhistorie i Gudbrandsdalen. Til dømes saknar eg ei skikkeleg utlufting i Gudbrandsdal Historielag. Lokalhistorikarar i Gudbrandsdalen er i sume tilfelle meir opptekne av tillitsombod enn å gjera ein skikkeleg innsats.
- Du er mannen bak ein omfattande bibliografi over små og store prenta arbeid av Ivar Kleiven, og det same for den nesten glømte språkmannen Steinar Schjøtt. Korleis går du fram når du sankar opplysningar om kva folk som nå er døde har skrivi?
- Når det gjeld Kleiven, overtok eg arbeidet etter ein annan. Vi visste stort sett kva aviser Kleiven skreiv i, og eg laut ta fatt på å sjå igjennom det som stod att av lillehammeraviser og ymse andre blad og tidsskrift. Skrifter av Steinar Schjøtt har eg registrert ein del av, men ikkje systematisk. For Schjøtt-registreringa er den grundige artikkelen om han av Didrik Arup Seip i Norsk biografisk leksikon til god hjelp.
- Kva slags prosjekt arbeider du med på fritida nå?
- Nå held eg på å skrive inn på data det private brevskiftet mellom Ivar Kleiven og Kristian Prestgard. Brevskiftet er frå åra 1886-1934 og er truleg eineståande av di det går over så lang tid. I breva kjem ein personane nærare inn på livet enn i dei prenta skriftene deira. Elles vonar eg å kunne skrive meir i Vestmannen og drive litt meir med slektsgransking.

Skriv ikkje i-mål offentleg
I Gudbrandsdalen har ikkje høgnorsklina, den mest konservative nynorsken, hatt mange støttespelarar. Gudmund er eit unnatak, og han skriv stykke mellom anna for Vestmannen. Passar det med i-mål og «forvitneleg åtgaum»-nynorsk for ein døl?
- Ja, det synest eg. Eg har rett nok aldri skrive i-mål offentleg, men eg har vore medlem i Høgnorskringen sidan hausten 1996. Vestmannen har eg lese sidan 1988 og har gjort at eg har sett norsk målsoge i nytt ljos. Eg har hatt mykje glede av Vestmannen - Vestmannen vart eit vende for meg! Sjølv om eg har høgnorske sympatiar, er det ikkje med det sagt at eg står inne for alt som blir sagt og skrive av høgnorskfolk. Personleg meiner eg at høgnorsk er meir enn i-mål, til dømes synest eg at målet til Kristofer Uppdal kan reknast for høgnorsk. Ved å vera medlem i Høgnorsknorskringen seier ein nei til ein samnorsk-inspirert nynorsk, og dét er kanskje det viktigaste. Bokmåliseringa av nynorsken er kommen så langt at det laut koma ein reaksjon.
- Når eg ser på det du har gjort, gitt ut barnebok av Ivar Kleiven, stykke han skreiv for Decorah-posten, artiklane du har skrive om ord og målfolk i mellom anna Vestmannen, ser det ut til at den språklege interessa di vel så mye er knytt til historie og enkeltmenneske som til språket sjølv. Stemmer det?
- Ja, det kan ein seia. Eg er oppteken av einskildmennesket. - Er det ikkje Benjamin Disraeli som skal ha sagt at historie det er å lesa biografiar? Eg meiner at det er vorte skrive altfor mykje om kjende målfolk og forfattarar. Vi bør heller tenkje meir på folk som er mindre kjende og som har gjort ein viktig innsats. Når ein er personal- og slektshistorisk interessert, kjem ein innom mange emne og spørsmål og ser kanskje ting og omstende frå nye vinklar.

Det som er godt, blir aldri for gammalt
Dei som kjenner Gudmund, veit at han i rette laget kan slå til med vitsar, og at han er ein god forteljar og interessant samtalepartnar. Dei som møter han i det daglege, ser ein roleg og ganske fåmælt kar, med kunnskapsrike auge bak briller og ei ikkje så lite sjenert fasade. Og han er ein god venn, flink til å hugse på folk, tipse om bøker og informasjon som kan vera av interesse for andre - og iblant kan det liggje ei bok i postkassa som Gudmund meiner at nettopp du (eg) kan ha interesse av. Men kva liker Gudmund best sjølv, sett bort frå det faglege?
- Det som eg les i arbeidet og privat, flyt i mange tilfelle saman. Men eg er glad i å lesa eldre litteratur, både på landsmål og riksmål. Det er noko som heiter at det som er godt blir aldri for gammalt. Og det som har vore verdfullt for folk før i tida, kan vel òg vera verdfullt å lesa for oss.
        I mange år har Gudmund budd i hovudstaden, men ikkje så sjeldan er han på heimgarden i Venabygda og besøker familien.
- Korleis er det å vera språk- og historieinteressert døl i storbyen?
- På arbeidsplassen er eg i lag med folk som arbeider med norsk mål. Eg lyt nemne at eg er ingen bokmålshatar, av og til skriv eg sjølv bokmål. Men det er gjerne slik at ein søkjer kontakt med folk som ein har interessefellessskap med, så å vera målmann i byen byr ikkje på vanskar.
- Eg veit at det ligg mange oppgåver og ventar for ein bokleg bakmann som deg. Dersom du hadde hatt tid og råd til å arbeide med det du aller helst ville, kva hadde du valt da?
- Eg hadde truleg arbeidt med mykje av det same som eg steller med nå. På mange måtar er eg privilegert som får arbeide med det som eg er interessert i, og Universitetet er ein spanande arbeidsplass.

Intervjuet har skjedd per epost.
Av Jon Peder Vestad



Til Vestads vevstad