| |
|
Grønland
– det glømte landet
For
nokre år sia oppdaga eg at eg hadde nok bonuspoeng frå flyreiser til at eg
kunne flyge til ein plass på Grønland som heitte Kangerlussuaq. Desse poenga
kunne jo brukast til å reise ein stad eg aldri ville ha komme til elles! Eg
fann Kangerlussuaq på eit kart, Søndre Strømfjord heiter plassen på dansk.
Gjekk det an å ta buss derifrå ut til kysten? Klimaet var visst godt der,
ja, det kunne vere over tjue varmegradar der! Eg vart skikkeleg nysgjerrig på
Grønland, og begynte å samle informasjon og heldt fram med å få flypoeng.
Ordninga med bonuspoeng vart lagt om, den aktuelle flyruta til Grønland vart
lagt ned, men tanken på Grønland vart likevel ikkje lagt vekk.
Finst
det skog på Grønland?
Eit
reisestipend Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF) ga meg
i 2003 gjorde reisedrømmen muleg. Det var Grønland bak brosjyrane og rykta
eg ønskte å sjå, og derfor valde eg bort både dei norrøne minna i sør og
hovudstaden Nuuk. Eg las om og frå Grønland i bøker, på nettstader og i
nettaviser. I tankane har eg vore fleire veker (minst!) på Grønland.
Dette
skulle vere ein tur som ga meg ny kunnskap og nye opplevingar, og gjere meg i
stand til å formidle noko som eg ikkje hadde kunna utan turen. Eg ville sjå
korleis det grønlandske samfunnet verkeleg er. Eg tenkte at nokon i Noreg bør
vete litt om Grønland, og eg kunne vere ein av dei. Inntrykket eg hadde av Grønland
var grunt, og eg oppdaga kjapt at eg var utan den enklaste kunnskap om dette
nabolandet: Finst det vegar der? Og skog? No veit eg svara.
Førebuinga
var mye meir enn halve reisa. Omtrent dagleg las eg nyheiter frå radio- og
fjernsynsstasjonen KNR på www.knr.gl (og
gjer det ennå), nokre månader fekk eg gratisabonnement på pdf-utgåva av
den eine av dei to avisene på Grønland, eg las reisehandbøker og på nettet
las eg offentleg informasjon og mye anna. Eg fann ut at det var rimelegare å
kjøpe ein pakketur enn å snikre i hop ei reise sjølv, og valde ein
billigtur.
Pakketur til
13000 for éin
Sjølve
reisa kosta ca. 13000 kroner, og for det fekk eg flyturen frå Kastrup til
Kangerlussuaq, lokalfly ut til Sisimiut (Holsteinsborg) på vestkysten,
hurtigrutetur opp til Ilulissat (Jakobshavn) og fly derifrå ned til
Kangerlussuaq. All overnatting var inkludert, men mat måtte eg ordne med sjølv.
Dessutan måtte eg jo komme meg til og frå Kastrup. Det er eigentleg ikkje så
dyrt på Grønland for ein som er van med norske prisar, men det kostar å
vere turist! Pengane flyg når ein er med på båttur til isfjella, tek rutebåt
til ei lita bygd eller kjøper med seg suvenirar. Stipendsummen på 19000
kroner dekte det meste av utlegga mine.
Grønland
er rekna som ein del av den nordiske familien. Det er ein eigen del av det
danske riksfellesskapet, og har eiga riksforsamling og regjering, det såkalla
Hjemmestyret. Grønland har ikkje så mye sjølvstyre som Færøyane, og det
danske språket er mye synlegare på Grønland enn hos færingane. Folket på
Grønland blir kalla grønlendarar, ikkje eskimoar. Ordet ’inuit’ blir
brukt noko, men mest som fellesnamn for dei som snakkar ein variant av
inuitspråket på Grønland, i Nord-Canada og Alaska.
Gedigent land!
Grønland
er på over to millionar kvadratkilometer, og vel 400 000 kvadratkilometer er
isfritt. Noreg er på 385 000 kvadratkilometer med Svalbard og Jan Mayen, 324
000 utan. Mesteparten av dei isfrie områda er folketomme, og i alt har Grønland
rundt 57 000 innbyggjarar. Tolv prosent av desse er utlendingar. I Danmark bur
det visst 12000 som er fødde på Grønland. Om lag ti tusen grønlendarar bur
i bygder med mellom ein og nokre hundre innbyggjarar, resten bur i byane, som
dermed er små sett med norske auge. I førre hundreåret dreiv dei danske
styresmaktene ein knallhard sentraliseringspolitikk, og samla flest muleg i
byar og større bygder. Ein grunn er at det på denne måten ville vere
enklare å gje grønlendarane tilgang til ulike gode som vi reknar som sjølvsagte
i moderne velferdssamfunn. I dag er Grønland delt inn i atten kommunar, og
også her er det snakk om kommunesamanslåingar. Ingen av kommunane er bundne
saman av vegar, så på Grønland reiser folk med rutebåt, fly og helikopter,
og med slede når isen tillet det.
Det
finst to hovudflyplassar på Grønland, ein heilt i sør, nær dei norrøne
områda, og ein på vestkysten, innafor Sisimiut. Og det var hit til
Kangerlussuaq eg flaug frå Kastrup. Dette er ei flyplassbygd, bygd opp rundt
ein militærbase USA hadde der. Kangerlussuaq hører til Sisimiut kommune, og
skal ein til Sisimiut, kan ein gå i åtte-ti dagar, eller ta fly. Valet er
enkelt! Men det er snakk om å byggje ein veg på eit par hundre kilometer ut
til kommunesenteret. Sisimiut by har ca. 5500 innbyggjarar og er neststørst i
landet, og i alt bur det over 6000 i
denne kommunen. Hovudstaden Nuuk (Godthåb) har vel 14000.
Sisimiut
ligg knapt 100 km nord for polarsirkelen og i denne byen finn vi Royal
Greenlandic, den store rekefabrikken, Knud Rasmussenip højskolia (folkehøgskule)
og andre viktige institusjonar. Folk bur i blokker eller små hus, dei fleste
måla i sterke fargar. Rundt husa står det hundesledar, snøskuterar,
terrengbilar, båtar, tørkestativ for fisk og mye anna.
Rundt byen er det høge fjell med blåbær og jaktterreng, og reinjakta
var i gang da eg besøkte byen. I Sisimiut bada eg i eit utadørs basseng –
på Grønland er det berre Nuuk som har innadørsbasseng - medan lufta heldt
ein grei temperatur på rundt ti grader! Der i byen åt eg moskuskjøt på kinarestaurant,
og kjøpte det som skal vere den fyrste grønlandske krimromanen. Han var
skriven på dansk, såklart! Om lag ti prosent av folket på Grønland er
danskar, og dei sit i mange av dei viktigaste stillingane.
Både
kjent og fremmendt
Den
nordiske velferdsstaten er lett å sjå kjenne att på Grønland, butikkane
inneheld dei same varene som danske, dei unge går likeeins kledd som unge i
Hvidovre og Kviteseid. Ja, eg vart overraska over kor nordisk og heimekjent
mye på Grønland var. Mye kunne verke som heime – skulebygningane,
mye av infrastrukturen, stilla på biblioteket, oppslaga om bingo osv. Sjølv
om folketalet på Grønland er lite, og byane er små sett med norske forhold,
så har dei mange av dei same tilboda som byane våre. Ein finn kafear,
dataforretningar, klesbutikkar, bensinstasjonar – mange har bilar, men eg såg
berre éin garasje -, drosjer, gatekjøkken osv. Jamt over ber husa preg av at
klimaet er verhardt, og dei er små. Sisimiut er den nordlegaste isfrie hamna,
og det er den sørlegaste byen der ein bruker grønlandshundar som
trekkhundar. Hundane står over alt, og kattar må haldast innomhus. Da eg
valde reisemål, ville eg sjå ein ”normal” by attåt isfjellbyen
Ilulissat, som eg skjønte at eg burde få med meg. Men det kan hende at
Sisimiut er meir på solsida enn dei fleste, kanskje alle, grønlandske byar.
Sisimiut
var ikkje som eg hadde venta. Byen var rotete bygd opp, husa verka tilfeldig
plasserte i terrenget, og det var mye rusk i gatene og i naturen. Eg hadde
trudd at det var noko meir ordentleg slik sett. Dei sosiale problema var
synlege, men likevel ikkje så synlege som eg hadde venta. Sjølv om grønlendarane
verka snille og greie, er det mye meir vald, mishandling, rusmisbruk og anna
elende på Grønland enn hos oss. Det er faktisk ti til tjue gonger meir
alvorleg kriminalitet på Grønland enn i Danmark. Ei av årsakene er arbeidsløysa,
som er på ca. ti prosent i byane, og truleg høgare i bygdene. Rusmisbruk er
ein annan faktor. Da eg og reisefølgjet mitt skulle ete søndagsmiddag i
Ilulissat, vart vi forstyrra av intense, fulle grønlendarar, og vi fekk
tilrop av fulle folk på gata midt på dagen. Det er visst verre slik sett på
austkysten, der det bur knapt 4000 fordelt på to enorme kommunar.
Med
hurtigruta til isfjellbyen
Frå
Sisimiut drog eg med ”hurtigruta” opp til Ilulissat. Vi har jo avstandar
og avkrokar i Noreg, men dei er ingenting mot dei grønlandske. Det var rart
å stå på dekk og sjå innover snautt, goldt fastland og vete at ingen budde
der, ingen. Det kan finnast fangstfolk der, og i feriar og helgar dreg
visst mange attende til bygdene dei vart tvangsflytta frå.
Byen
Ilulissat har noko over 4000 innbyggjarar, og kommunen er større enn Danmark
i flate. Dette er sjølve turistmagneten på Grønland. Grunnen er fyrst og
fremst alle isfjella som duppar i fjorden rundt byen. Det var fantastisk å sjå
dei – eg hadde aldri trudd at isfjell skulle gjere slikt inntrykk på meg.
Vi hørte det braka i isfjella når isklumpar datt ned i sjøen, og det
eksploderte forsiktig i munnen nå vi fekk suge på is frå isbitar. I
Ilulissat var veret såpass godt at eg kunne gå i shorts, og myggen var berre
litt plagsam. Det var verre med alle bikkjene over alt!
I
Ilulissat er det fleire hotell og turistkontor, og byen er van med turistar.
Eg skjønner godt at folk dreg dit. Klimaet er godt om somrane, og det er mye
å ta seg til med – om ein har pengar, iallfall. Eg veit ikkje om alle
familiar har båt, men det kunne verke slik, og når dei for ut med båtane
sine, skjedde det med full gass. Dei la seg til i passe avstand frå isfjella
og fiska litt, eller drog til ei vik på nistetur. Eg fekk inntrykk av at
livet der var dels som hos oss, med daglege, vanlege gjeremål og
fritidsinteresser, og så noko heilt ulikt – naturen vart brukt meir aktivt
til matauk enn hos oss. Elles såg eg at fleire hadde vinterhagar med blomster
og sikkert andre vekster, og i Sisimiut såg eg at folk dyrka potetar og andre
grønsaker i kasser og bytter. Dei tok sikkert inn kassene når det vart for
kaldt!
Skog
og skog...
Sisimiut
og Ilulissat er velfungerande ”storbyar”, men det var likevel noko slite
og uferdig over dei. Fiskeri er den viktigaste næringa i desse byane, ein del
driv med fangst, og lengst sør på Grønland er sauehald vanleg. Der blir det
også dyrka grønsaker, og nokre få stader finst det noko som kan likne skog.
Trea kan visst bli opp til ni meter høge, men eg har ennå ikkje sett noko
bilde av ein ekte grønlandsk skog. Landet satsar elles på turisme, utan
heilt å klare å trekkje til seg så mange som det er kapasitet til. Vi var
berre to på pakketuren eg var med på, den andre var dansk. Nesten ni av ti
turistar på Grønland kjem frå Danmark.
Korkje
Ilulissat eller Sisismiut har noka avis, men det finst nokre meldingsblad som
kjem ut kvar månad eller så. Båe stader er det nærradio og –tv, og elles
er oppslagstavler viktige for å spreie offentleg informasjon. I dette gedigne
landet finst det berre to aviser, båe blir gitt ut i Nuuk og verkar absolutt
som vaktbikkjer i samfunnet. A.G. er den eldste avisa, og kjem to gonger i
veka. Sermitsiaq kjem berre ein gong, og er den største. Om eg ikkje hugsar
feil, så ligg opplagstalet på mellom 5000 og 7000 for desse to avisene. Det
er låge tal ut frå folketalet, og det verka heller ikkje som grønlendarar
flest var særleg til avislesarar – eg såg få som setet seg ned med avisa.
Båe desse avisene er fullstendig tospråklege, og det vil seie at alle
artiklar og lesarbrev blir trykte på både grønlandsk og dansk. Lokale
media, særleg lokalaviser, manglar som debattarena.
Kva
gjer så grønlendarane for å halde seg orientert? Jau, dei les oppslag. På
oppslagstavlene heng det informasjon om eigarlause båtar, om tildeling av
jaktløyve, om idrettsarrangement og slikt. Diskusjon blir det derimot lite av
på slike tavler, i beste fall skjer det attmed.
Kvalallergi
Eg
sa at butikkane førte det same som hos oss. Nå var jo eg der om sommaren, da
frakteskip kjem med forsyningar jamleg, så eg veit ikkje kva slags varer som
kan mangle om vinteren. Nesten alt er importert, bortsett frå fisk og kjøtt
som dei skaffar sjølve. I kvar grønlandsk by finst noko som heiter Brædtet,
og der kjem fiskarar og fangstfolk og sel dagens fangst. Da eg var i Ilulissat
kom det ein kar og slengde ein nyslakta sel på bordet, og han var tydeleg kry
over fangsten. Eg spurde ein kar om når han åt sel sist, og han svarte at
det var dagen før, og så la han til at han var lei sel. Ein annan stad hørte
eg ein grønlendar fortelje at eine sonen var allergisk mot kvalkjøtt, så
han lurte på om dei hadde noko anna…
Dette
skjedde på restaurant i ei bygd med vel 50 menneske! Der, i Rodebay, sto tida
ganske stille. Folk hadde god tid, nokre tok seg ein morgonøl til arbeidet,
andre sat i sola og prata. I heia bak husa heiv dei søppelet sitt, og utafor
dei små husa låg det dosekker – det finst ikkje jordsmonn til å grave ned
røyr og leidningar. Og vegar fanst ikkje der i bygda. Olje sørgde for
oppvarming, og rutebåten kom med varer til butikken. I denne vesle bygda låg
husa hulter til bulter ved ei naturleg hamn. Det fanst fiskemottak, butikk,
postkontor, oljeanlegg, sørviskontor, kommunekontor, ein knøttliten
brannstasjon, eit falleferdig forsamlingshus, ein kyrkjegard med plastblomster
på gravene, og den nemnde restauranten. Dei turistane som har råd til det,
kan betale 850 danske kroner for ein dagstur dit frå Ilulissat. Med rutebåten
kostar det 440 tur-retur. Rodebay ligg 23 kilometer frå Ilulissat, så
bygdefolket kan bruke slede om vinteren for å komme seg til byen.
Nokon
må reise utafor allfarveg
Kangerlussuaq
var ei heilt anna slags bygd. Her blir mange kurs og møte lagde, og i dei
gamle kasernane var det kafear, treningssenter, overnattingsstader osv. Dersom
ein skal til Grønland, bør ein ikkje nøye seg med Kangerlussuaq. Vel kan
ein sjå reinsdyr og moskusar der, og det gjorde eg, det er visst godt fiske
der og mulegheit til å drive med jakt, men det er likevel eit samfunn som
ikkje viser ein korleis Grønland er.
Mye
av det eg såg, kunne eg nok ha lese meg til. Det er likevel noko anna å
oppleve det sjølv. Eg har møtt ein journalist i kringkastingsselskapet KNR
som kunne fortelje at han dekte heile Nordvest-Grønland og Aust-Grønland frå
kontoret i Ilulissat, og det var ikkje kvart år han kom seg austpå fordi det
var så dyrt å reise. Og eg har hørt grønlandsk nærradio, med same typen
musikk og programstil som heime. I Rodebay fekk eg kaffi av ei som arbeidde på
sørviskontoret i bygda, eit hus der bygdefolket kunne gå for å dusje eller
vaske klede. Eg ante ikkje at noko slikt finst, og eg visste heller ikkje at
den grønlandske blåbæra er knøttlita og søt!
Grønland
har mye bra å by på. Dit reiser eg gjerne attende, og har de 20 000
kroner på lur, må dei gjerne gå til ein grønlandstur! Nokon bør reise
utafor allfarveg også.
Av
Jon Peder Vestad
Lagt
ut på nettet 21. april 2004
Vil du vete meir om
Grønland?
Grønlands
turistråd: www.greenland-guide.gl
Grønlands
Hjemmestyre: www.nanoq.gl
Kalaallit
Nunaata Radio-a: www.knr.gl
Grønlands
Statistikk: www.statgreen.gl
Greenland
Tourism: www.greenland.com |