| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
Garborg og Labråten - mål og namn

I grannelaget til Garborg-heimen på Labråten i Asker, budde det kring førre hundreårsskiftet fleire målfolk. Kjært barn har mange namn, heiter det gjerne, og målmiljøet kring Garborg-heimen hadde fleire namn. Eg har notert Målbakken, Måldalen, Målkroken og Svolkopp.

Målbakken
Steffen Gausemel skriv i boka om Rasmus Steinsvik (1937): «Eit par år etter giftarmålet kjøpte dei [dvs. Marta og Rasmus Steinsvik] seg «gard» ved Hvalstad i Asker. Her i «Veslelia» budde dei i mange år, med Arne Garborg til næraste granne. Steinsvik selde ein tridjedel av «garden» sin til Garborg og ein tridjedel til Ivar Mortensson. Det var i den tida staden vart omdøypt til Målbakken.» (s. 160).

Måldalen
Olav Midttun skriv om Rasmus Løland i etterordet til Lølands Skrifter i samling IV (1942): «I 1904 kjøpte han [dvs. Løland] eit lite hus på Labråten i «Måldalen» ved Hvalstad, attmed Garborg, Steinsvik og målaren Otto Valstad» (s. 331).

Målkroken
Kitty Wentzel har i boka «Fra mitt livs karusell» (1960) ein bolk som heiter «Målkroken». Ho fortel: «Omkring århundreskiftet kom Hulda Garborg inn i mitt liv. Hun ble min gode kamerat til det siste. [..] Garborgs ble bofaste midt nede i Hvalstadbakkene. Labråten het stedet offisielt, men populært ble det kalt Svolkopp. Det var Rasmus Steinsvik, redaktøren av målavisen Den 17de Mai, som kjøpte hele eiendommen omkring 1898 og delte den mellom seg selv, Ivar Mortensson Egnund og Garborg. Garborg fikk hovedbølet med de gamle, opprinnelige husene, hovedbygningen med haven ned mot gamle Drammensveien. Innenfor lå tunet med et lavt og langt rødmalt uthus på den ene siden og den enetasjes Gamlestuen vis à vis. Her fant senere den stillferdige, fine kunstneren Rasmus Lølandet blivende sted. [..] At stedet hvor denne lille kolonien slo seg ned og Garborg heiste
det gamle norske flagget med gult kors på rød bunn fikk navnet Målkroken, sier seg selv. Festlige og verdifulle mennesker var de alle - ikke bare de fastboende, men alle man traff i det alltid gjestfrie Labråten hos fru Hulda. Med Garborg var det iblant en annen sak, for han foretrakk oftest ensomhet med arbeidsro og stillhet fremfor selskapelighet og prat» (s. 117-118).

Svolkopp
Kitty Wentzel nemner Svolkopp. I nærleiken av Labråten var det ein bustad som heitte Svolkopp (Svolk-opp). Svolkopp har såleis ikkje beinveges noko med Labråten å gjera, men Labråten kan sjølvsagt humoristisk ha vore omtala som Svolkopp. I boka har Kitty Wentzel prenta eit brev frå Hulda Garborg. Hulda har skrive under brevet med namnet «Mor Svolkop» (s. 132). Målmannen Henrik Rytter budde ei tid i Svolkopp-heimen. Svolkopp låg i ein bakke, og her måtte køyrekaren av og til bruke svolken på hesten, av den grunn er namnet Svolk-opp kome. Det er i alle fall den folkelege forklåringa på namnet.

Av Gudmund Harildstad

Lagt ut på nettet 24. januar 2001.
     

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |